STARTSIDE
FISKEDAGBOK
 

2000

15.04

Dette var andre gangen vi tok turen til Nordmøre og Smøla på jakt etter sjøauren. I år var det berre ej og Inge som tok turen. Vi kom oppover seint, så vi kjørte berre via ytre for å sjekke ut om der var folk. Faktisk var det så pass med vatn i elvane at det var folk i elva å fiska. Men det var nesten mørkt, så vi fortsatte til Forsøksgården der Odd hadde ordna med leiligheta til oss.

Morgenen etter starta vi allereie klokka 08 i Fuglevågen og holdt på utover heile dagen berre avbrutt av middagspause. Vi prøvde også i elva, men her var for lite vatn i dag. Det var ikkje noko godt fiskeri, men vi hadde fått 2 aurar når vi gav oss i skyminga kl.20.

16.04 Morgenen etter ville Odd inn på Lisjevatnet å prøve, og vi slengte oss med. Vi starta kl.09 med å gå dei 15min inn til vatnet. Vi fiska lenge i området mellom der vi kom inn og utosen, men vi fikk ikkje noko. Så fiska vi oss sørover langt austsida av vatnet, men her var brattare og vanskelig å komme til med fluga. Når vi kom fram i osen så åpna det seg meir opp og vi kunne prøve igjen, men det vart heller ikkje fisk her. Når klokka var 16 så pakka vi sammen og satsa på middag i staden.
16.04 På kvelden var vi i Fuglevågen igjen for å prøve, og her var fisken litt meir villig, så vi fikk oss 2 aurar.
17.04 Morgen etter var det tilbake til Fuglevågen, og også denne turen vart det ein aure.
17.04 Når ting roa seg i Fuglevågen i 10-tida, så begynte vi å sjekke andre muligheter, og enda til slutt opp i Litlstraumen, ein rask, men fin straum å fiske med fluga. Vi fiska over straumen mange ganger, men det var veldig dødt, så kl.17 gav vi oss uten å ha fått noko.
17.04 Etter ein kjapp middag, fiska vi kvelden i Fuglevågen, men fisken var ikkje samarbeidsvillig, så vi lunnja.
18.04 På morgenen prøvde vi igjen Fuglevågen, men det hadde vorte veldig dødt, så det vart ingen fangst.

18.04

Vi var no i villrede kvar det var håp, så vi tok ein dag med Smøla rundt og prøvde forskjellige plasser. Mest fiska vi i straumen ved Bekken, straumen ut ifrå Leirvikvågen. Her fikk vi 1 aure.

18.04

På kvelden var vi igjen i Fuglevågen, men heller ikkje no vart det fisk på oss. Morgenen etter orka vi ikkje å prøve ein gong, så vi pakka sammen for å fortsette påskeferien på Oppdal med eit heilt anna fokus enn aure.
01.06 Eidselva Stokkenes 00-24 Vi hadde ikkje vore frampå å bestilt kort til første døgna i det nye årtusenet, men vi stakk innom Henrik kvelden før, og der var det ledig. Så vi hivde oss rundt for å prøve den berømte lakseåpninga. Vi hadde sjølvsagt store forventninger, men etter den elendige 1999-sesongen så var ikkje håpet all verden.

Vi fiska ein halv time før det vart for mørkt til makken, så vi tok oss ein kaffikopp. Når det lysna litt igjen så prøvde ej Svingen, og allereie på det tredje kastet hogg det skikkelig i enden av snøret. Ej slo til og kunne konstatere at fisken sat på. Kjøringa gikk heilt greitt, og etter kvart spakna laksen. No kom den opp i vatnet og viste seg som ein laks på 5-6kg, med vårt ringe skjønn. Fisken viste altså tegn til å tagne, så Inge gjorde seg klar med håven. Ej hadde fisken nesten inn til han ein gong, men når den då raste ut igjen så rulla den seg rundt og gapte opp, og dermed kom kroken. Sjølvsagt eit slag, men no visste vi i alle fall at det gikk an å få fisk.

Så vi fortsatte med styrka tru, men hverken morgenen eller kvelden gav resultat av noko slag.

02.06 Eidselva Stokkenes 00-12 Det var rolig utover natta også, men på morgenen beit det igjen med meg på makken, i Svingen. Ej merka raskt at dette var ein mykje mindre fisk, og det vart egentlig ingen fight, utstyret var litt for grovt til pjakken på 1,8kg. Inge var ikkje til stades no, men berginga gikk heilt fint likevel.

Vi kjende ikkje meir seinare utover formiddagen før vi gav oss og for på vogna for å kvile oss litt ut.

03.06 Eidselva Stokkenes 12-24 Ingen
04.06 Eidselva Stokkenes 00-12 Ingen
10.06 Eidselva Stokkenes 00-24 Ingen
12.06 Eidselva Nor     Natt 4 mindre brunaurar
16.06 Ørstaelva Ose      18-24

No hadde Ørstaelva åpna igjen for laksefiske og ej og Inge skulle prøve oss, til tross for nysnø i fjelltoppane. Elva var stor og fin, så vi starta framme og fiska oss nedover uten å kjenne liv. Derfor gikk vi ned til butikken for å prøve før floa kom fram. På andre kastet framme i straumkanten, der Rossåna kjem inn i Storelva, var noko bortpå makken, uten at den tok skikkelig. Så ej tok to skritt fram og prøvde igjen. Igjen var noko bortpå, og ej slo til, fast fisk og det vart tungt, berre tungt. Stokk var konklusjonen, men så var det liv, og då oppgraderte vi det i enden til å vere ein laks.

Fisken seig nedover, til tross for at ej gav alt utstyret tålte. Fisken viste sporden uten at den svarte til draget i snøret. Etter kvart som fisken kom ned i roligare vatn så slutta den å sige nedover, men ej klarte ikkje å få ein einaste meter på den. Fisken kom etter kvart opp og vaspa i overflata, og ingen forstod korleis dette hang ihop. Etter kvart kom hjelp til på andre sida, og han prøvde å vade ut for å kleppe. Men det førte berre til at fisken seig unna og dermed inn i hardare straum, og  igjen tikka meterene av snella.

No var 100m ute, og fisken hadde sige over imot andre land igjen, og dermed inn i roligare vatn. hjelpa fulgte derfor etter i håp om å komme på hold, men det vart etterkvart for djupt og han måtte gi opp. Sjølv om floa etter kvart hadde komt fram ein del, så var det nok straum til at om den ville nedover, så tikka meterene av snella.

No var 150m ute, og brua var ikkje langt unna fisken. Inge vart jaga nedover med håv, mens ej starta klatringa nedover under trea. Ej såg no ikkje lenger fisken, og etter kvart som ej kava meg nedover meter for meter langs ei supersleip fjøre under 20-50cm med vatn. På utsida av meg hang greinene heilt ned i elva, og stadig måtte ej stikke stanga ned i vatnet for å få sena forbi. Ej hadde ein plan om ikkje å gi meir meter, men mens ej kava så synes ej at fisken fikk fleire meter enn det ej gjorde. Etter 50 meters klatring var ej våt, oppskrapa og fortvila, for her nede låg eit stort dødt tre nede i elva og sammen med stupbratt bare og fleire meters djupne så var min videre ferd blokkert. No hadde ej gjort alt ej kunne, og no måtte ej berre stole på hjelparane mine.

Ej satte hardt imot hardt for å holde igjen fisken, men ej var nesten redd for at den alt var komen ned om brua og dermed tapt. Men når ej no holdt så virka det som om fisken svinga over elva imot mi elvabredd, men så begynte det rase ut sene igjen. Der for den under brua tenkte ej, og det gjorde den visst også nesten, men på veien over så svinga den inn i roligare vatn igjen, og ej greidde å få nokre meter på den. Skulle ej klare å lure den fram hit igjen, tenkte ej, men sia ej visste at det låg fleire velta tre som heilt sikkert sena mi no gikk rett igjennom, så slo ej raskt ifrå meg den tanken. men så stoppa fisken igjen og det vart masse liv i enden igjen. Så var snøret slakt. Det måtte ende slik til slutt tenkte ej, og begynte å sveive inn igjen alle meterene med sene. Ej satte fast i alle trea oppover langs land, men utrulig nok så fikk ej laust igjen og lenge etter at ej hadde hørt Inge passere på stien bak meg, så kunne ej huke kroken i ein av stangringane og kome meg opp på baren. På kroken hang ein skinnfille ifrå fisken som eit lite minne. Stor var derfor gleda når ej kom fram igjen til Inge og såg at han stod der med ein svær fisk. Fisken var ein heilt perfekt sjøaure på fine 4450g, det einaste merket på fisken var at det mangla ein liten skinnbit langt bak på eine sida.

Det heile krevde sjølvsagt litt forklaring, og det Inge sa, var at fisken hadde begynt å svinge over elva, mens den raste imot bru-kara, og at også han trudde den ville fare under brua, men at når den kom inn i bakejva så fikk ej nokre meter som berga at fisken ikkje for under brua. Etter kvart var fisken komen så langt fram at det var nesten fare for at den skulle ende i treet foran som låg ned i vatnet. Derfor vassa Inge ut og fikk håva fisken. Alt livet i enden kom av at han hadde måtta klipt ut kroken fordi han ikkje fikk den laus. Grunnen til at han ikkje hadde stoppa når han passerte meg, var at han ikkje hadde sett meg eller visst kvar ej var. Det vart stor sammenstimling og mykje prating, og det viste seg at det hadde vore tatt fleire flotte aurar i løpet av året.

Til slutt reiv vi oss lause, for Inge hadde ikkje fylt kvota på ein fisk. Vi gikk ned til plenen, og allereie etter få kast hang det på ein fisk. Fisken var hard og seig, men til slutt kunne ej håve auren på knappe kiloet

17.06 Fyrdselva Nedre  00-08 Ej fikk 2 aurar, og Inge fikk 2 aurar
17.06 Ørstaelva Mo       18-24 Ej og Inge ville ut igjen og gjere opp igjen gårsdagen, men vi fikk ikkje kort på kvelden og måtte derfor fiske Mo. Men det var ingen bakdel, for det var bra med fisk på elva. Vi konsentrerte oss om nedre del, på motsatt side av Ose. I starten var det dødt, men ej var fram i svingen eit par gongar, og var i kontakt med fisk alle gongane. Etter eit par timar, når sola lavna litt, så var ej fram igjen med litt finare vegn. Igjen var noko bortpå, ej gav fisken god tid før ej slo til, og dermed hang den endelig. Inge stod nede ved bua, så han kom springande til for å håve. Og det gikk bra, og ej kunne beundre ein flott sjøaure på 1200g.

Inge fortsatte for å få kvota si, men det drog ut litt. Han var fleire gongar fram i svingen, uten å kjenne noko. Til slutt gikk ej fram sammen med han og oppdaga raskt at han fiska alt for nær land. Ej gav beskjed om at han måtte kaste lenger, og bang der satt det fisk på. Kjøring og berging gikk bra, og Inge kunne overta håven med ein typisk Ørstapjakk på 1100g. Dermed hadde vi fyllt kvota og måtte berre pakke sammen og reise derifrå.

18.06 Ørstaelva Ose      18-24 Ej 1 aure og Inge1 aure
23.06 Ørstaelva Ose      18-24 Fiskeriet hadde så langt vore veldig bra, og på vei innover skulle ej og Inge fiske oss ifrå elv til elv. Vi hadde rekna med at Ørsta skulle bli ei rask affære sia her var kvota berre ein fisk. Men når vi kom ned til elva så holdt dei på å stelle til bål på begge sider, og det var fullt av unger som kasta stein og bråka langs elva. Vi fiska i dei hølane som ikkje vart pepra med stein, men det var dødt. Så tende dei bålet på eine sida, og dermed vart eine sida tom for unger, mens dei på andre sida vart ståande å sjå på. Då vart det stille langs elva, og like etter nappa det med meg framme i svingen. Fisken var seig og hard, og det vart ein bra kamp på lett utstyr, men til slutt kunne ej berge pjakken på 1700g.

Ungane var no igang med steinkastinga igjen, og alt var rolig igjen. Ej gikk ned i bilen og skifta og pakka sammen før ej gikk fram igjen for å hjelpe Inge å få sin fisk. Men ungane holdt på, og fisken kneppa igjen. Så tende dei bålet på andre sida, og då sprang alle barna der opp til bålet, mens dei på vår side stoppa opp og stod å kikka over elva.

Inge fiska no akkurat ved neset på Mo, og heilt bortunder land var Inge bort i noko, og han slo til. Det var litt rart i starten, men det virka meir normalt etter kvart. Men så la ej merke til at blyet til Inge var høgt oppe over vatnet, og meinte ej burde sjå fisken, men det gjorde vi ikkje. Så kom det enno eit bly opp av vatnet, og litt etter kom fisken opp og rulla i overflata, her var noko merkelig. Fisken vart kjørt forsiktig, men kampen varte ikkje så veldig lenge før ej kunne håve fisken. Det som viste seg å ha skjedd, var at nokon hadde slitt på fisken før, og Inge hadde huka kroken i blyet. Auren var 1200g. Dermed var kvota full og vi måtte fortsette.

24.06 Fyrdselva Nedre  22-02 I Austefjorden var dei seinare med å tende bålet, så når vi kom dit så var bana full av folk, og vi følte at vi fiska med masse publikum. Og då var det greitt at vi også fikk fisk. Ej fikk 3 aurar, mens Inge fikk 2 aurar. Alle fiskane var fine og veldig feite, men det var villfisk. Vekta på aurane var mellom 1kg og 2kg. Når bålet vart tent så vart folk litt mindre interessert i oss, men likevel hadde vi publikum til langt på natt. Bildet viser alle 7 fiskane vi fikk på vei innover, pjakken med ruggen til.
24.06 25.06 Eidselva Stokkenes 12-12 Ingen
28.06 Åheimselva Thue     18-24 Åheimselva hadde åpna fantastisk og nedanfor brua stod enorme mengder fisk. Og då måtte ej og Inge inn for å prøve oss. Men elva var lita så det gikk ikkje så mykje fisk, og nedanfor brua var det flo. Vi starta i Krikhølen, ej og Svein Tore på Thue og Inge på andre sida. Ej fikk ein fin aure på halvekiloet som ej satte ut igjen i innløpet i Krikhølen, og når Svein Tore starta inne på bakevja og vippa fluga uti for å dra det av snella, så beit ein pjakk på første vippet. Den var ikkje så stor, så berginga av kilos pjakken gikk greitt.

Vi fiska oss vidare nedover, og rett før holmen nedanfor Krikhølen, hadde ej på ein fin pjakk  men den for. Inge kom bak og var også bort i ein fisk, men litt lenger framme. Vi fortsatte rundt svingen, og i hølen inn imot veien var noko til bortpå, men ej fikk det aldri fast.

Vi for fram i Gushølen, her såg vi nokre fiskar, men dei beit ikkje. Så var det ned igjen, og her fant Inge to pjakker langt bak i Krikhølen, som han fikk.

30.06 Ørstaelva Mo       18-24 Ej ingen, Inge 1 sjøaure
02.07 Fyrdselva Nedre   17-21 Ingen
07.07 Åheimselva Thue     18-24 Ej og Inge ville på nytt prøve oss på Åheim. Fisket var fortsatt godt, og vi starta framme dit floa går, men her var elva for lita. Så vi flytta etter kvart ned om brua sammen med dei fleste andre. Også denne dagen var vi på kvar vår side, og etter kvart vart vi ståande i renna ifrå hølen nedanfor brua. Her var elva 5 meter brei, med ei renne som fisken stod i som ikkje var meir enn 1 meter brei. Her stod ej og Inge på kvar si side, vi fiska med identisk vegn, dupp, 0,20-sene og #8-krok. Inge drog fisk i eit strekk, og stoppa ikkje før han hadde fylt kvota med 5 fine aurar på mellom 1 og 2kg. Ej hadde nesten ikkje napp, greidde til slutt å huke på ein fisk, men dette var til gjengjeld ein laks. Denne raste nedover flata, mens ej berre måtte la den gå med heva stang. Og etter 25-30 meter så løysna berre kroken. Prøvde så vidt framme ved brua, men her var så mykje fisk at dei dulta bort i sena heile tida, og gjorde det umulig å ha kontroll på kva som skjedde nedi der.
08.07 Åheimselva Thue     00-06 Etter midnatt hadde floa komt opp slik at fiske nedanfor brua var vanskelig, så vi holdt oss framme i elva, men det var dødt. I 5-tida var vi ned igjen til brua å sjekka, og no var det litt drag her, så vi prøvde duppen, og ej fikk ein aure på 400g, det var alt.
08.07 Eidselva Stokkenes 12-24 Så hadde vi kort på Eid igjen, og Inge skulle fortsette det gode fiskeriet ifrå i går.

Det var dødt første timane, men tidlig på kvelden fiska han Åbrekk, og ved steinen utforbi Spiontreet hogg det på ein laks. Han rapporterte ikkje om store vansker under kjøringa, og som bildet viser så kom den på land. Inge sin første laks nokon sinne var eit faktum, fisken tok på makk. Vekta stoppa på pene 5,9kg. Bildet er tatt i Svingen.

Ej og Bjørn greidde sjølvsagt å gå ut av elva fiskelause.

15.07 Kilselva Heile    00-12 Ingen
16.07 Eidselva Alsaker 02-14 Ingen
17.07 18.07 Eidselva Stokkenes 12-12 Ingen
19.07 Kilselva Heile    00-12 Ingen
23.07 Kilselva Heile    12-24 Ingen
24.07 25.07 Eidselva Nor      21-21 1 mindre aure
27.07 Korsbrekk P.Stadheim 00-24 Vi skippa første timen med fluga, og sov til elva åpna igjen kl.04. Vi hadde sett ein fin fisk på kvelden stå bakpå brekket, så trua var god. Fisken stod der fortsatt når vi starta, men den seig framover og ned i djupet når vi begynte å fiske på den. Vi hadde fått beskjed om å ikkje fiske i samme hølen samtidig, så vi veksla mellom å fiske Stadheimfossen og Fløtehølen. Utpå morgenen var ej lei av å fiske fossen og stakk ned til Inge. Ej sat å drakk kaffi mens han fiska over hølen. Heilt bakpå brekket, innunder land tok ein fisk hardt. Inge gjorde eit skikkelig Inge-tilslag, men snella var for slakt stilt og snøret raste av snella. Fisken fortsatte nedover renna langs land, dessverre svinga elva her, og med eit stort kratt heilt bakpå hølen så la fisken sena langt inn i krattet og fikk stoppa Inge ifrå å henge på. Ej tok med håven og la på sprang, og mens Inge fikk stoppa fisken, så måtte ej følge lina gjennom fleire tre for å finne kvar fisken var. Til slutt var sena komen heilt ned i baren, ej fortsatte nedover, men plutselig begynte den opp igjen. Og der i eit tre, godt over vatnet hang ein liten pjakk å dingla i lause lufta. Ej tok fisken i håven og ba Inge roe seg mens ej løyste kroken. Så kunne han begynne å sveive inn gjennom alle trea, og ej måtte løyse fleire gongar, men til slutt var vi komne fram igjen, ej, kroken og den vesle pjakken på 1000g. Inge vart veldig skuffa når han fikk sjå fisken, han trudde den var mykje større.

Seinare på dag fiska Inge framme i fossen, men det var dødt. Han gikk fram på fremste av dei to nesa og fiska derifrå. Plutselig såg han fisken ifrå tidligare stå inne på bukta mellom nesa. Han senka makken ned foran fisken, og jaggu gikk fisken fram og tok. Ej kom akkurat fram i det Inge slo til, og dermed fikk ej være med å håve også denne fisken, som viste seg å være ein oppdrettslaks på 5,0kg.

Utpå ettermiddagan fiska ej meg nedover ifrå fossen, og når ej kom ned på flata ovanpå Fløtehølen, så fikk ej ein sjøaure på 500g. Utover kvelden var det rolig.

28.07 Korsbrekk P.Stadheim 00-24 På morgenen fiska ej fossen først, men det var heilt dødt. Så tok Inge over og ikkje mange kasta etterpå fikk han på ein pjakk heilt bakpå brekket. Trulig kom fisken akkurat opp når han begynte å fiske. Fisken ville nedover, men Inge fikk den fram igjen, og ej kunne håve pjakken på 1500g.

Seinare på morgenen fiska Inge Fløtehølen, og midt baki hølen beit ein pjakk til på, berginga gikk bra. Vekta på denne var identisk med den forrige 1500g. Vi var ivrige utover ettermiddagen, men været var nydelig, så det var dødt høgst av dag, så Tore reiste til Eid ganske tidlig på dag. Inge fiska sammen med meg ei stund til, men for til Eid i 17-tida.

Sjølv om Inge og Tore hadde reist til Eid, så vart ej igjen ei stund til. Ej fiska stort sett i Fløtehølen, og når ej såg ein fisk som var oppe bakpå brekket så sprang ej til for å prøve. Ej starta litt foran og fiska meg ned imot plassen fisken var oppe. Det var over eit snøre i lengde bort, vel 30m, så ej måtte strekke ut max for å nå bort. I det ej kom bak dit ej hadde sett fisken så kom den opp i  full fart, var borti, men bomma på fluga og hoppa i staden. Ej lot kastet fiske ut, drog inn og kasta ut på nytt. Kasta litt kortare for ikkje å skremme fisken, og fortsatte med eit nytt lenger kast etterpå. Plutselig stramma snøret seg opp, ej løfta stanga, men fisken hadde lurt meg.

Prøvde ein gong til samme taktikk, korte kast og etter kvart lenger, og igjen kom fisken, men no var den meir forsiktig og den viste seg berre med finnene i overflata bak fluga. Ej kom til at fisken hadde mista litt av interessa, så ej bytta ifrå Green Highlander til ei Jock Scott i håp om at den ville få fornya interesse. Ej skalv på hendene og stressa fole, men fikk til slutt knytt på fluga. Ej tenkte det var best å starte langt framme å fiske meg ned på fisken, men ej var stressa og sleit med å få opp den nødvendige lengda, men til slutt fikk ej opp nok lengde, og då stussa ikkje fisken. Den tok fluga, ej gav slakke og letta stanga og fisken hang. Fisken var seig og hard, og det tok lenge før den var klar for håven. Blant anna var den eit par ganger bakpå, men ej greidde å snu den. Den ville gjerne vere bakpå hølen der det begynte å dra på, og her var det vanskelig å få fisken inn for håving med ei lett enhånds. Men etter kvart fikk ej leida den fram der det var roligare, og etter eit par utras så greidde ej til slutt å lure den inn i håven. Ej jubla vilt over min største fisk hittil på fluge, ein flott pjakk på 2750g. Ej fortsatte til klokka var 21:00 før ej pakka sammen og reiste etter dei to andre.

29.07 Eidselva Staten   14-02 Ingen
31.07 Eidselva Stokkenes 00-12 Ingen
01.08 Eidselva Bjørlo   02-14 Med unntak av turen til Hellesylt så hadde siste tida vore slakk. Så når ej og Inge kom fram igjen med kvar sitt kort på Bjørlo så berre lo Tore, Bjørn og Petter.

Vi starta kl.02 i Kastehølen, men det var som før rolig. Derfor begynte vi å fiske oss nedover. På Pinå var det dødt, og når vi gikk derifrå skulle Inge prøve ein ny sti ned i Reitehølen og forsvant rett inn i skogen. Ej gikk langs elva og fiska der ej kom til, og plutselig hang det på ein fisk. Ej hadde grov vegn, men sleit skikkelig i den knallharde straumen. Det var høgt ned, baren var veldig bratt, det var djupt og ej kom ingen vei, kva skulle ej gjere no? Plutselig kom Inge ut av skogen og lurte på kvar han var, og ej var sjølvsagt ikkje sein om å få tak på han til å berge. Og med livet til låns så kom han seg ned å fikk fisken opp i håven. Fisken var ein aure på berre 1800g, men grunnen til at den var så tung, var at den hadde låst kjeften på fullt gap, og i den harde straumen vart den derfor trassig å handtere.

Så var det stille lenge, vi hverken såg eller kjente liv, men i Forbygginga synes ej at ej såg ein fisk stå mellom to steiner, og etter nokre kast tok den. Fisken oppførte seg fint, og det var enklere å berge denne enn auren på Pinå.

Så fortsatte vi nedover, men når vi var komne ned på Øyrane, så var ej så gåen at ej ikkje gadd følge Inge vidare nedover. Derfor satte ej meg på ein stubbe i vasskanten og sat der å fiska. Plutselig var noko bortpå, og ej slo til. Fast fisk. Ej trudde knappast det var mulig, men rykkinga i andre enden var ikkje til å ta feil av, laks igjen. Ej var skikkelig nervøs, men fisken var ikkje vanskelig, og etter berre eit par minutt kunne ej dra min andre laks for dagen fram på sanden.

No var ej fornøgd, og Inge var oppgitt, så vi gav oss, og starta på turen fram igjen. Når vi kom fram på vogna sat karane på terassa, og dei slibrige kommentarane satt laust. Vi sa ikkje så mykje og berre pakka rolig ut av bilen, og satte fiskekassa på marka. Karane lurte på kva ej skulle med den kassa, og lo høgt då ej sa den var full med fisk. Men det vart rimelig stilt når dei kom bort å kikka over kanten. Ein aure på 1800g, ein laks på 4700g og ein på 4500g er ikkje kvardagskost i denne elva.

02.08 Kilselva Heile    12-24 Dagen etter ville karene stad å gjere meg opp igjen. Ej var i grunnen fornøgd, så ej stilte i tøfler og shorts med kun fluge. Bjørn starta fiskeriet med å få ein fin aure på 600g, så var det Inge som fikk ein godt brun pjakk på 1100g. Deretter var det Tore sin tur å få fisk, og det var eit monster, ein regnbue på 3000g. Fisken har fått tilnavnet "Taksteinen" på grunn av kroppsforma. Til slutt var det Inge som fikk fisk, ein flott pjakk på 2100g.
07.08 Eidselva Alsaker   14-02 Ingen
09.08 Eidselva Bjørlo   02-14 Helga etter ville gjerne Inge på Bjørlo for å ta havn ifrå sist vi var der. Inge starta framme i Kastehølen, og det gikk bra, for etter berre 10 minutt hang ein fisk på fluga. Og når Inge fikk fisken på land så viste det seg at den var identisk med auren ej fikk forrige helg, på 1800g. Vi fortsatte til etter det var lyst då vi bestemte oss for å begynne nedover. Inge ville gjerne prøve sluken først, og huka på ein nydelig pjakk på 2600g.

No såg vi for oss at Inge skulle ta ein grusom hevn, men etter kvart som vi fiska oss nedover og ikkje fikk meir så bleikna hevnen. Når vi kom ned til Måløyhytta så var det varmt og godt, så vi kasta alle utapåklær, og fortsatte i kun t-skjorte. Vidare nedover virka det dødt, men når vi kom ned på Sanden så fiska Inge i hola frå enden av voren, mens ej gikk over brua og fiska hola ifrå muren nedanfor det store treet. Etter ei stund kasta ej heilt over elv, inn i bakevja, men her fikk ej ikkje snøret til å gå skikkelig. Plutselig begynte snøret å gå framover, så ej letta stanga og slo til. Ein liten pjakk gav ingen stor kamp, og Inge rakk akkurat å springe over brua og ned for å håve. Vi fortsatte å fiske her, Inge kjente ikkje fisk mens ej gjorde meg klar, og på mitt andre andre kast beit det på ein pjakk til. Denne var like liten, og kampen derfor like enkel. No var tida snart ute, så vi fiska ut, uten at det var noko meir. Dermed bleinka hevnen til Inge enno meir. På bildet står Inge og held på sine to fisker, mens mine to pjakker på 1100g ligg på rekkverket foran Inge.

10.08 Korsbrekk P.Stadheim 00-24 Det hadde no vorte mykje kaldare enn sist vi var her, snøen låg faktisk fersk oppe på 12-1300m som eit lett melisdryss. Elva hadde gått mykje ned.

Igjen skippa vi natta, og starta på morgenen. Ej starta i fossen, og etter berre nokre få kast beit det. Fisken gikk fram og ned, men kjøringa gikk greitt, og etter nokre minutt kunne ej håve ein flott pjakk på 2200g.

Utover morgenen var det rolig, men ein av gangene ej kom ned når Inge fiska Fløtehølen, så la ej merke til at han ikkje fiska skikkelig bakpå hølen. Så når tida var der for at ej skulle ta over, så fiska ej framme med grov vegn, og bytta til fin vegn bakpå og fiska lenger bak enn Inge hadde gjort. Dette resulterte i at ej greidde huke på ein sjøaure. Kjøring og berging gikk bra, og etter litt kunne Inge håve ein fin aure på 600g. Utover dagen vart det veldig dødt.

11.08 Korsbrekk P.Stadheim 00-24 Morgenen etter hadde vi sjølvsagt god tru igjen, men det var like dødt som kvelden før. Heller ikkje var det noko fart i fiskeriet utover formiddagen. Vi kjørte derfor fram å pakka sammen på hytta, så fiska vi ei stund til utover ettermiddagen før vi gav oss.
18.08 19.08 Bondalselva Nedre del 21-03 Ingen ville være med på tur denne helga, så ej tok meg ei helg på Sæbø for å prøve sjøauren. Pappa hadde meldt om godt fiskeri, men det var mykje små fisk, men nokre større. Ej starta i 21-tida å fiska utover kvelden, men det var rolig. Otto Rødseth fikk eit par småkrede, ellers var det ingen som fikk noko. Ej gav meg eit par timar etter at det vart mørkt.
09.09 Eidselva Stokkenes 00-24 Ej og Inge skulle avslutte elvesesongen på Eid, med eit døgn etter sjøauren. Men som dei føregåande åra så var elva fri for sjøaure, og ikkje var her allverden av anna heller. Men Inge nogg seg ein fin pjakk på ca. 1900g på Auregrunna.
 

 

OPPSUMMERING 2000

Vi starta ikkje det nye fiskeårtusenet før midt i april då vi for andre gang besøkte Smøla. Fisket dette året var litt dårligare enn året før, men vi fikk nokre fiskar. Så vart stanga lagt vekk igjen for å verte leita fram igjen til lakseåpninga 1.juni. Og då starta også unnasluntringa med loggføringa.

Lykkeligvis stakk vi innom Henrik før åpninga, og han hadde kort. Og etter nokre kast ved midnatt, og 2 kast etter det begynte å lysne, så hang første fisken, ein flott laks som dessverre slapp før den kom på land. Men neste dag berga ej æra med ein pjakk. Så vart det nokre fiskelause helger før småelvane åpna. Vi starta i Ørsta, og der fikk ej endelig ein aure som viste kven som er aureguruen, 4.45kg.

Fisket framover var fantastisk i alle elvane våre, og vi hadde fast rituale med åta kvota i Ørsta, så ta eit kort i Austefjorden før vi fortsatte til Eid. Jonsokafta var spesiell med totalt 7 fisker, 4 på meg og 3 på Inge. Så prøvde vi Åheim der elva kokte med laks, men der ej ikkje hadde suskess, mens Inge fikk 7 fiskar.

Så fikk også Inge sin første laks, 5.9kg på Stokkenes, før det vart ei rolig periode. Så skulle vi prøve Korsbrekkelva, og det vart ein flott tur. Inge fikk mest, men ej hadde største opplevelsen med storpjakken som var etter 3 gange før den tok når ej bytta fluge.

Deretter var det tilbake til Eid der ej hadde ein kjempetur på Bjørlo, så var det på Kile vi fiska godt, før vi helga etter hadde enno ein flott Bjørlotur. Så var det Korsbrekk igjen, og no var det berre ej som fikk fisk. Året vart avslutta med aurefiske i Bondalen og på Stokkenes der Inge fikk ein pjakk.

 

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

06.07.2010