STARTSIDE
FISKEDAGBOK
 

1998

29.03

Årets første fisketur. Aspevika, ingen fangst (ifrå Notes)

06.04

18-19 Fiska sjøaure på Sæbø, ingen fangst (henta ifrå Notes)
07.04 Ej og Inge kjørte over fjellet til Ørsta, der vi fiska ifrå 14-16. Vi fikk kvar si lita krede.
07.04 Vi fortsatte vidare til Straumshavn, der vi fiska ifrå 17.30-19 i straumen. Vi holdt stort sett til på innsida av straumen, men uten at det vart fangst av blankfisk..

15.04

Tuftevatnet
23.04 Ej og Petter tok oss ein kveldstur i Tuftevatnet, vi fiska ifrå 20-22.15 i klart fint vær med ein fin trekk ifrå søraust. Etter ei lita stund slo det på ei bra krede med meg, som vart berga utan problem. Like etter fekk Petter ei i samme størrelsen, denne var litt sprekare, men berginga gikk greitt. Etter ei stund fekk ej på ei til, denne var litt mindre viste det seg når ej fikk den på land. No vart det heilt dødt til det begynte å skymast, då det slo etter mange fiskar. Ej greidde få på land ei krede og miste ei stor ei. Vi prøvde litt til, men det vart dødt, så vi gav oss. Totalt vart det altså 4 fiskar mellom ca.20-23cm
24.04 Ej, Inge og Petter tok ein tur til Nordfjordeid for å prøve sjøauren i godt vårvær. Vi fiska ifrå elvegrensa og utover i eit par timar frå kl.20. Vi såg nokre få vak, og eit par fiska som hoppa, men det einaste vi fikk var mort, pale og torsk, og ingen blankfisk.
26.04 Ørsta
27.04 Skogevatnet
27.04 Aspevika
04.05 Aspevika
10.05 Ej, Inge og Petter ville ha oss ein morgentur til Aspevika. Vi starta i vika kl.05. Her var det ein fin trekk og forholda var fine, men det var ikkje noko storfiske akkurat. Det var ein fisk som følgde etter med Petter på første kastet, men den tok ikkje. Like etter var det ein fisk som tok etter ringen der sena mi kryssa vassoverflata, og Inge hadde ein plog etter sluken sin. Desse fiskane til tross, var det ikkje noko å få. Så vi gjekk opp i vatnet for å prøve der. Her fekk Petter ein fin brunørret på 28cm og 250g på berget ved brua, mens eg miste ein fisk på neset. Dette var alt vi kjende i vatnet. Vi var ned i vika igjen, men det var ingenting no, så vi tenkte at vi skulle prøve Sædalen på vei heim, men her var det skodde og pøsregn, så vi reiste heim og køya.

Elva var ganske stor etter mykje regn kvelden og natta før, så vi trudde at det skulle vere muleg å lure ein sjøørret i vatnet, men det lot seg ikkje gjere.

12.05 Sædalen
21.05 Himmelspretten var ej og Petter inviterte til Dokka på gjeddefiske av John Erik og Nils Erik. Vi kom ned på onsdagskvelden og installerte oss på den lokale campingen. Her vart det litt pilsing og etter kvart dukka karane opp og tok ei pils sammen med oss. Men før vi skiltes avtalte vi å møtes neste dag for litt dreping av gjedder.

Karane var litt opptatt, så vi brukte tida til å sjå oss litt rundt og gjorde oss klare og utpå dagen var vi i gang. Vi fikk til råd å bruke wobblere, men gjeddene likte betre våre store laksesluker, og før kvelden var omme hadde vi fått 5 fine gjedder.

22.05 Dagen etter vart ein langdag. Vi starta på formiddagen med ein tur der fisken ikkje var særlig samarbeidsvillig. Vi hadde bestemt oss for å prøve fluga, og fant nokre fine lonar med vakande gjedder. Vi prøvde alt for å lure dei, men ikkje tale om å klare å få dei til å bite. Det vart berre eit par mindre på dei lokale gutta som kasta med wobbler, mens vi andre måtte returnere uten store flugegjedder på CV'en.

På ettermiddagen la vi ut med ny frisk og no var fiskeriet mykje betre. Og ej og Petter fikk stort sett fisk annen kvar gong, og hvilke fisker. Store feite gjedder, og ej fikk den største på heile 7,5kg. Nils Erik og John Erik fikk ei leksjon i gjeddefiske dei ikkje trudde var mulig, når vi drog fisk på lakseslukane, mens wobblerene var nesten resultatlause. Ej fikk 5 gjedder i løpet av kvelden, og det samme antallet hadde dei i andre båten med Petter og Nils Erik.

Her ser vi fangsten min avbilda like etter at vi var komne i land.

23.05 Tredje dagen vart også ein god dag, og no funka både slukene og wobblerene, og til sammen fikk vi heile 10 gjedder også denne dagen. I tillegg røkta vi to ruser som John Erik hadde stående, og her fikk vi to flotte abborar.
29.05 Ej, Inge og Petter var igjen på Nordfjordeid for å prøve sjøauren. Vi prøvde på kvelden ifrå 22-23 ifrå elvegrensa og utover. Vi såg nokre få fiskar som hoppa, men dei var stort sett langt ute. Ingen av oss kjende fisk, trulig fordi det var litt stor fjøre når vi var der.
31.05 Vi prøvde oss utpå Hornindalsvatnet med ein 4t tur ifrå 18-22. Petter og Inge fiska, mens ej var skipper. Dei fikk kvar si lita krede på stang før Inge prøvde oteren. Denne var dei litt hissigare på, så han fikk seg 4stk. Den siste tok i bukta på os-sida av neset, og var den einaste med litt størrelse på, ca 30cm og ikkje veldig feit. Dei andre 5 kredene var 15-20cm.. Dert var jævlig kaldt då det var nordaust kuling og berre 10 grader.
05.06

Helga etter var ej, Petter og Inge tilbake for å prøve ei ny runde på Hornindalsvatnet. Vinden hadde snudd til sørvest, uten at det hadde hjelpt på temperaturen. Men vi holdt på i 3,5t, ifrå 19.30-23. Vi starta innover langs land, i det vi runda første neset tok ein fin fisk oteren. Berginga gikk greitt, og akkurat i det fisken var håva tok ein ny fisk. Denne var litt mindre, men vi berga den greitt. Etter dette var det heilt dødt

Her ser vi Petter holde den største fisken, ein vassaure på 38,5cm og 530g. Den andre fisken likna meir på ein sjøaure og var noko mindre, 32cm og 330g.

Bak Petter ser vi at vi hadde flytta opp på øvre platået, platten ser ny ut.

06.06 Eidselva Stokkenes 12-12 Så skulle vi starte laksesesongen i sørvest og regn, men elva var lita og veldig klar. Vi såg mykje fin fisk på nederste brua, så trua var på topp. Vi starta kl.12, og fiska til kl.16. Det var dødt til vi kom ned i Åbrekkhølen. Her tok ein sjøaure med meg framme i hola ved prydbuska. Fisken var ikkje så veldig stor, så berginga gikk bra. Auren var 34,5cm og 350g. Inge var også bort i eit par fiskar.

Vi starta på igjen kl.20.30, men det var dødt heile kvelden og natta, bortsett ifrå at Inge fikk ein liten aure på 33,5cm og 290g heilt med det samme i Svingen. På morgenen prøvde vi nedanfor, men i Åbrekk stod ikkje fisk, så vi prøvde i Myrahølen. Her stod det nokre fiska som var flinke å stjele endar, men ingen av oss kjente at dei var der å plukka. Så var det ein som vaka inne på grunna, her var for stille til å fiske, men ej visste råd og satte på ein dupp. Fisken tok med ein gong, og vart godt fast. og dermed kunne ej etter ein kort kamp berge ein aure på 51cm og 1000g.

Seinare såg vi nokre laksar som stod bak på brekket i svingen, men dei ville ikkje bite. Men mens Petter og Inge holdt på der, fiska ej framme i hølen og fikk på fisk. Men dessverre vart den ikkje hengende veldig lenge.

14.06 Eidselva 02-14 12.06 Torstein & co til Eid (mamma)

 

15.06 Fyrdselva Nedre 00.30-04 Så var det åpning i dei mindre elvane, det var mandag, men lakseåpning er som kjent fridag, så vi vart igjen for å prøve. Ej, Inge og Petter kjørte over fjellet til Austefjorden, vi var litt seine og missa dermed straumen i hølen ved bana i åpningsminutta. Vi måtte då prøve oss lenger framme, men i området nedanfor brua, fekk vi kun småkreder. Så derfor køyrde vi fram og prata med Petter som var på fremste sona, men han hadde heller ikkje kjent hogg. Vi prøve oss framme på sletta før vatnet, og her fekk eg meg ei fin brunkrede på 37cm og 510g og ein enno større, men litt skrinnare sjøkrede. Inge fekk ei flott brunkrede. No var floa på nedad, men langt ifrå slik at det var fiskende på flata, og derfor tok vi oss ei pause til klokka var 5 før vi kjøpte oss kort igjen.
15.06 Fyrdselva Nedre    05-09 No fekk vi fiske oss nedover, og heilt bak på hølen ved bana fekk Petter ein flott sjøørret på 37cm og 490g. Vi enda som vanleg opp på berget, og på veg hit fekk Inge to, mens eg fekk dagens største på berget. Petter plukka med seg 3 mindre fiskar også. Vi vog berre dei to største og samla vekt.

Inge fikk dei tre øverste, ej dei tre neste og Petter dei 4 nederste.

Ein del folk til tross for mandag.

Mykje fisk, men lite villeg til å ta. Dødt ellers

1 laks og tre ørreter utanom det vi fekk.

15.06 Fyrdselva 20-24  
20.06 Fyrdselva 19.06 ej og pappa for til Sæbø(mamma)
21.06 Fyrdselva 00-08  
04.07 Fyrdselva Nedre    00-04 Ej, pappa og Inge var i Austefjorden for å utfordre auren, men det var berre Inge som virkelig var ein fare for bestanden. Ved berget fikk han to flotte aurar på vel 1,5kg og ein enda større på 2,2kg.

Den største av fiskane tok på ein noko ukonvensjonell måte, då den sikkert la seg imot sena, nok til at det visstes på duppen, noko som straks førte til eit tilslag i kjent Inge-stil. Vi trudde først det var ein stor fisk, for den var veldig tung og gikk berre unna elva. Men Inge kjørte den hardt og plutselig kom den opp med buken og breisida til og vi var enno meir sikre på at dette var storfisk. Fisken skjena litt rart og virka av og til lett, for så å være skikkelig tung igjen, så vi forstod null og niks. Men forklaringa var enkel nok når vi fikk den meir under kontroll, fisken var rykt. Inge kjørte fisken og etter vel og lenge fikk vi berga den. Og då visste det seg at fisken var rykt rett opp i rævholet.

04.07 Kile        12-24  
06.07 Ørsta       18-06  
10.07 Fyrdselva 17-21  
12.07 Eidselva 00-12  
19.07 Kile   Nedre vatn 00-12 Det hadde vore godt fiskevær lenge, men fisket hadde ikkje tatt av. No hadde det letna litt, og då tok også fiskeriet seg litt opp, og ei natt på Kile med oteren skulle vise seg å verte dagen då det starta.

Ej, Bjørn og Inge tok turen over fjellet for å gå med oter i vatnet. Inge fikk på den største av dei, og mens han styrte lina var det ej som tok over fronten og berga, mens Bjørn kom til og håva auren på flotte 2,3kg.

I tillegg til dette fikk vi ein aure til på 1,3kg. Fiskane hadde stått ei stund i vatnet, men dei var fortsatt fine og feite, og ganske raude i kjøttet.

20.07 Fyrdselva 02-06  
24.07 Fyrdselva 04-08  
26.07 Nausta    06-12 Mamma og Pappa hadde vore i Naustdal nokre dager før, og kunne rapportere om god oppgang av fisk opp trappa, og campingen dei bodde på hadde fiske, så det var berre å kome seg nedover. Ej og Inge kasta oss sjølvsagt i bilen for å prøve oss på laksen i Sunnfjord. Vi passerte fleire elvar på veien der vi måtte stoppe å kikke, så det var godt utpå kvelden før vi fant hyttene og kunne innkvartere oss. Vi forhørte oss sjølvsagt om fiske, men valdet dei hadde på campingen var utleigt ei veke, så dei satte i gang med ringing hit og dit for å skaffe oss kort, og etter kvart fant dei ei strekning der vi skulle få prøve oss. Men klokka var no over midnatt, så vi la oss nedpå og venta til morgenen med å prøve.

Når det første lyset kom sigande over fjella i aust spratt karane på beina og stressa rundt for å gjere seg klar til den store lakseorgien. I løpet av natta hadde det tjukna til, og på vei fram var det enkelte dråper i lufta, men ifrå vi starta så var det stort sett opplett. Sona vår viste seg å vere bakre del av ein fossehøl og eit strekk ned imot ei sideelv. På andre sida, framme i fossehølen, sat ein mann heile morgenen å fiska med makk. Fikk seinare vite at han var lokal, og aldri gikk ut av elva uten fisk, men det gjorde han denne morgenen. Vi fiska stort sett med fluge, og til tross for veldig ideele forhold så ville ikkje fisken. Utpå formiddagen kom eigaren av valdet forbi på vei heim og lurte på kor mange vi hadde fått? Vi måtte tilstå at vi nesten ikkje hadde sett fisk, og kjent enno mindre, og då såg vi på han at vi fikk stempelet gagnlause. Men så såg han karen på andre sida, og lurte på kor mange han hadde fått då? Ingen kunne vi fortelle han, og då fikk pipa ein annan låt, for det trudde han ikkje gikk an. Men vi fortsatte ei stund til, og ej var borti eit kvart lite bakpå eit par gongar, men veit ikkje om det var noko med størrelse på. Og sia det var så dødt så gav vi oss minst eit kvarter før kortet var slutt.

Sia det var så vanskelig med kort, så vart det til at vi pakka sammen etter den fiskelause morgenen og kjørte vidare på jakt etter nye fiskemuligheter, men vi enda tilbake på Eid der vi fikk vite at vi hadde gått glipp av tidenes skybrudd, då det etter sigende rant 10cm med vatn over heile campingplassen, men alt var ok når vi var heime.

30.07 Eidselva Nor        21-21 Karane ville gjerne over fjellet igjen for å prøve auren med oteren. mens ej ville prøve meg på nattfiske på Nor. Og som bildet viser så var det definitivt ikkje ej som kom best ifrå det valget.

Petter, Inge, Bjørn og Ståle fikk totalt 7 aurar, alle på oter i nederste vatnet. 5 av dei mellom 1kg og 2kg, og to mindre.

31.07 Kile     Nedre vatn 00-12 Kvelden etter ville vi gjerne gjenta gårsdagens suksess, og imot alle solemerker og alt av regler så vart det ein suksess også denne natta. Totalt fikk vi 6 fiskar, to flotte fiskar på 2,3kg og 1,8kg, pluss fire steikefiskar som gikk med til middag. Begge dei store var det Petter som fikk, mens vi andre delte på resten
02.08 Kile   Nedre vatn 12-12 Karene hadde fortsatt trua på Kile, mens ej holdt meg på vogna. Og fisk beit det også denne natta, men ikkje like ivrig som nettene før. Men dei fikk tross alt to fiskar på ca.1kg. I tillegg hadde Petter på ein diger fisk, trulig ein laks på ca.10kg. Dei kjørte ganske lenge på den og til slutt kom den inn så dei nådde tak i flugene som dei klipte av etter kvart. Dessverre passa ingen på snøret, så når fisken raste ut igjen så låg dette fast mellom to steinar, og dermed skjedde det uungåelige, den stubba sena.
05.08 Kile   Nedre vatn 12-12 Nok ein gong vart auren utfordra med oter i vatnet, og igjen sleit vi oss to aurar på ca.1kg, men igjen var det storfisk som stjal showet. Inge var den einaste som gikk utpå morgenen, mens ej vi andre sod oppe på lomma og såg på. Plutselig tok ein fisk brutalt med Inge, og raste i motsatt retning, og det enda som det måtte. Fisken vart ikkje med på showet vidare. Men den viste seg i det den slo seg av, og vekta vart anslått til ca.5kg.
07.08 Fyrdselva 16-20  
09.08 Eidselva Alsaker   02-14 Ingen
10.08 Fyrdselva  20-24 Ingen
11.08 Ørsta       18-06 Ingen
12.08 Bondalselva 21-03  

Ingen13.08 influensa på sæbø, heim 14.08

22.08 Ej, Inge og Petter stakk innover for å besøke Geir-Kåre på Stryn, men når vi kom dit så var dei klar til å reise til Olden for å prøve auren i Floen.

Vi fikk oss to båter og cruisa rundt eit par timar. Vi såg mange skikkelig fine fiskar, sikkert sjøfisk, som hoppa, men desse var ikkje spesielt bitevillige. Og det var heller ikkje dei fastboande aurane, men vi greidde i alle fall å nygge oss 3 aurar på 300-400g.

Eit fint lite vatn med god tilkomst og bra med fin fisk.

23.08 Eidselva 00-12 1 sjøaure
05.09 Stryn     Sone 1-6 Karsten Slettestøl & co hadde booka alle sonene på nedre del, men ingen av dei hadde tid, lyst og sjanse til å fiske, så ej og Inge skulle få overta korta. Elva var veldig lita, men det gikk fisk, for vi såg fleire fiskar hoppe. Vi var lite kjent, men vi fikk råd om å prøve sone 2 og 4, og kanskje litt på sone 6 med sluk. Vi rodde over elva og holdt oss mykje på sone 2, men vi prøvde også sone 4. Vi var så vidt nedom sone 6 og Inge kasta nokre få kast her, men det var dødt.

Ej bestemte meg for å starte litt lenger framme enn vanlig ein av gongane vi fiska over sone 2, så ej gikk heilt fram på øya og vod meg framover for å dekke mest mulig elv på vei nedover. Og etter berre nokre få kast med makken beit det. Fiske var sprek, men ikkje større enn at berginga gikk greitt. Og dermed var min første aure i Strynselva eit faktum, ikkje den største, men flotte 600g med kremgul buk etter nokre veker i elva.

11.10 Som vanlig skulle sesongen avsluttes i elva foran Sædalen, vi starta tidlig etter ein liten fest hos svenskejentene i huset til Petter. Det var ej, Maron, Frank, Maja og Lisa som var fram og prøvde garnet i storehølen. Frank og Maron hadde drukke rundt og var dritings heile turen.

Vi fiska ifrå 12-16 med ein  fangst på berre totalt 12 aurar i standard størrelse, og i tillegg fikk vi oss mang ein god latter av dei to skruane vi hadde med. Det hadde tydeligvis ikkje komt ned så mykje fisk enno, for det var lite å sjå i storehølen, der vi forresten ser karane i fri utfoldelse.

14.11 Ej og Einar Øvrelid hadde bestemt oss for å prøve røya i Snipsøyrvatnet. Vi satte ut garna på fredagskvelden, men vi var ikkje så lokalkjende, så vi kom nok litt djupt med garna. Men når vi drog garna laurdagen så var der ei halv bøtte med røyr og ganske mange aurar. Vi fikk også ein stor aure på ca 1,2kg, men denne var levande så den slapp vi tilbake.
15.11 Søndagen når vi drog neste gang, visste det seg at vi hadde truffe betre med kvar garna stod, for etter at alle garna var tømt så hadde vi nesten ei heil bøtte, stort sett med kun røye. Det virka som om vi kom ned om ei viss djupte så vart det kun aure, mens oppe på grunna stod det berre røyr.
 

 

OPPSUMMERING 1998

Var litt slaurete å skrive rapporter i fjor, men i år var det rettelig slett. Men har fylt inn det som ej har notert og som ej husker av spesielle opplevingar, og det var då nokre lyspunkt også i år. Våren starta labert med lite fisk, men helga rundt og etter himmelspretten tok det av med ein kjempeartig tur til Dokka for å fiske gjedde. Og etter 3 dagers fiske returnerte vi heim med 75kg kappa og spretta gjedde.

Så starta laksesesongen med bra fangst både første turen i Eidselva og første turen i småelvane. Ingen store, men mange fine steikefiskar. Men så var det rolig, med eit rævholstreff som eit positivt avbrekk. Men så kom vi over eit brotfiske på Kile, som gav mange fine fisker.

Slutten på sesongen vart slakk, men ej fikk prøvd elva på Stryn, vatnet i Olden. Så hadde vi ei latterlig tur i Sædalen, før sesongen vart avslutta med eit par netter på Snipsøyrvatnet.

Ein skulle tru at 10år etterpå så var ein ferdig med 1998, men så dukka dette bildet opp i nyhetene 12.08.2007. Ja og så da, tenker nok du, men skroller du oppover sida til helga rundt himmelspretten, 21-23.mai, så ser du nok at det er noko kjent med låvebrua og dørene bak Petter og Jon-Erik.

Ja, det er samme låvebru, og låvedør som du ser i bakgrunnen bak dei digre gjeddene, og fisken på bildet... Og hadde vi svinga rundt på dei gamle bilda så hadde vi sett samme bilen også. Huset til bestemora som gav oss oppskrift på nokre alldeles nydelige gjeddekaker hadde grus og sand minst like høgt opp rundt veggane som løda og bilen på bildet. Det gikk i alle fall godt med folket, men å få rydda opp i alle skadene og å få fjerna alle kubikka med grus tok nok ei god stund.

 

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

06.07.2010