|
|
2001
06.04 |
Vi kom oppover
seint, så vi fikk berre ein snartur i Fuglevågen første kvelden med
flugestanga. Inge gikk først med meg på slep. I det vi kom rundt eit nes
vaka ein aure inne på neste vika. Inge stoppa og drog av nokre meter med
snøre, og kasta rett i vaket. Og bang så rasa snøret av snella og det
var definitivt fast fisk. Fisken vart kjørt greitt, men det drog ut i
tid, dette måtte være storfisk på første kastet, eller så var her noko
som ikkje stemte. Og når vi til slutt fikk fisken inn på nært hold og
opp i håven så forstod vi kvifor, fisken var rykt i ryggfinnen. Men
likevel så var det ein fin fisk på 1,2kg På vei utover og på kvelden
såg vi ploger som kom sigande innover, mest midt etter vågen, men av og
til innanfor kastehold. Vi fiska oss utover imot neset,
og ved skjæret som kjem opp på fjøre sjø, fikk Inge ein aure til. Denne
var litt mindre enn den første han fikk. No vart det etter kvart mørkt, så vi avslutta
og kjørte for å finne oss husrom for natta. Vi hadde tidligare år bodd i
Leiligheta på Forsøksgården, men no fikk vi heile hovedhuset, kun vi to. |
07.04 |
Neste dag var vi
heile dagen i Fuglevågen, sjølvsagt med avbrekk innimellom, sjølv vi
treng mat og drikke. Været var like flott, nordøstlig bris og strålande
sol, men det var kjølig, frost på natta og berre 2-3 grader på dagen.
Med gårsdagen suksess i friskt minne så gikk vi på med god tru, men
denne dagen var ikkje auren samarbeidsvillig, og dei vi fikk til å bite
på flugene våre var skrinne og vart satt tilbake. Men vi hadde ein flott
dag ute i det fri. |
08.04 |
På morgenen og
formiddagen var vi i Fuglevågen igjen, vi starta ikkje før kl.09, men
når fisken var mykje meir samarbeidsvillig, så var det nok tidsnok. Vi
fiska kun med fluge og før vi gav oss når klokka hadde vorte 16 så hadde
vi 8 sjøaurar, ej hadde 6 fiskar mens Inge hadde fått 2 fiskar. I
tillegg hadde vi satt ut fisk også. |
08.04 |
På kvelden gikk vi
fram gjennom Fuglevågsvassdraget og kikka både på elva og fiska i
nederste vatnet. Inge fikk 2 mindre sjøaurar i dette vatnet. |
09.04 |
Vi ville prøve
noko anna og kjørte over til Hopenvassdraget sammen med Odd og fiska
morgenen her. Vi gikk inn på Lisjevatnet og fiska oss rundt heile
vatnet, men vi greidde ikkje få på land fisk. Etterpå var vi ned i elva
og prøvde litt, men her var det heller ikkje noko å få. Sjølvsagt var
dette morgenen når vi skulle vore i Fuglevågen, for dei som var der
fiska veldig godt med fin og blank fisk som kom inn ifrå straumane. |
09.04 |
På kvelden var vi
igjen i Fuglevågen, men no var fiskeriet meir som normalt igjen, og vi
hadde med oss 3 fiskar, ej fikk ein, mens Inge fikk 2. Vi satte også ut
fleire brune fiskar. |
10.04 |
Siste dagen var
vi heile dagen i Fuglevågen, vi fiska mest med fluge og fikk veldig bra
med fisk, men Inge prøvde også sluken nokre få kast, og fikk då denne
flotte auren på 1,6kg litt utfor osen. Ellers hadde vi med 8 fisker
til, ej fikk 5 fiskar, mens Inge fikk 3 i tillegg til den på sluk.
Fisken denne siste dagen var veldig fin, og vi slapp sette ut fisk.
Størrelsen på fisken var også fin, med dei fleste rundt 1kg.
Til sammen dette året fikk vi over 30 fiskar, alle med unntak for ein,
den største, på fluge. Vi hadde med anna vegn, men med så godt fiske på
fluge så var det ikkje nødvendig å leite fram det. Einaste skuffelsen
var at vi ikkje fikk noko når vi prøvde Lisjevatnet i Hopenvassdraget. |
29.04 |
Hadde vore å kjøpt
ny flugestang, ei G.Loomis, og no var været flott med strålande sol og
stille, perfekt for å prøve ut nyestanga. Var innom Straumane og kjøpte
meg nokre nye fluge og kjørte bort på Hasund Mek. for å prøve. Stod her
og kasta for å prøve, og plutselig beit det på ein fisk. Ej tenkte at
det sikkert var mort eller pale, men når den rulla i overflata og skinte
flott i sola så såg ej kva sort det var. Etter ein kort kamp med eit par
fine utras kunne ej håve ein flott aure på 1,3kg. Etter dette var det
rett heim for å koke fersk aure. Fisken var tydelig gammel med orange og
litt seigt kjøtt. |
29.04 |
Når Inge fikk høre
om fangsten dukka han snart opp for å ta ein tur innover i Ørsta, men
flaksa for dagen var oppbrukt, og vi fikk ingenting der inne. |
06.05 |
Var på
Ungdomskonferanse på Oppstryn heile helga, var fleire ganger ned til
vatnet og prøvde, men det var lite å inkje å få, det vart tatt nokre få
småkreder, men ikkje noko skikkelig. Såg ein del fin fisk, men det var
stort sett lenger utpå enn vi rakk. |
11.05 |
Nok ein snartur på
kvelden, denne gangen i Straumane ved brua. Det var fjørande sjø, så ej
starta ved brua og gjorde nokre raske speykast her. Plutselig hogg det
på ein fin aure og etter ein frisk kamp i den harde straumen kunne ej
lande ein fin aure på 1kg. Fiska meg vidare nedover, men kjende ikkje
noko meir. |
12.05 |
Var i Ørsta på
kvelden, men har ikkje rapportert om fisk i mine notater. |
19.05 |
Så var vogna på
plass og vi var innafor for å gjere klart, og då måtte vi ned i
Nordfjorden å prøve auren, men vi hadde heller ikkje her noko flaks med
fiskeriet. |
01.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Vi hadde ikkje
tenkt så mykje på åpninga når vi hadde fått vite at Ole Jakob, Svein
Tore osv. hadde booka Stokkenes, men vi stakk innom G-sport for å
sjekke, og dei kunne ordne kort til oss, ikkje første 12 timane, men dei
12 neste. Vi hadde tatt lang pinseferie og var på plass for å være klar
til kortet starta fredag middag. Mens vi holdt på å gjere klart på
formiddagen kom karane opp igjen ifrå Stokkenes, med ein strålande blid
Ole Jakob med ein flott laks på 8kg. Dei hadde sett laksen ifrå
spiontreet, og med Svein Tore som guide hadde Ole Jakob omtrent lagt
fluga på snuten til laksen. Fluga var ei Hot Orange. Det hadde vorte
tatt nokre fiskar i elva, men når vi kom og begynte så var det lite å
kjenne. Men utpå kvelden fiska ej Fossekanten, og då var noko bortpå å
nappa som ei småkrede. Ej slo til og det var fast fisk. Fisken stod
borti ei lita stund før den snudde med retning ned fossen. Ej la meg på
stanga i håp om å snu den, og fisken kom motvillig imot meg, men svinga
over heilt bakpå brekket og i det den var halvveis utfor løysna kroken
og fisken var laus. Vi såg fisken i det den svinga over, og truleg var
det ein stor pjakk eller ein aure på ca.3kg. Bortsett ifrå denne fisken
var det stille resten av kortet. |
02.06 |
Eidselva Nor
18-22 |
Neste dag fikk vi ikkje kort
nede i elva, så vi hadde oss nokre timer med stanga framme på Nor, uten
at det gav resultat som det var verdt å skryte av. Det vart heller ikkje
meir på karane på Stokkenes. |
03.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Har ikkje notert at noko
spesielt skjedde denne dagen, men det vart i alle fall ikkje fangst på
meg og Inge. |
04.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Har ikkje notert at noko
spesielt skjedde denne dagen, men det vart i alle fall ikkje fangst på
meg og Inge. |
09.06 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
Første helga var det rim på
natta, og samme var det denne helga. Vi snakka med folk som hadde fiska
Bjørlo i veka og då hadde elvetemperaturen vore ned i 2,4°C, no var den
nede i 4°C på natta. Så det var ikkje overraskende at det ikkje vart
fangst på meg og Inge. |
10.06 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
Har ikkje notert at noko
spesielt skjedde denne dagen, men det vart i alle fall ikkje fangst på
meg og Inge. |
15.06 |
Fyrdselva Nedre 00-04 |
Det var fjøre når kortet
starta, og vi var ute i god tid, men det var masse folk og kassa var tom
for kort, vi for å glei å venta og til slutt kom dei med meir kort. Men
når det var så mykje folk så var det folk over alt, og vi fikk ikkje
fred nedover flatene. Derfor fikk vi sjølvsagt heller ikkje noko, sammen
med dei fleste andre. Det vart tatt fisk på floa på morgenen, men då var
vi vekk. |
15.06 |
Ørstaelva Mo
00-06 |
Vi flytta ganske raskt vidare
til Ørsta, og med den gode sesongen som var ifrå åpninga i fjor så hadde
vi god tru, men årets åpning var ikkje som fjoråret. Og eg har ikkje
skrive at noko spesielt har skjedd. |
16.06 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
Pappa enda på sykehus på Eid
etter å ha falt ombord i Måløya. Var å besøkte han i går kveld, såg litt
medfaren ut og han hadde kraftig skallebank og hjernerystelse, men det
ser ut til å ha gått ganske bra. For tredje helg på rad var det
minusgrader på natta, heile -2°C var det når vi kjørte nedover. Vi
starta heilt framme og fiska oss nedover. Det var dødt og kaldt, men når
sola kom så vart det etter kvart varmere. Vi kom ned til Forbygginga
rundt kl.11, no hadde det blitt rett så behagelig.
Inge fiska med
grovestanga i det ein fisk tok bak under skummet. Fisken snudde tvert og
rasa unna elva, Inge fikk etter kvart summa seg og fikk stoppa den ifrå
å gå nedover. Han fortsatte å kjøre på fisken, men den ville stadig
nedover og til slutt kom den seg utfor kanten. Inge sprang etter med meg
i forveien oppe på stien. Til slutt stoppa fisken og ej kunne finne den
nede i stryket, og etter ei kort stund også håve den for Inge. Den
første storauren vi har fått i Eidselva vog 3700g, 10g under Inge sin
personlige rekord ifrå Ørsta.
No hadde vi fått
opp varmen og måtte kaste det meste av klær før vi fortsatte. Når vi kom
opp igjen og kikka på målaren så visste denne ca.25°C. |
17.06 |
Eidselva Stokkenes 02-14 |
Var å besøkte faderen i går
igjen, var piggare i dag, og lurte mest på korleis fisket var. Har ikkje notert at noko
spesielt skjedde denne dagen, men det vart i alle fall ikkje fangst på
meg og Inge.
Mamma for også ut igjen, men mandagskvelden for ho inn igjen og bodde
på vogna eit par dager til pappa kunne være med heim. |
20.06 |
Ørstaelva Ose
18-24 |
Ej var på service med bilen, og
nytta høvet til å prøve litt i elva, men det hadde ikkje tatt seg
nevneverdig opp sia åpninga. Ej gav meg etter eit par timer og reiste
heim på jobb og jobba nesten heile natta. |
23.06 |
Kilselva Heile
00-12 |
Har ikkje notert at noko
spesielt skjedde denne dagen, men det vart i alle fall ikkje fangst på
meg og Inge. |
23.06 |
Eidselva Stokkenes 12-24 |
Sia det var Jonsokaften så var
det sjølvsagt laksefestival på Roti, så det var mykje sollj på fremste
delen. Har ellers ikkje notert at noko
spesielt skjedde denne dagen, men det vart i alle fall ikkje fangst på
meg og Inge. |
24.06 |
Eidselva Stokkenes 00-12 |
Har ikkje notert at noko
spesielt skjedde denne dagen, men det vart i alle fall ikkje fangst på
meg og Inge. |
30.06 |
Fyrdselva Nedre 00-04 |
Så var det nattfiske på vei
innover igjen, vil tru vi fikk fisk, men har ikkje notert at noko
spesielt skjedde denne dagen. |
01.07 |
Eidselva Stokkenes 00-12 |
Har ikkje notert at noko
spesielt skjedde denne dagen, men det vart i alle fall ikkje fangst på
meg og Inge. |
07.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Inge starta
ferien i uka som var, og då starta fisket også. Han fyllte korta fleire
ganger, og miste masse fisk. Har dessverre ikkje lista over fangstene så
ej kan få loggført dei. Når ej kom innover å starta ferien var det
verste rennet over, og det var lite å kjenne. Ej fiska meg nedover og
var komen ned i Bruce når Inge kom gåande. Ej lurte på om han hadde fått
noko, ja ein aure på ca.5kg sa han, den ligg opp med bilen. Når ej hadde
fiska ferdig og gikk fram igjen gikk ej om bilen for å sjå på fisken,
men det einaste ej fant var ein laks på ca.5kg med eit stort hull i
buken. Traff Inge litt seinare og ba om ei forklaring på korleis han
hadde greidd å lage det holet, og det fikk ej. Han hadde vore
bort i noko på Fossekanten og når han slo til så snudde fisken tvert og
gikk rett ned fossen. Han fikk aldri nærkontakt med fisken før han var
komen ned til storsteinen, der han greidde å få den på land. Og då kom
den inn på tvers, med buken øverst og ein stor krok fast i denne. Og rotet
med aure eller ikkje kom av at fisken var litt farga etter å ha stått ei
god stund i elva. |
08.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Så skulle endelig ej også få
åpne kontoen i Eidselva, uten at ej huska kva og korleis, men ej veit at
denne dagen var endelig laksetørka over for min del. |
09.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
|
11.07 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
|
12.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
|
13.07 |
Eidselva Moen 02-14 |
Så var tida komen for årets første kort på Moen for meg og Inge. Vi
fiska stort sett kun Moahølen med makk og fremste med sluk, vi prøvde
oss litt her og der, men hadde problem med å få det til. Utpå morgenen
var ej framme og drog over sluken, hadde sikkert fiska eit kvarter når
plutselig ein fisk fulgte sluken, tok den og svinga rundt. Ej slo til,
fast fisk og den var diger. Fisken seig tilbake der den hadde stått og
stilte seg opp. Eg stod med fullt spenn i stanga og holdt, bremsa var
teita så det var vanskelig å dra av snøre så presset var godt.
Tydeligvis likte den dårlig det, for etter eit minutts tid så satte
fisken avgårde, den raste over hølen, svinga framover og raste framover
så snella hylte og det vart berre eit kvitt strek der sena kryssa
vassoverflata. Fisken stoppa når den var komen heilt fram i innløpet til
hølen, her stilte den seg opp og stanga. Ej kunne ikkje følge etter, så
ej vart berre ståande og holde jevnt press, og etter eit halveminutt så
kom den nedover. Men ikkje slik ein skulle tru, men den kom rullande i
straumen. Ej
tok inn snøre og holdt det stramt, men dette førte til at fisken kom
raskt imot meg, og inn mellom steinane foran meg dit ej ikkje kom meg.
På bildet til høgre ser vi kanalen mellom der eg stod, nede i venstre
hjørne, og der vi ser Inge står, på steinane som fisken vart dratt inn
mellom. Ej turde ikkje gi slakke av frykt for at fisken plutselig skulle
vakne når den kom inn på grunna, og til slutt låg den nesten tørt. For å
unngå at fisken vart liggande oppe på ein stein måtte eg berre slakke av
presset. Fisken låg på sida heilt utslått og eg stod rådvill uten sjanse
til å nå den. Ej prøvde å gi den slakke slik at straumen skulle ta den
og føre den nedover slik at eg kunne ta den inn lenger nede igjen, men
fisken var så langt inne mellom steinane at her var ingen straum. No
hadde fisken retta seg opp igjen og begynt å slå med sporden igjen, så
ej gav den litt line og jaga på for at den skulle komme seg ut i elva
igjen,
og etter mykje
roting så greidde den til slutt det. Fisken retta hovudet imot straumen
og eg gav den slakke og fisken svinga ut i elva igjen. Men den rulla
berre videre, men sia den hadde slakke så gikk den klar steinane og
svinga rundt og ned om meg. Ej tighta til snella igjen og drog den opp
kanalen og inn imot meg. Fisken var no rett nedfor meg, men uten håv
eller klepp så var det kun tailing som gjaldt. Ej steig ned på ein stein
og drog fisken imot meg, bøyde meg ned... og då vakna fisken. Den gikk bananas og rulla og skvetta som besatt, mens ej stod med handa klar.
Plutselig låg halerota i neven min og ej kneip åt, drog og kasta fisken
på innsida av første steinane. Hoppa etter, fikk nytt tak og drog fisken
opp på marka der den var trygg. Fikk bløgga og slått livet utav den, før
ej kunne bære den ned til Inge som lest være lite imponert over laksen
som seinare visste seg å vege heile 9,3kg, og gav meg andre plass på
laksestatestikken for oss gutta. Vi var ikkje borti meir fisk
på dette kortet. |
14.07 |
Eidselva Moen 02-14 |
Natta etter var
vi igjen på plass på Moen, vi starta når klokka var der i håp om å kunne
klare å lure ein eller fleire aurar. I det det begynte så vidt å lysne fiska ej
Moahølen med ei lita #8 Butcher. Plutselig tok ein fisk bakpå, den
oppførte seg fint og kom greitt framover i hølen. Inge var no komen med
håven, men fisken var ikkje klar enno. Den gjorde 2-3 utras og hoppa
borte i hølen. Inge ville gå fordi han meinte det var ein pjakk, men ej
sa at ej trur ikkje det. Fisken var snill og kom etter kvart inn på ei
lita vik. Inge stod her klar med håven, men han såg ingen ting. Han rota
rundt og til slutt måtte ej jage han, og dra fisken fram på grusen. No
såg Inge fisken og lempa den opp i håven så ej kunne få den med opp på
grasbaren. Fisken, ein flott hannlaks vog 6,5kg. Sjølv om vi var ivrige
utover morgenen og formiddagen, så var det ikkje meir fisk som ville
bite med oss. |
15.07 |
Eidselva Stokkenes 02-14 |
|
17.07 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
|
22.07 |
Eidselva Stokkenes 00-12 |
|
23.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Ej og Bjørn var neste natt på Alsaker, og fiskeriet var veldig bra. I
lysninga fikk ej ein liten laks på 3,2kg, på fossekanten som Bjørn kom å
håva til meg, og når denne vel var berga så kommanderte ej Bjørn utpå
berget, og før ej hadde fått hengt opp fisken så hadde Bjørn på fisk.
Etter ei stunds kamp så oppdaga vi at dette ikkje var ein laks, men ein
fin aure. Etter ein ikkje veldig lang kamp kunne ej håve auren for Bjørn
som var ny Eidselv-rekord for gjengen, 4,35kg, berre 100g bak rekorden
for gjengen, som var min ifrå Ørstaelva. Så var det min tur, og igjen
slo det på fisk, denne var litt mindre, men fortsatt laks 3,02kg.
Vi var også fram
på Sanden, og her var det aure som beit, og vi fikk til sammen 3 aurar.
Ej hadde 2 og Bjørn 1.
Utpå formiddagen kom Bjørn fram i buda i Fåhølen igjen etter å ha
prøvd Fossekanten, han spurte kvar fisken stod i Fåhølen, aner ikkje
svarte ej, vi har aldri hatt napp ein gong uti denne hølen. Så gikk han
fram på kanten og kasta uti og bang der hang det fisk på første kastet. Fisken som
raskt visste seg å være ein laks oppførte seg greitt og vart flott kjørt
av ein veldig nervøs Bjørn, og etter ei stund kunne vi håve Bjørn sin
første laks, ein fin fisk på 5,5kg.
Har dessverre ikkje heile lista med fisk vi fikk, men vi stoppa på 7
fisker, vi måtte bak i skogen å finne oss ein stokk å bære fiskene på
for å få dei med oss uten å måtte gå fleire runder. På bildet ser vi
Bjørn som held sin første storaure og foran ligg hans første laks. |
24.07 |
Eidselva Stokkenes 00-12 |
Dagen etter skulle vi prøve å
gjere det opp igjen, huska vi fikk nokre fiskar, men kun ein fisk har
brent seg fast, Bjørn fikk ein aure på 3,0kg i Åbrekkhølen. |
26.07 |
Eidselva Moen 02-14 |
Var igjen på
Moen, og igjen stod lykken den kjekke bi. Fiska fremste hølen med sluk,
hadde no bytta ut grovestanga og Ambassadøren med lettere vegn, så når ein stor laks igjen tok sluken så var ej litt
skeptisk, fisken
oppførte seg fint, men med mindre å presse med så var den hard å styre.
Stod på samme plass som siste, men denne laksen holdt seg i bakre del av
hølen og dermed hadde eg betre kontroll. Det gikk sjølvsagt lenger tid å
trøytte ut fisken, men til slutt slakna den, men då la den seg på
straumen. Ej holdt stramt og fisken svinga berre rundt og enda inne i
steinforbygginga. Ej sprang til for å få den vekk derifrå, og litt
slakke hjalp den å gli ut igjen. No la den seg igjen på straumen og seig
nedover, men ej fikk stoppa den heilt bakpå brekket og begynte å leie
den framover. Hadde håp om å få den fram i kanalen der eg berga den
forrige, men den nekta å være med framom knekken på forbygginga. No
hadde ej holdt på så lenge å rota med kort line at ej begynte å verte
skeptisk på om ej i det heile ville klare på få på land fisken, så ej
bestemte meg for at ej fikk ta inn fisken der ej stod på knekken av
forbygginga, sjølv om ej visste at det ville verte vanskelig å håve
fisken sjølv med 13' ganske mjuk stang i hard straum, men etter nokre
forsøk så bød sjansen seg og ej greidde lure fisken ned i håven. Fisken
var flott og heile 8,1kg, og håven var langt unna for liten. Utpå
morgenen kom Bjørn ned etter å ha sove ei god natts søvn, og kommentaren
var, "Ja, du får laks du". Fiska resten av formiddagen, men det var ikkje
noko meir å kjenne. |
27.07 |
Eidselva Alsaker
02-14 |
|
28.07 |
Eidselva Alsaker
02-14 |
Vi skulle sammen med Inge prøve
å gjenta suksessen ifrå i går, men det var ikkje like mykje fisk her i
dag, men meiner vi fikk fisk også denne dagen, men rapportene mine er
mangelfulle så eg har ikkje lista med fisk. |
30.07 |
Eidselva Stokkenes 00-12 |
|
31.07 |
Eidselva Alsaker
02-14 |
Så kom Inge og
Sindre innover for å gjere oss opp igjen, og igjen vart det ein bra dag,
ej fikk laks og Tore fikk sin første laks på Sanden. Bak Tore ser vi ein
pjakk som ej fikk, denne hadde eit djupt merke på ryggen som hadde
grodd. |
01.08 |
Eidselva Alsaker
02-14 |
|
02.08 |
Strynselva Lysvold |
Så skulle ej
endelig få prøve dei forgjetta sonene framme i Strynelva. Som vi ser på
bildet så var det ein heil gjeng. Ole Jakob, Erik, Asbjørn, Henning, ein
kompis av Henning, og i tillegg var også Tore Hasund og ein Rygg ifrå
sørsida av Nordfjorden sammen med oss. Erik hadde organisert fisket slik
at vi hadde definerte områder til definerte tider og det fungerte veldig
flott. Elva var åpen kun for sjøaure, og det var beslutta at vi skulle
fiske kun med fluge, sjølv om det var muligheter for å prøve også anna. |
03.08 |
Strynselva Lysvold 00-24 |
På kvelden fiska ej Soget, og
etter ei stund stramma snøret seg opp og ein fin fisk han på. Med mykje
tilskuere på veien kjørte ej fisken og kunne etter ein flott kamp håve
fisken, ein pjakk på ca.2,5kg. Sia det var kun aure måtte denne settes
tilbake. Fiska videre og når ej kom heilt bakpå brekket så såg ej ein
rygg komme opp bak fluga mi. Fluga seig sakte over brekket og fisken
hang der med ryggen godt utav vatnet, men når fluga kom innunder land og
slakka på farta så mista fisken interessa og sekte seg og forsvant. Ej
fiska over mange ganger med forskjellige fluger og forskjellige
hastigheter, men ej såg ikkje meir av fisken. |
04.08 |
Strynselva |
Denne kvelden fiska ej og
Asbjørn Oteren, Laksegard og Kirkehølen. Det var dødt, men når ej kom
ned i Kirkehølen så klaffa alt, ej såg straumene var perfekte, lys og
trua var topp, dette måtte værte fisk. Ej brukte mine nylærte
speykunnskap og fiska over det området ej hadde sett meg ut, og raskt
stramma snøret seg. Denne fisken var mindre, men kjempa godt. Dessverre
var dette også ein pjakk på 1,5kg som vart satt tilbake. |
05.08 |
Strynselva |
På morgenen
fiska ej strekket ifrå Soget og ned til fossen foran huset, uten at det
gav resultat. Men Rygg som fiska ved huset huka på denne nydelige auren
i 10-pundshølen. Auren tok ei enkelkrok Mickey Finn med kobbertråd til
kropp. Vekta stoppa på smått utrulige 7,4kg. Bortsett ifrå denne vart
det tatt kun eit par småaurar, mens det vart tatt både laks og pjakk.
Erik trur ej hadde 4 fiskar, så hadde ej 2, og det vart tatt eit par
fiskar til.
Når ej og Asbjørn kom ut igjen til Nesjartun så stoppa vi for å få
oss kaffi med Inge, men han var ikkje komen opp ifrå Alsaker enno. Men
akkurat i det vi satte oss ned med kaffien så kom Inge. Han gikk bak i
bilen og drog fram ein bossekk med noko tungt i. Så tok han sekken å
kasta den inn på platten og det vart eit skikkelig brak. Vi gikk ut for
å sjå og gratulere, men Inge var langt unna fornøgd, dette fordi i
sekken låg ein skikkelig gris av ein oppdrettslaks. Fisken hadde stått
inne på grunna i hølen nedanfor Svadet, foran den store steinen innunder
land på Alsaker. Inge hadde sett den og la sluken foran den, første
kastet vart litt kort, men på andre kastet tok fisken tvert. Fisken vog
heile 10,5kg. Først fikk ej ikkje ta bilde av begge grisane i lag, men
etter litt mas så gikk Inge med på å la seg feste til filmen. |
10.08 |
Eidselva Nor
20-01 |
|
11.08 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
|
12.08 |
Eidselva Staten
02-14 |
|
17.08 |
Eidselva Stokkenes 12-24 |
|
18.08 |
Eidselva Stokkenes 00-12 |
|
18.08 |
Eidselva Stokkenes 12-24 |
|
19.08 |
Eidselva Stokkenes 00-12 |
|
24.08 |
Fyrdselva Nedre 20-24 |
Har skrive at vi fikk 1 aure. |
25.08 |
Eidselva Staten 14-02 |
|
26.08 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
9.9 heime(mamma) |
|