STARTSIDE
FISKEDAGBOK
 

1999

31.03

Ej og Inge var på Sæbø i Palmehelga, men det var veldig grått og trist, så det vart lite fisking, men vi tok oss ein tur i griseværet for å sjå etter all oppdrettsfisken som hadde dukka opp i Voldsfjorden uten at nokon visste kvar den kom ifrå. Inge kjørte først til Volda, der vi snopa og kjøpte Manic Street Preachers. Så fortsatte vi rundt fjorden, og stoppa i Austefjorden å gjorde nokre få kast mellom regn og sluddbygene, men det vart ingen fangst. Vi såg fleire fiskar hoppe bortpå fjorden, sjølv om vinden var frisk og været dårlig.
02.04 Smølværingen Arild Kirkenes hadde lenge anbefalt oss å prøve sjøauren på Smøla, og no hadde vi bestemt oss for å følge rådet og prøve ein påsketur nord dit. Det var ej, Inge og Petter som tok turen. Arild hadde ordna med overnatting på Forsøksgården, i leiligheta, der det var heilt greitt. Vi tok laust Skjærtorsdag, og kom opp like før det var mørkt, så vi var ikkje å prøvde, men tok oss i staden ei pils sammen med broren til Arild, Odd som fortalte om fisket, plassene og mulighetene.

Vi starta formiddagen etter med ein tur i Fuglevågen, det var dødt, men vi greidde nygge oss 2 mindre aurar. På ettermiddagen var vi tilbake, men det var ikkje mykje betre då. Derfor gikk vi fram på Fuglevågsvatna for å sjå om der stod igjen fisk i vatna, men det var berre småaurar å få.

03.04 Morgenen etter foreslo Odd ein tur fram på "fjellet", og vi hengde oss på. Vi fiska oss ifrå vatn til vatn, men myra var forferdelig tung å gå i, så når karane ville fortsette fram på Sandvatnet så vart ej igjen og fiska i fremste enden av fremste Fuglevågsvatnet der vi hadde fått ein liten aure. Karane var ikkje så veldig lenge borte, men dei kom igjen med ein aure til, heller ikkje denne veldig stor. På veien ut igjen gikk vi meir direkte imot bilene, denne veien hang ej betre med, mens Petter no etterkvart vart tom og sleit veldig i dei store neoprenevaderene i varmen og solsteiken.
04.04 Så skulle vi få oppleve å fiske i straumane på sørvestsida av Smøla. Arild hadde fortalt mykje om det fantastiske fisket ute i straumane som kunne verte som store elvar på rette plassene. Så tidlig på morgenen starta vi med å hente båten hos Odd, og kjørte den til osen på Hinnåa. Etter å ha dorga ei lang, men resultatlaus runde så fant vi høgaste holmen og gikk på land der for å drikke kaffi og sjå oss litt rundt. Her fant ej ei stor fjør ifrå ei ung ørn som ej tok med og satte i hatten.

Etterpå tok vi ei runde inn på ein av dei innerste vågane, og i straumen inn dit så beit det endelig på med meg. Fisken var ikkje så veldig stor, ca.600g, så berginga gikk greitt.

Vi prøvde oss på å gå i land i ein fin straum for å prøve fluga, men det enda ikkje med meir fisk. I det vi passerte ein av dei mange holmane så såg vi ein mink. Odd svinga oppunder land og før vi tok land var bikkja komen på land. Etter mykje møje fikk den endelig tak i minken, og rista den til den var død.

På vei innover igjen beit det til slutt på ein liten aure med Petter, men denne var ikkje meir enn knappe halvkiloet.

14.04 Tuftevatnet
21.04 Aspevika, 1 aure
21.04 Tuftevatnet

28.04

Tuftevatnet
04.05 Djupvikvatnet
12.06 Eidselva Stokkenes 00-24 Første helga var ej på Sæbø.

Dødt

13.06 Eidselva Stokkenes 00-12 Dødt
15.06 Fyrdselva  Nedre     02-06 Sia det var laksestart i småelvane på ein tirsdag, så var det jobb dagen etter. Så ej reiste tidlig innover og gjorde meg klar før ej la meg bak i bilen og sovna tvert. Hadde rekna ut at ca.kl.02 var det vits i å starte nedanfor, så då var ej oppe og klar. Men til tross for at ej holdt på utover natta til klokka var 06, så var det lite å kjenne. Fikk ein grensefisk som ej satte tilbake, det var alt ej fikk før ej satte meg i bilen å kjørte ut igjen på jobb.
18.06 Fyrdselva Nedre   20-24 Så vart det helg og turen gikk inn igjen i Austefjorden. Vi hadde venta mykje oppdrettsfisk i elva etter all oppdretten som rømte, og som vi såg i påska, men heller ikkje denne helga var her oppdrettarar. Men her var nokre grensefiskar, Inge tok 3 som vi ser, mens ej satte tilbake eit par stykker som ej fikk. Har ikkje notert at Ståle, som vi ser bilen til bak Inge, fikk noko.
19.06 20.06 Fyrdselva 20-04  
20.06 Fyrdselva 20-24  
23.06 Hareidselva 18-23 Når ODIM no hadde flytta i Hjørungavågen, så såg ej for meg at det kom til å verte litt fisking der på vei til og ifrå jobb, så ej kjøpte meg årskort, men det vart med denne eine turen. Inge kom nordover og ville også prøve. Vi visste ikkje heilt kvar vi skulle prøve, så vi starta oppe på flata då vi såg to fine pjakkar som stod ved ein stein foran brua. Men det var ikkje mange kasta så var dei på full fart vidare framover elva. Derfor fiska vi oss nedover, men det vart etter kvart bratt og vanskelig med fluga. Uansett så gikk vi å lurte fluga ned bak steinar og i små holer, uten at det hjalp. Nedfor brua var det fint igjen å fiske, men det var ikkje noko å kjenne der heller. Vi gikk vidare nedover og kryssa elva på ei lita gangbru, før vi fortsatte ned i osen. Her var brukbart å fiske, og det gikk fisk her også, men bortsett ifrå nokre mindre kreder, som vi satte ut igjen, så fikk vi ingen ting. Vi trakka oss fram igjen, og framme ved brua møtte vi Aasmo som bor like ved, han kunne fortelle om eit par fiskar, men ikkje noko storfiske. Han kunne også fortelle oss at i osen var det ikkje lov å fiske, elva var stengd ifrå gangbrua og ned. Vi prøvde litt til nedover ifrå brua til bratta starta, men det var dødt, så vi gav oss ikkje så lenge etter.
26.06 Fyrdselva 01-09 Så kom oppdretterene til Austefjorden, sjølv om ikkje alt vi fikk var det så vart storparten dessverre feil sort. Ej fikk 4 av fiskane, mens Inge fikk 5 av dei.

Her står vi foran vogna på Sæbø, og held kvar sin oppdrettar på vel 1kg. € av fiskane var over kiloet, mens dei 5 andre var mindre.

27.06 Fyrdselva  03-07 Natta etter var vi inn igjen for å sjå om der var fleire oppdrettere å få, men det skulle vise seg å verte ein hyggelig tur, spesielt for Inge.

Igjen fiska vi nede ved berget, men det var ikkje her fisken som tok stod, men derimot ca 100m lenger nede.

Den største av fiskane var fram imot 2kg, uten at ej he notert nøyaktig vekt.

02.07 Fyrdselva 19-23  
03.07 Kilselva 00-12  
04.07 Kilselva 00-12  
10.07 Eira   Nauste  00-24 Vi hadde lenge vore nysgjerrige på Eira, ei av dei gamle kjempene i fylket. Så når ej og Inge skulle prøve oss i Trøndelag, så kjørte vi via Åndalsnes til Eresfjorden der vi stoppa på campingen for å prøve lykken. Det visste seg at der dei solgte kort på campingen var nede i flomålet, men vi var ikkje ukjende med å fiske der i andre elvar, så vi hadde god tru. Vi spaserte oss fram og såg på den flotte sona ved Engelskhuset, og gjorde oss klare til floa begynte å gå ned utpå natta.

Vi starta på morgenen når floa var komt ned ein del, og fulgte floa nedover. Det var fint å fiske med fluga i svingen, men til tross for det så var det ikkje noko å få. Men når vi kom ned i nedre del, så tok ein regnbue fluga til Inge langt bakpå, og vi håpte på at det skulle være starten på eit godt fiskeri, men den gang ei. Og etter kvart kom floa, så då tok vi ei pause.

På ettermiddagen, etter grilla regnbue, var det på igjen med ny frisk, men no enda vi bak ein kar på andre sida, så vi ikkje fikk fiska på jomfruhølar, og derfor vart det ikkje fisk på oss.

11.07 Eira   Nauste   00-24 Neste morgen var det på an igjen, denne gongen vart resultatet ein aure på meg i samme hølen, men noko lenger framme. Etter kvart kom det meir folk, så vi gav oss tidlig då det vart trangt.

På ettermiddagen var det ny runde, uten at det gav resultat, mest fordi det no var mykje meir folk i elva enn dagen før.

13.07 Stjørdalselva 18-18 Vi pakka sammen og starta turen nordover tidlig. Ej var litt fyllesjuk, så Inge kjørte. Vi kjørte fram i Eikesdalen og opp den gamle anleggsveien til Aursjøen. Dette var ein spektakulær kjøretur i nydelige omgivelser, heilt til vi kom ned til Sunndalsøra gjennom Litledalen.

På kvelden når vi kom opp i Stjørdalen fikk vi oss hytte på Torpet Camping på Hegra, og etter å ha fått innlosjert oss, så var det sightseeing langs elva for å finne kvar vi skulle prøve oss. Vi var ned til elva og kikka fleire plasser, og fant nokre fine plasser.

Morgenen etter var vi ned til Stjørdal sentrum å handla, og då var det sjølvsagt Sakshaug som var hovedmålet, for å bunkre meir fiskeutstyr. På veien fram igjen stoppa vi på ein bensinstasjon og fikk oss kort. Så var det bort på hytta for å gjere oss klare. Inge greide å knekke skjærpinnen på sveiva på den nye snella han nettopp hadde kjøpt, men ej fikk reparert den med ein kroklegg, slik at han kunne gå i elva.

Vi fant oss ei sona i nedre del av elva, i flomålet, sone 18 eller 19 trur ej det var, som såg veldig flott ut. Vi fikk ikkje bruke makken vi hadde med, då all makk måtte være lokal, så vi måtte nøye oss med fluge og litt sluk, men det gikk no. Det vart tatt eit par pjakkar, men vi kjende ikkje liv. Morgenen etter var vi ned igjen å prøvde på samme sona, men det var ikkje så mykje meir fart denne økta.

14.07 Stjørdalselva 18-18 Andre kvelden var vi ein snartur ned igjen, men no var her så mykje folk at vi prøvde finne oss ei anna sone. Vi prøvde sone 17, men her var bratt og vanskelig ifrå sørsida, så vi flytta framover til sone 14. Her var det bra, men det var ikkje noko å få. Rett før det mørkna var det nokre få dråper i luft, så vi pakka sammen og gav oss når det mørkna. Neste morgen var det også litt regn i lufta, men det hadde vore meir lenger framme, for elva hadde steget med ein meter. Ho hadde også vorte skikkelig gjørmefarga, så vi orka ikkje å prøve siste morgenen. I staden pakka vi og kjørte til Sverige på Harrytur, med masse brennevin i bilen. Vi fant aldri noko pol på andre sida, men likevel hadde vi nok sprit i bilen til å verte stoppa begge veier om tullen hadde vore ute. Vi kjørte via Orkdalen tilbake, og stoppa på Vormstad over natta, men vi var ikkje bort i elva å prøvde.
19.07 Ørstaelva Ose        21-03  
20.07 Bondalselva Nedre del 21-03  Ej og Inge var inn til Sæbø då vi trudde her fortsatt var åpent for laks, men også her var sesongen for laks berre 15.6-15.7. Men vi bestemte oss for å prøve likevel, og som vanlig kom Inge best ifrå det, då han fikk ein flott aure på 1,5kg på fluga.
22.07 Kilselva Heile     00-12  
23.07 24.07 Eidselva Stokkenes 12-12  1 pjakk
25.07 Eidselva Stokkenes 00-12

 

Ukjent dato

Mens vi andre sleit oss gjennom ei lang natt nede i elva, tok Tore det med ro, og fiska rolig på Nor. Like før klokka var 12 oppdaga han ein fin aure som stod utanfor depotet. Han prøvde den først med makk og dupp, men straks vegna nærma seg så vek fisken unna. Tore plukka derfor av duppen og fiska lett etter botnen i staden, og bang der tok den. Fisken var sprek, men til slutt fikk Tore has på den, ein flott aure på 1,0kg.

30.07 Fyrdselva 18-22  
31.07 Eidselva Langeland 14-14 Vi fiska nesten heile dagen, men det var veldig dødt, også i makkapøsa til Inge. Vi såg eit par pjakkar og mindre aurar som hoppa, men ellers var det stille. Men utpå formiddagen oppdaga vi to fine fisker som stod langt bakpå i Ledet. Inge fiska på dei, men sleit med å treffe dei, men ved å samarbeide så kom vi til at han måtte kaste heilt bortunder land for at makken skulle treffe fiskane, og bang der sat ein av dei. Fisken gikk bananas i det harde straumen og raste avgårde, men Inge satte hardt imot hardt, og det enda med at fisken svinga rundt som ein pendel, samtidig som den steig i vatnet. Til slutt var den komen opp i overflata der den snerte rulla seg av kroken til Inge.
14.08 Eidselva Staten    14-02 2 pjakk, 2 aura
15.08 Eidselva Langeland 02-14  
27.08 Eidselva Stokkenes 12-24 Etter ei frihelg når ej var heime for å døypte Dina. Var det tilbake til Eid.

19-24

1 pjakk

28.08 Eidselva Stokkenes 00-24 På morgenen fiska ej etter auren i Åbrekkhølen når brått noko var bortpå å plukka. Ej slo til, og kjende raskt at her var det fin fisk i enden av snøret. Fisken brukte heile hølen fleire ganger, og var faktisk oppe eit par ganger å prøvde å flyge også. Av og til gikk den tungt på botnen, og andre ganger rota den rundt ioverflata, noko som gjorde at ej fleire gangar under veis skifta meining imellom storaure og storlaks. Etter kvart hadde ej fått publikum på motsatt side, og når ej endelig kunne lande fisken som no formelt hadde blitt laks, så stod jubelen i taket på begge sider av elva. Sia laksesesongen var slutt måtte laksen, som var ca 6,5kg, verte satt tilbake til sitt naturlige miljø. Men når ej tenker tilbake på det, så er det ikkje umulig at dette faktisk var ein oppdretter som hadde gått lenge i frihet.
29.08 Eidselva Stokkenes 00-12 1 pjakk
10.09 Eidselva Stokkenes 12-24

Etter ei helg i Gjerdsvika var det tid for å avslutte den siste sesongen i årtusenet med ein Eidatur sammen med Petter.

Det hadde vore ein ny tørr sommar og høst, Eidselva har aldri vore så lita som denne hausten, men fiske har her vore heile tida. No hadde ho gått opp 17cm på målaren i Anfinnhølen, men var fortsatt veldig lita.

På ettermiddagen fiska ej Hegresvingen, mens Petter stod i Mastehølen. Ej fiska med lettestanga, 0.20-sene og #8 krok, det var tross alt aure vi fiska etter. Plutselig var noko bortpå å plukka, og ej slo til. Fisken vart fast, ej fikk tak i Petter, og etter nokre minutt forstod vi at dette kom til å ta tid. Fisken hadde god styring, den hadde tyngda og straumen på sin side, men vi hadde ingen tanker om å gi oss for det. Men etter eit kvarters tid så fikk ej den inn på innsida av straumen, og etter eit par utras til så var den min. Etter eit par tre kjappe bilder vart den satt tilbake. Laksen på ca.3kg trengte ca.5 minutt å komme til hektene igjen, men den overlevde nok til å vidareføre slekta.

11.09 Eidselva Stokkenes 00-12 På morgenen fikk Petter ein pjakk på 1,2kg, så var det min tur i fremste delen av Åbrekkhølen å få ein pjakk på 1,2kg. I tillegg sleit ej på ein pjakk i Svingen. Når ej seinare fiska i Åbrekk igjen så såg ej at ein diger laks hang bak makken min og var over middels interessert i den. 8-10 kilos laks på 0,20mm sene hadde ej lita lyst til, sjølv om det var straumstilt og elva var lita. Derfor sveiva ej raskt inn, men laksen kom etter og det var med nød og neppe at ej fikk makken ut av vatnet før laksen nådde tak i den.
23.10 Sædalen, kl.11-15, fangst 10 aura
 

 

OPPSUMMERING 1999

Ennå eit år var ej ein slask å føre logg, men har fått ned ein del info i alle fall. Året starta med nokre våte dager på Sæbø uten fiskevær, før vi skulle prøve sjøauren på Smøla. Dette vart ein flott tur, med brukbart fiske på fluga. Framover våren var det dei lokale vatna som fikk besøk, før laksesesongen starta med bomtur på Stokkenes.

Ifrå åpninga i småelvane, 15. juni, var det Fyrdselva vi stort sett besøkte, med varierende resultat. Vi prøvde også Hareidselva på jonsokafta, uten at det vart fangst. Ferien starta med tur nordover, først til Eira der vi fikk til middag, og så vidare til Stjørdalselva der vi ikkje kom i kontakt med fisk.

Etter at vi kom ned igjen fikk Inge ein flott aure i Bondalselva. Så vart det mykje på Eid, der vi plukka ein og annen pjakk fram til laksesesongen slutta 17.august. Auresesongen skulle vise seg å verte flott, først fikk ej ein flott laks i Åbrekk sist i august. Så fikk ej ein laks og ein pjakk siste helga.

 

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

06.07.2010