Logo 6,5kg UNGKAR1.JPG (27408 bytes)
STARTSIDE
OPP
 

2002

08.03 Var ein liten tur på vestsida av Dimna på ei fin lita vik, men heilt dødt.
16.03 031602.JPG (12384 bytes)Var i Ørsta for å prøve årets første sjøaure, Inge hadde tatt med Petter og vi hadde Meieriet som base for fisket. Vi fiska med fluge, men etter kvart auka vinden på, og sia ej berre hadde med #5-stanga så gikk ej over til sluk. Det enda med at eg fikk ein fin fisk på knappe kiloet på ein gul/oransje sluk, mens Inge greidde nygge seg ein litt mindre på fluga, denne var noko skrinn. Petter fikk ikkje fisk, men han fikk æra av å vere fotograf.
22.03 Reiste ifrå Hareid rundt middag for å kome opp mens det enno var igjen litt av kvelden. Når vi kom opp viste det seg at her var det enno full vinter, snøen låg fortsatt på markane, vatna var islagde og det samme var dei fleste fjordane. Vi prøvde litt på Hopen i osen, men ingen ting å kjenne. I staden vart det feira påske.
23.03 032302.JPG (9457 bytes)I og med at mange av dei faste mulighetene var frosne så vart det til at vi leitte litt rundt etter andre muligheter. Inge, Petter og Ole Jakob var i Fuglevågen og Inge fikk ein liten ein, mens ej satsa på Andskotet. Det vart mest soling, men etter kvart dukka heile gjengen opp og Andskotet vart grundig fiska utan resultat. Etter middag måtte vi finne på noko nytt og Arild kom opp med ideen om å prøve på Roksvåg, i vågen ved utløpet av Aurebekken, men her var det fleire minus og lina fraus i ringane, og med det samme lina landa så fraus det is rundt den. Dette ser trist ut!
24.03 032402.JPG (23606 bytes)Igjen var det ut på leit etter aktuelle plassar å prøve, ej og Ole Jakob fiska i Storstraumen ved Bekken heilt sør på sjølve øya, men det einaste som vaka der var ein mink. Dei andre rota også rundt på nye plassar og såg nokre fiskar som vaka utover imot Edøya, men ingen ting å få. Derfor vart det middag i staden. Etter dette måtte vi ut ei lita ykt til, ej og Asbjørn Løvøy for i Fuglevågen, mens dei andre for på vestsida innerst i Skjølvågen. I Fuglevågen var det skikkeleg vinter, mange minus, masse snø og tjukk is over alt, det var kun akkurat i osen som var åpent og her låg ein kobbe å rota. Men likevel greidde Asbjørn å nygge seg ein liten sjøaure heilt framme i osen. Då var dei andre mykje heldigare, dei fikk ein fønvind samtidig som dei fant ei vik full av fisk. Dette resulterte i 3 oppdrettere og to flotte aurar, den største på over 2kg. Den minste på bilde var den Asbjørn fikk. Arild fikk største sjøauren, mens Petter tok største oppdrettaren og siste villfisken.
25.03 032502.JPG (19424 bytes)Morgonen etter var det ikkje vanskeleg å bestemme seg for kvar ein skulle prøve, men igjen var det iskaldt og det hadde friska godt på ifrå sørvest. Men vi såg fisk som vaka, ja faktisk stimar med mange fiskar, og vi fikk dei også til å følgde etter fluga, men med eit par unnatak så ville den ikkje prøve seg på fluga. Etter kvart som det fjøra så vart denne bukta for grunn og vi skvitra oss litt utover, men det friska veldig på og gjorde det etter kvart veldig vanskeleg, til og med å fiske med sluk var veldig vanskeleg. Derfor for vi på leit etter nye plassar på vestsida der det ikkje var full vinter og som samtidig låg meir i ly slik at fiske var mulig. Litt sør for Råket fann vi ei lita bukt der vi var bra i ly. Her fikk Inge ein flott fisk på 1,5kg på eit av første kasta, men til tross for mykje fisking var det ingen andre som kjende meir. Etter middag var vinden komen opp i storm og vestsida var utenkeleg, Inge og Petter prøvde der, men det gikk ikkje. Ej og Ole Jakob tenkte at austsida måtte ligge meir i le, derfor kjørde vi til Hopen og svinga aust, like bortfor fann vi eit roleg område, men vi hverken såg eller kjende noko. Etter det prøvde vi igjen i Roksvågen, men her var det også heilt dødt.
26.03 Neste morgen var det faktisk enno friskare, vi tok oss ein liten tur i osen på Hopen, men her var berre eit kvitt rokk. Det var eit flott syn å stå og sjå nordover holmane, strålande solskinn og kvitt rokk. Værmeldinga var sterk storm så vi slo ifrå oss å få fiske meir, så derfor pakka vi sammen og tok på heimveien.
28.03 Vi var til Nordfjordeid med den nye campingvogna, men her var det snø så vi fikk den ikkje på plass. Derfor reiste ej og Inge via Ørsta på vei heim utan at det vart nokon stor suksess på fangstfronten.
30.03 Vi var i Tuftevatnet å prøvde, Arild hadde vore her og fått sjøaure på over kiloet så det skulle vi sjølvsagt gjere opp igjen. Det vart ikkje dei heilt store, men fikk nesten 30 fiskar, nesten alle på makk utan dupp.
31.03 Igjen var ej og Inge til Ørsta og prøvde sjøauren, men det var dødt og ingen ting å få.
01.04 Igjen var vi i Tuftevatnet, og igjen fikk vi mange fiskar, også denne gongen mest på makk, men ikkje så mange som sist, og heller ikkje denne gongen nokon av dei store.
06.04 Etter ein tur på messa Aktiv Fritid i Sunnmørshallen stoppa vi i Straumane på Dimna etter å ha sett aktivitet, men det einaste vi såg etter at vi kom ned var ein oter og ein stim med mort.
07.04 Ej og Inge var ein kjapp tur i Djupvikvatnet, men her verka det veldig dødt, som om vinteren ikkje heilt hadde slept taket og vi hverken såg eller kjende noko.
13.04 041302.JPG (15561 bytes)Var tilbake i Ørsta for å prøve auren igjen. Vi var tidleg oppe for å prøve fjøra på morgonen. Vi hadde Meieriet som base og det var mykje fisk å sjå i dette området. Både Inge og Petter gjorde det bra som vi ser på bildet, kvar sine 2 fiskar på knappe kiloet. Vi prøvde også seinare på dag, men då var det vanskelegare og det vart ingen fleire fiskar på oss denne dagen. Petter skulle på jobb neste morgen, men ikkje før klokka 9 så derfor bestemte vi oss for å reise til Sæbø for å overnatte der og  prøve igjen tidleg neste morgen.
14.04 Var grytideleg oppe og var komne i Ørsta i skyminga, Petter skulle ut igjen på jobb på første ferja så vi hadde berre eit par timar på oss, men til tross for ei kald natt så var nokre aurar i aktivitet allereie før sola var oppe. Og Petter han var ikkje verre enn at han greidde å nygge seg ein også denne morgonen.
26.04 042602.JPG (20917 bytes)Dette skulle vise seg å verte ei av dei store helgane, fredagskvelden var ej og Inge på plass på Meieriet. Floa var på ettermiddagen slik at vi rakk ikkje heile, men som vi ser nok til at Inge hadde ein flott kveld med tre aurar, den største på vel 2 kilo, pluss ei lita sild som han huka i ryggen med fluga. Fisken hadde no trekt meir bortover stranda vekk ifrå osen, og dei fleste fiskane tok nesten borte ved Rema 1000. Like etter at Inge hadde landa den flotte fisken på vel 2 kilo beit det på ein som var minst like stor med meg. Den oppførte seg veldig fint og følgde villig med, men i det den kom inn på grunna gjorde den eit utras, rulla i overflata og fluga kom. Når fisken oppdaga at den var laus igjen sette den full fart rett ut ifrå land mens den hoppa med jevne mellomrom. Siste gongen eg såg den hoppe var den sikkert 200m ute, det hadde vore noko å oppleve med fluga fast i fisken, men så heldig var ej ikkje. Etter at floa hadde kome fram gav vi oss og reiste til Sæbø der mamma og pappa hadde starta campingsesongen
27.04 042702.jpg (15153 bytes)Etter ein betre frokost utpå formiddagen på Sæbø reiste vi over fjellet igjen for å prøve sjøauren i Ørsta igjen, det var enno ei god stund til fjøra var så lav at badestranda var fiskbar, så vi kjørte ut på sørsida og prøvde på berga i enden av den store vika der. Det var litt vind så vi fiska med sluk, men ingen ting beit. Eg bytta derfor til dupp og sildebitar av silda til Inge. Vi såg nokre fiskar, men ingen viste interesse før eit av siste kasta når eg skulle til å lette duppen ifrå tarekanten. Ein flott hofisk på vel eit kilo beit på og vart berga etter ein frisk fight. etter dette for vi på badestranda, og her var Inge tilbake i mordarmodus. Tre fine fiskar, to på over kiloet. Dette var for bra til å reise ifrå, så vi reiste til Sæbø igjen.
28.04 Søndag var vi med å rive plattingen foran vogna for gjere klart for bygging av spikertelt, etter dette reiste vi over til Ørsta igjen, men i dag var ikkje sjøauren like medgjørleg og det enda utan fangst. Og det skulle vise seg å verte lenge til neste fangst.
Mai I heile mai vart alle fridagar brukte på å bygge platting og stelle til rundt den nye campingvogna. Veret baud heller ikkje til fiske med 25° og strålande vær heile månaden. Vekedagane var det arbeid til midnatt heile månaden.
01.06 00-12 Stokkenes, Eid Vi hadde sett fisk på bruene sidan tidleg i mai, ein månad før normalt, elva var minkande og temperaturen var allereie 10° på vatnet. Vi hadde derfor klokketru på at det skulle verte fisk, men etter den første natta var vi alle fiskelause, og ej ei stang fattigare då grovestanga mi knakk rett av etter eit bunn napp to kast etter midnatt. Det var flugebittegjengen i Herøy & Sande JFF som hadde booka heile sona, dvs. vi var bortsett ifrå meg sjølv, Inge, Petter, Asbjørn og Ole Jakob.
12-00 Stokkenes, Eid Rapporter om storfangster gjennom heile elva kjem oss for øret, 4 på Skipenes, 4 på Langeland, 3 på Staten og ikkje minst fulle kort på alle lenger framme i elva. Det vart første 12 timane tatt fisk heilt opp i 22kg og fleire fiskar over 15kg var mista, og vi hadde ikkje kjent hugg? Heldigvis endra det seg gjennom at Asbjørn hadde på ein fisk på sluk eit øyeblikk i Åbrekkhølen. Men det stoppa med det.
02.06 00-12 Stokkenes, Eid Enda ei natt i elva utan resultat, sona er heilt gjengrodd noko som fører til at fiskeplassane vert veldig begrensa, og antallet fiskarar er alt for stort, i alle fall ei slik natt med motfiske på alle soner. Dette fører til for hardt fiske med null fangst som resultat.
Andre helga Denne helga vart eg sett igjen i ein liten landsby i sørvest Tyskland for å  følge opp ein underleverandør på jobb. Inge var sjølvsagt innafor for å prøve lykka. Han hadde nattkort på Staten og Bjørlo utan at det resulterte i fangst av noko slag.
15.06 02-14 Moen, Eid Denne helga vart det to nattkort på Moen. Fisket har etter første helga roa seg drastisk og no er det langt mellom fiskane, men trua er sjølvsagt på topp etter fjorten dager i syd-Tyskland, uendeleg fjernt ifrå krystallklare norske lakseelvar. Og når då flugesnøret strammar seg på første overfaringa i ein av elvas beste storlakshølar der det 14 dager tidlegare vart tatt laks på 22kg, så vart nok spenninga for stor og enda i eit lyntilslag som enda med snøret oppe i nærmaste tre.
16.06 02-14 Moen, Eid Etter dette var det heilt dødt både første og dette andre kortet. Ikkje såg eg fisk og ikkje kjende eg noko. Første kortet var ej sammen med Inge, mens no var eg åleine mens Inge og Petter var på Alsaker.
19.06 18-24 Ose, Ørsta Hadde bilen på service i Ørsta og sat på med arbeidskompiser innover for å hente bilen. Eg måtte ut igjen på jobb, men lurte meg til eit par timar på Ose før eg reiste ut igjen og jobba halve natta. Når det gjeld fisket så trur eg vi forbigår det i stillhet.
22.06 01-05 Nedre, Austefjord Inge tok fri på fredag og prøvde her i går, 1 pjakk og 2 sjøaurar, pjakken minst. Ej stoppa på vei innover og Inge kom utover ifrå Eid, Inge var sjuk og gav seg mens eg trøyta det til slutten. Og det lønte seg, på slutten greidde eg å nygge meg ein heilt nedunder holmen på nordsida. Det var ein fin aure på 1,1kg. Elva var allereie lita og varm, men ein del fisk likevel.
14-02 Staten, Eid Ej og Inge måtte slå ihjel nokre timar, det stod nokre fiskar framfor brua og det var blant anna dei vi ville prøve på. Eg tenkte renna var ein fin plass å lure dei på, men den gong ei, ej gjorde 6 kast og knytte opp igjen 6 gongar, og då hadde ej fiska der for siste gong. Vi gav oss tidleg då Inge fortsatt var sjuk.
23.06 02-14 Bjørlo, Eid Inge var dårleg i dag også, så ej var på Bjørlo åleine. Kan ikkje sei at noko spesielt har brent seg fast så det var nok ikkje den store turen. Fjerde helga utan resultat og det nærmer seg raskt rekorden min ifrå i fjor med 5 helgar utan fisk.
29.06 02-14 Alsaker, Eid Enno ei helg utan at noko har brent seg fast, dette er deprimerende med tanke på kor mykje fisk som går på elva kvar einaste dag. Fisket har tatt seg opp ein del, men elva minkar raskt og om det ikkje kjem regn så vert det ein tørr ettersommer.
30.06 02-14 Alsaker, Eid Vi er no ferdige med 6 helger uten fisk og tangering av rekorden er eit faktum, dessverre.
4-5.07 22-02 Nedre, Austefjord Ej, Inge og Petter skulle prøve sjøauren denne torsdagskvelden, det var meldt litt regn, men det skulle vise seg å verte vått. Det første ej gjorde var å fylle stølvane og hadde det ikkje vore for det så hadde strømpene vore det einaste tørre, og då gav vi oss når floa var som lavast, noko som viste seg å ikkje vere spesielt lavt. Fjøra var rundt midnatt så ej satsa på ei utrykkning for å kome meg med ferja ut igjen, men akkurat denne natta vart det ingen turer med ambulanse på ferja, men eg sov godt i bilen og var komen på jobb til normal tid.
05.07 12-24 Stokkenes, Eid Igjen er flugebittegruppa i HSJFF på tur, og du kan gjerne lure på kvifor vi då velger Stokkenes som er ei nesten igjengrodd sone omtrent uegna for flugefiske? Ja det lurer ej også litt på, men det ligg nok i at vi alle kjenner sona veldig godt ifrå den tida då her var rydda og tilrettelagt, og derfor vert det ofte til at ein velger det kjente.
06.07 00-12 Stokkenes, Eid Når vi seier flugebittegruppa så snakkar vi om meg, Inge, Svein Tore, Ole Jokob og i tillegg hadde Svein Tore med far Terje Sætre.
12-24 Stokkenes, Eid Elva var begynt å bli veldig lita og temperaturen var komen over det som vert ansett som ideelt for laks, men likevel gikk det ein del fisk, spesielt på natta.
07.07 00-12 Stokkenes, Eid Dette vart mykje prat om alt anna enn fisk, noko som har sin naturlege årsak, trur ganske sikkert at vi fikk nokre småaurar til grillen, men ser ikkje nokon grunn til å utbrodere det. Men dette ordna seg når Svein Tore fikk ein time for seg sjølv på Skipenes, det enda med ein laks på 6,5kg. Sjølvsagt krevde denne litt så den  knekte stanga hans like under øverste ringen, men med livstidsgaranti så var det ingen fare. Helg 7 er for min og Inge sin del ferdig utan skikkeleg fisk.
12.07 18-22 Nedre, Austefjord Sidan fjøra ikkje var lav forrige helg så ville den vere det denne helga, så sommarferien vart starta her. Vi trakka oss nedover til berget, men på andre sida. Det var allereie folk på berget så vi prøvde litt foran naustet, Inge var først ute, han såg nokre fine fiskar og kasta bort duppen. Straks sette største fisken kursen imot makken, stakkars Inge fikk nok noko høgt stimtrykk og idet fisken tok så slo han til alt han klarte. 0,20-sene fikk ikkje ein gong tid til å stramme seg opp før duppen låg langt bak i skogen, sjølvsagt utan krok, trur ikkje fisken forstod heilt kva som skjedde. Men etter kvart greidde han å beherske seg og før vi gav oss hadde Inge fått to aurar, ej ein aure og ein regnbue, og Petter ein flott aure på knapt 2kg. Resten av  fiskane var også over 1kg, med unntak av regnbuen som var akkurat under.
13.07 02-14 Staten, Eid 071302.JPG (17686 bytes)Denne natta prøvde vi heile elva, ej var på Staten, Petter på Stokkenes og Inge var på Moen. Ej for min del hadde ei roleg natt utan antydning til fisk, så lita som elva var og med strålande vær på morgonen vart eg for lei og gav meg i 9-tida, kjørte fram i Åbrekkhølen og snakka med Petter og etter ei stund gav han seg også. Vi kjørte fram på vogna, fikk på oss shorts og kokte kaffi, før vi kjørte ned på Moen for å sjå korleis det gikk med Inge. Det visste seg at også der hadde det vore dødt og fiskelaust. Vi sat ei stund og drakk kaffi før Inge ville ha ei siste overfaring, og sjølvsagt gikk det ikkje mange kast før eit nytt rekordtilslag kom ifrå Inge. Ej rekna med å sjå eit fiskehaud kome siglande igjennom lufta, men i staden stod stanga i tung bue og Inge var på sprang unna elva. Som vanleg var bremsen sett til låst og Inge hang på stanga. Ej sprang etter håven og ikkje lenge etter fikk eg håve ein nydeleg aure på 3,5kg, klokka halv 1 på formiddagen i steikande solskinn, etter bøkene skal ikkje dette gå an.
14-02 Stokkenes, Eid Det varme og nydelege veret fortset og fisken knepper fortsatt igjen kjeften. Ein og annan småaure vert det langs med, men ikkje noko skikkeleg.
15.07 00-23 Nor, Eid Eg har vore mange gongar på Nor og alltid vore i kontakt med fisk, om ikkje anna så mindre brunaure som har slept seg ned ifrå vatnet, men i år har det vore heilt dødt og heller ikkje denne natta var fisken til stades. Dette er andre året med svart hav, noko som truleg skuldast hardt fiske på små fisk. Helg 8 og enno ikkje fisk, korleis skal dette gå???
16.07 02-14 Alsaker, Eid Nattfisket gav ikkje resultat så etter ein kaffikopp så prøvde ej fossekanten, men utan resultat etter enno ein kaffikopp mens Petter fiska fossekanten, gikk ej ned igjen. Etter nokre få kast var eg borti noko som kunne vere ein fisk, men etter mange kast uten resultat var eg i ferd med å gi opp, då bang sat det på ein pjakk. Etter ganske kort tid kom Inge byksende med håven og håva fisken. Inge tok med seg fisken opp igjen for å drikke ut kaffikoppen. Etter nokre få kast, akkurat i det Inge satte seg ned så hang neste fisk på, Inge var mykje tregare no og kom akkurat tidsnok til å håve. Inge sprang no opp igjen etter stanga mens eg satsa på kaffi, men det vart ikkje meir denne natta, men endeleg vart det fisk.
17.07 02-14 Moen, Eid 071702.JPG (24551 bytes)Ej og Inge skulle på Moen og gjere Inge opp igjen forrige kortet som Inge hadde her, men heile natta gikk utan at det vart fisk på oss, men utpå morgonen livna det til og ej åpna ballet med ein flott aure på 1,1kg. Ei stund seinare kom det melding ifrå Petter om at han hadde fått ein flott aure, denne var 2,2kg. No var ej lei og ville opp igjen, men Inge ville prøve ein tur til nedover. Ej sat igjen i bua og ikkje lenge etter kom Inge trakkande oppover igjen med ein flott aure på 3,0kg.
18.07 02-14 Alsaker, Eid Etter enno ei natt med aurefiske benka Petter seg på fossekanten. Etter kvart vart han lei og sette seg derfor ned, etter enno ei heil stund stoppa blyet hans i eit henge og Petter rykkte i stanga for å løyse snøret og plutseleg hang det på ein fisk.Eg sprang ned for å bistå med håvinga, men Petter hadde det ikkje travelt. Men etter ei stund kunne eg håve ein oppdrettar på ca 2kg, endeleg vart også Petter medlem i fossekantklubben, men han har ikkje vore ned fossen med fisk enno då.
21.07 Støren JFF, Gaula 19. reiste vi ut igjen ifrå Eid for å vaske klær og grave med oss nokre makka, laurdagskvelden gikk med til graving så søndag var vi tidleg oppe fekk pakka bilane og sette avgarde. Vi var Ej, Petter, Inge og Ole Jakob, i tillegg hadde vi med Stian Tollås fordi Petter hadde lovt å vere barnevakt. Vi fikk oss hytte på Vårvolden Camping og klokka 23 var vi i fiskinga.
22.07 Støren JFF, Gaula Første natta foregikk i rolige former, det var mykje folk i elva til litt over midnatt, men etter det var vi stort sett aleine. Men var det rolig langs elva, så må du ikkje tru det var meir liv i elva, elva var minkande og det var langt mellom kvar fisk vi såg. Kvelden vart brukt mellom tunnelane, her var det fint, men ei bra kinareise for å kome fram. Etter første døgnet hadde vi sjølvsagt ikkje mist trua og nye kort vart kjøpte.
23.07 Støren JFF, Gaula Ei ny natt vart brukt i elva utan resultat av noko slag. Ej gikk tidleg å la meg då ej ikkje var i slag mens dei andre fortsatte. Neste dag prøvde ej ei stund i nedre del, her vart det tatt ein fin pjakk, men ej kjende ingen ting. Etter kvart kom det nokre regndråpar, men det skulle vise seg at framme i dalen regna det heile dagen og etter kvart steig elva slik at du kunne sjå det. Ej var enno ikkje i slag så ej satsa på å holde køya om natta, mens dei andre gikk på eit nytt kort.
24.07 Støren JFF, Gaula 072402.JPG (21244 bytes)På morgonen gav regnet seg litt og elva begynte etter kvart å minke, det hadde vore veldig bra fiskeri, men våre gutter hadde ikkje kjent noko, men like før det var mørkt fikk Stian låne stanga til Petter, noko som sjølvsagt enda med masse banning ifrå sjefen, men sjølvsagt fikk han på fisk, og ei stund etter at det var mørkt vakna eg av at han kom opp igjen og ville ha fisken stelt. Og etter litt filming og veging av 1.5kg's sjøauren vart den pakka og fryst. Seinare på natta fikk Petter ein sjøaure til på rundt 0,8kg.
25.07 Støren JFF, Gaula No hadde eg kvikna til igjen litt og mens dei andre hadde siesta for ej å kjøpte meg nytt kort, før ej kjørte meg ei runde for å sjekke kvar det ikkje var folk. Og det såg ut til at alle hadde tatt middag for sona var stort sett folketom. Derfor tok eg hølen nærmast hytta, ein slakk roleg sving langs E6 ned imot første tunnelen. Her hoppa fleire fine fiskar, men ingen var interesserte i fluga mi. Lenger bakpå bytta eg til makk utan at det gav noko betring i nappfrekvensen. Heilt bakpå var det så breitt at eg måtte bytte til sluk for å nå heilt bort dit fisken hoppa. Idet eg var komen så langt bak på grunna at eg egentleg hadde gitt opp så beit det, etter ein kort og veldig ujevn fight landa ej pjakken på 1,6kg utan problem. Dette vart sjølvsagt mottatt med fornya fiskelyst i hytta og om Petter og Inge sov etter det er ej ikkje sikker på.
26.07 Støren JFF, Gaula Etter ei ny resultatlaus natt i elva for karane der eg sov etter eit mindre tilbakefall, var vi dagen etter klare for nye forsøk. Det vil sei heilt resultatlaus var ho ikkje for i 2-tida kom karane igjen, då hadde Inge tatt piersing i eine øret med ei stor tung fluge, men etter litt offing var kroken klipt og fluge fjerna, og fisket kunne fortsette. NB: Vi fikk ikkje lov å sette inn ein øredubb i staden, samme kor vi masa. Ettermiddagen satsa vi i nedre del, her fikk vi mykje godt styre oss sjølve og eg var borti eit par fiskar utan å klare å kroke dei. Etter middag for Inge og Petter på nytt på hevntokt noko som skulle vise seg å berge æra for Inge som fikk ein flott pjakk på 2,2kg.
27.07 Støren JFF, Gaula Ole Jakob og Stian kjørte heim natt til laurdag, mens vi andre prøvde eit kort til. Vi fiska oss gjennom første del av natta utan hugg, så ej som enno hang litt etter på grunn av mageproblema gikk til køys. På natta greidde Petter å nygge seg ein aure til på 0,8kg. Og dermed hadde alle bortsett ifrå Ole Jakob berga turen. Søndags morgonen sette vi kursen heim i strålande ver.
30.07 02-14 Moen, Eid Etter kamp med sløve Gaulafiskar vart eg raskt riven tilbake til verkeligheta når vi var tilbake på Eid igjen. Etter ei natt med nokre småaurar så gikk ej fram i fremste for å prøve sluken, etter vel å lenge slo det plutseleg på ein fisk. Eg prøvde å slå til utan at det vart veldig vellykka og eg heiv meg på snella for å få stram line, fisken følgde etter, men etter kvart fikk eg kontakt, i alle fall i eit sekund før fisken raste avgårde så det hylte. Etter ei runde i hølen stoppa den opp og eg sveiva for å prøve å få oppretta kontakt igjen, men i det snøret igjen var stramt klikka det igjen for fisken som gjorde to hopp og raste mot meg og unna elva samtidig. Eg sveiva frenetisk for å holde kontakten med fisken utan å heilt klare det, og i det fisken krasjer i land bråsnur den og set avgarde over elva igjen, mens den ruller vrir og kaster på seg. Den lave vannstanden gjer at her er grusbanken nesten tørr, og med halve ryggen ut av vatnet og vannspruten rundt seg, så raser fisken rundt og mellom steinar mens eg har meir enn nok med å holde stanga oppe. I det fisken bikkar over grusbaren og ned i løpet på andre sida sprett sluken ut og eg vert ståande igjen med kraftig hjertebank og skjelvande hender. Fisken var ikkje meir enn mellom 5 og 6 kilo, men er den desidert mest rabiate fisk eg har hatt på hittil.

Eit par timar seinare står ej i Moahølen og fiskar med makk, midt bak i hølen møtes to straumar og her kan du få vegna til å henge roleg i vatnet utan å synke til bunns, og det var her eg stod og holdt makken. Alt var heilt dødt så eg stramma opp for å  kjenne om eg hadde satt fast, det hadde eg ikkje og slakka derfor bak igjen vegna. Like etter er noko bortpå og nappar som ein liten aure, ej venter litt til og igjen er der liv og eg slår til. Bang bom fast, eg strammar opp for å sjå om det kan vere fisk, alt er roleg, men sakte strammar snøret seg opp og snella startar sakte å gi ut sene. Sakte aukar farta og plutseleg hoppar ein flott laks på ca 10 kg sideveis i straumen, idet fisken landar kjem kroken og fisken er fri.

Enno nokre timar seinare fiskar ej igjen i Moahølen, heilt bak på brekket er det fisk bortpå å eg slår til og strammar opp, fisken heng på. Bremsa mi er hardt stramma og når fisken sig bakover brekket så må eg følgje etter mens det sakte sig av snella. Nokre sekunder seinare kjem kroken sprettande og tredje laksen for dagen er mista.

På slutten av kortet kjem Inge innom og eg tar han med fram i fremste for igjen å prøve sluken, på andre eller tredje kastet går ein laks etter og i det den går etter og bommer på sluken viser den heile blanksida, og bak meg kjem eit kjempehyl, "Han va faen meg 15 kg", det var Inge som holdt på å få hjertefeil i det han trudde fisken hadde tatt sluken min. Ej stod lenge for å prøve å få den til å gå etter ein gong til, men neida, fire sjansa var det eg fikk denne dagen.

31.07 02-14 Bjørlo, Eid Elva er no veldig lita, men eg greidde å mygge meg ein aure på 1,5kg på muddler i Granhølen.
02.08 02-14 Staten, Eid Ej og Inge skulle prøve finfiske på Staten då vi hadde sett ein god del fisk stå her, men det var lite å kjenne, bortsett ifrå at ej hadde etter ein fisk 3 gongar heilt bakpå ved fiskebrygga i fremste delen, utan å klare å få den fast. Denne tok på fluge #14.
05.08 00-12 Stokkenes, Eid Vi prøvde enno ein gong på Stokkenes, vi fikk nokre mindre aurar, Petter fikk også ein på fram under kiloet, men denne fora han katten med. Han la ifrå seg fisken på benken og gikk å fiska igjen, men når han kom tilbake så var fisken vekk. Ein katt som hadde gått der å luska vart den mistenkte, men vi såg ikkje meir av verken fisken eller katten.
09.08 14-02 Staten, Eid 080902.JPG (15178 bytes)Petter og Inge gav opp å reiste heim i dag, ej ville gi laksen ei siste natt. Ej var ned å sjekka på Staten og her stod fisk og det var 4 dager sidan sist her var fiska. Væpna med 0.20-sene og lettaste troda starta ej. Mykje fisk å kjenne var her ikkje, men plutseleg var noko borti. For forsiktig tenkte ej og holdt igjen tilslaget, plutseleg stramma sena seg og ein laks hoppa. Det gikk ei stund før ej forstod at den var fast i snøret mitt, men etter kvart kom ej meg på beina. Med slik tynn vegn er det vanskeleg å styre ein slik fisk, så den raste stort sett rundt i hølen etter eget forgodtbefinnande, eine øyeblikket framme i hølen, i neste bak på brekket. Etter kvart kom ein kar for å sjå på og han skulle vise seg å verte min redningsmann, for fisken den brukte sine siste krefter på å kome seg over brekket. Her vart den hengande død i enden og det var ikkje mulig å få den opp, ned var heller ikkje noko alternativ då tre hindra meg å komme forbi. Så her var gode råd dyre, så tilskuaren fikk stanga, mens eg tok håven og sprang rundt. Ej måtte vade midt opp på låra i lave støvlar, men med ein vanntemperatur på 22 grader så gikk det bra, fisken hang med haude unna elva, dette fordi det viste seg at den var fast bak ved gattet. Dermed var årets første laks berga noko som sjølvsagt vart formidla til dei som hadde reist heim. Seinare fikk ej også ein flott pjakk på samme plassen, denne hadde bite.
10.08 02-14 Moen, Eid Om natta var ej ned på Moen, men her var elva alt for lita så det vart berre to mindre aurar. Etter nokre timar på køya reiste ej også heim.
24.08 00-12 Stokkenes, Eid Ingen ting har brent seg fast herifrå, fortsatt ikkje regn knøtt lita elv.
31.08 00-12 Stokkenes, Eid Ingen ting har brent seg fast herifrå, fortsatt ikkje regn knøtt lita elv.
12-24 Stokkenes, Eid Ingen ting har brent seg fast herifrå, fortsatt ikkje regn knøtt lita elv.
 


Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

06.07.2010