STARTSIDE
FISKEDAGBOK
 

1997

27.03

Vi var på hyttetur i Vaksvika sammen med Atle Oddvar, Tore og Bjørn. Ej og Petter ville prøve sjøauren når vi var inne i fjordane og sikta oss inn på Tafjorden. Vi var usikre på kvar dei brukte å stå og fiske, så vi kjørte ein del rundt og kika. Vi såg ein fisk som hoppa, like utanfor osen på elva i Tafjorden. Veret var stort sett bra til å begynde med, men etterkvart kom regnet og sluddet. Vi stod ved utgangen frå nest siste tunnelen, vi såg ein fisk her det var alt. Vi stoppa i Valldal og åt middag, før vi reiste til Stordal, der vi prøvde litt i skyminga. Men her var det kun pale. No vart veret berre verre og verre, så vi kom oss i Vaksvika før vi vart heilt kliss-blaute i sørvesten og snø og sludd.

Alt verka veldig dødt, Tafjorden er kjend som ein magnet på fisk, men ikkje ein oppdrettar ein gong var vi i kontakt med. Det var kun kraftverket med oppkome på havbotnen som gikk. Vi holdt på i totalt 3 timer, ifrå kl.14 når det var flo og til kl.17 då det begynte å mørkne.

28.03

På vei heim ifrå Vaksvika stoppa ej og Petter i Dragsundet i Skodje og fiska dei to straumane der ifrå kl.14 til kl.17. Været hadde dreia opp på nordvest kuling, og var ufyselig med sludd, hagl og torden. Petter fikk ei sild, det var alt for heile dagen, sjølv om det var eit flott område å fiske i.
29.03 Neste dag i klart og nydelig vær, tok ej og Petter med Inge for å prøve ein ny fjord med kraftverk. Vi starta ved utløpet frå kraftverket på Bjørke kl.11, her var det heilt dødt. Nokre paler fekk vi, og ein stor oppdretter hoppa like utanfor oss. Men den tok ikkje etter på sluken. Vi prøvde oss i ei fin vik litt lenger ute ved fjorden, men her såg ikkje vi liv. På veg heim kl.16:30, prøvde vi på Sætre i Ørsta, men her var det også heilt dødt. Kan det vere at fisken fortsatt står i elva??

I ettertid har eg hørt at det vart tatt ein "vill" regnbueørret på 8kg på Kile i påska. Fisken var perfekt, og utruleg sterk.

06.04 Ej og Petter hadde oss ei runde å prøvde både etter sjøauren og etter dei første aurane i ferskvatn ein kjølig, men fin kveld med nordaust brisar. Vi starta i Aspevika etter sjøauren, før vi fortsatte til Djupvikvatnet, og derfrå vidare ned i Dragsundet. Men det var heilt dødt, vi verken såg eller kjente noko.
21.04 Eg og Inge hadde oss ein kveldstur i Tuftevatnet, i kaldt og rolig vær. Vi starta kl.18 og vi kjente ikkje liv før Arild kom litt seinare. Han vassa seg uti og fekk seg to kreder med ein gong. Etter dette fekk eg og Inge oss tre småkreder som alle vart slepte ut igjen. Før vi gav oss kl.20.

Vi er inne i ei trassig verperiode med frisk nordleg vind, med surt og kaldt ver. Sola frå skyfri himmel hjelp lite når nordavinden bles gjennom marg og bein. Dårleg fiskever.

25.05 Fiskeutvalget i Herøy og Sande JFF gjennomførte prøvefiske. Det vart satt ut 5 garn i Djupvikvatnet. Været tidligere i veka hadde vært strålende, men med til dels lave temperaturer. Det hadde nettopp vore fullmåne, så det var eit ønske frå fiskarane om å få tilskying, og det vart det. Laurdag var det nordlig bris og delvis skya.

Søndag morgen var det tidlig opp for å sjekke fangsten. Været var på det nærmeste uforandret. Allerede i første garnet forsvant forhåpningene om storfangst, det var nesten tomt for fisk, men det tok seg litt opp, og etter at garna var tømt for fisk og status gjort opp, låg det 28 fisker på brygga.

Det vart altså fått 28 fisker på 5 garn, i løpet av ei natt i kaldt og klart vær, dette tyder på at bestanden ikkje er i nokon fare. Når det gjeld størrelsen på fisken er denne strekt frå 18,5 til 34,5 cm, med ei hovedvekt på fisk rundt 25 cm. Andelen fisk mellom 25 og 30 cm er mykje større enn i fjor. Ein del av fisken er fortsatt infisert av makk, men synest å klare seg bra med det. Korleis dette påverkar fisken med tanke på overleving er uvisst, men den fisken som overlever er stort sett i meget bra kondisjon og ser ikkje ut til å lide nokon overlast med å være vert for bendelormen.

07.06 Ej og Inge tok ei sein ferje innover i Ørsta og fiska heile natta til klokka var 06. Alt verka dødt når vi kom bort i Settemsvika i 23-tida, vi prøvde fleire plassar, men vi såg ikkje liv. Til slutt hadde vi gitt opp å sat og åt snop og hørte på radio. Vi stoppa heilt i enden av vika for å ta eit siste overblikk. Her såg vi noko som vaka forsiktig utanfor berget som avsluttar vika. Vi holdt ein knapp på at det var mort, men vi tok med stengrene for å sjekke. Og mykje feil tok vi ikkje, mort. Men så vart vi var at noko følgde etter desse stimane, og når desse fiskane begynte å hoppe var det liten tvil om kva det var. No vart det nokre aktive timar der vi såg mykje ørret som spratt, men den var ikkje til å kome på talefot med.

Fortsatt sur og kald nordavind, med småe 5 grader i dag, dette må vere den trassigaste fiskevåren i manns minne. Men det er snart laksesesong, det som er positivt med dette veret er at snøen i fjellet ikkje smeltar, slik at vatn skulle det verte nok av, om vi berre får varmegrader.

15.06 Fyrdselva Nedre     00-06.30 Ej og Inge skulle starte laksesesongene i Austefjorden i flott vårvær med 15 grader og klart. Det var veldig fin straum i hølen ned mot holmen, så vi holdt oss stort sett her. Til å begynde med var det ikkje bet i fisken, men etter ein halvtime hadde Inge fått første fisken. Det gjekk ikkje meir enn ein halvtime å få ein til. Begge to var greie fiskar å berge. Eg såg etter kvart litt mørkt på fisket, men etter å ha fiska i to timar beit det på med meg også. Dette var ikkje den største fisken, men den sloss tappert. Når den kom på land såg eg grunnen, det var ein bitte liten pjakk. No snudde lykka for oss begge, eg gjekk over til å få fisk, mens Inge slutta å få fisk. Eg fekk etter dette to feite og flotte sjøørretar på rundt 1kg. Men så dovna det vekk når det vart morgen og sol, så vi gav oss ganske tidleg. Dei to sjøaurane til Inge var 47cm og 48cm, vekta var 920g og 1240g. Pjakken min var kun 40cm og vog skarve 520g, mens aurane mine var 47,5cm og 51,5cm, med vekta 1080g og 1310g.

Det var litt bendelorm i to av fiskane, dette tyder på at fisken har stått her inne i fjordane, der det er mykje måse. Men fiskane var flotte dei. Trur det var min minste pjakk nokon gong. Har fått små før, men ikkje så små trur eg. Det var ikkje ein hybrid med ørret, den var rein laks. Det vart tatt nokre få fiskar til, i tillegg til ein kjempe på heile 9,5kg av Andre Knotten, i fossen. Men det var etter at vi hadde gitt oss for dagen. Det vart tatt ein pjakk og ein gytemoden regnbue på fremste sona på ettermiddagen når det åpna her. Hørte om ein 8kg vill regnbue tatt i påska på Kile. Ein skikkeleg spreking.

15.06 Ørstaelva  Ose       18-23 Mens vi sov oss frampå igjen så synes pappa at det var for galt at vi skulle få så mykje fisk, så han kledde seg opp og stakk bort i Bondalselva. Og ikkje lenge etter kom han igjen med ein flott laks på 4,7kg. Det vart tatt nokre fisker til på samme størrelsen på åpningsdagen.

Etter å ha sove litt på Sæbø, så kjørte vi over fjellet for å sjå om vi kunne fortsette suksessen i Ørsta. På grunn av dei dårlege lakseåra i Ørstaelva siste tida var det satt ein "bag limit" på ein fisk pr. 6 timer pr. mann. Derfor rekna vi med at det skulle vere ei grei sak å få den fisken, men det måtte vi bite i oss. For her var det heilt dødt, ikkje eit einaste hogg som tyda på skikkelig fisk. Det var også lite å sjå av all ørreten som var observert i fjorden tidlegare. Vi håper at det tek seg opp utover sommaren. Det vart tatt veldig lite fisk under årets åpning, max ti fiskar første døgnet.

21.06 Fyrdselva Fremste  00-04 Helga etter var ej og Inge igjen i Austefjorden, elva hadde gått ned ein god del, så vi fant at det var best å prøve framme. Det hadde vorte kjøligare, men været var fortsatt like flott. Vi fiska kun med fluge. Det var heilt dødt, så vi gav oss tidleg. Elva var litt for lita til å vere perfekt også her framme. Ein gyteklar regnbue var hivd bak i skogen ved fossen, kan vere den som vart tatt her på åpningsdagen om kvelden. For heim i bryllaup til Andre og Marianne.
24.06 Ørstaelva Ose      19-23 Ej og Inge hadde oss ein tirsdagstur inn i Ørsta for å sjå om her hadde dukka opp noko aure foran brua. Det var nydelig sommarvær med ein nordøst bris og 20 varme. Heilt dødt, både på strekket nedover og i hølane fram til svingen.
27.06 Fyrdselva Nedre    22-02 Eg, Inge, Bjørn og Ståle hadde oss ein Austefjordtur, været var det samme, klart, nordøst bris, men det hadde vorte kaldare, 7 grader var det denne natta.. Vi starta på berget, men på trass av ein del fisk i området, gjekk det lenge før vi fekk noko. Det starta med at Inge fekk to små aurar, på 34cm og 37,5cm, vekta var 490g og 555g.

Like etter fekk han på ein større. Berginga gjekk heilt greit, og vekta vart anslått til ca. 1,3kg. Noko som skulle vise seg ikkje å stemme heilt, då vi oversåg breidda på ryggen, det var ein flott fisk på 55cm og heile 1850g. Etter dette fekk eg og Ståle kvar sin grensefisk, min vart satt fri, mens Ståle tok sin som var 33,5cm og 360g. Siste halvtimen fiska vi ovanfor holmen, eg var borti ein fisk, det var alt.

For ut i Måløya i bryllaup til Vidar Eikrem.

04.07 Ørstaelva  Ose      18-24 Ej og Inge gjorde eit nytt forsøk etter Ørstaauren. Været var nordlig med byger, men det var fin temperatur, 18°C. Vi hadde begge eit par hugg frampå, men dei hang ikkje. Etter dette fiska vi oss nedover. Det var stort sett yngel vi fikk, men på første kastet ved plenen fekk ej ein pjuskete og sjuk sjøaure på 38cm og ca.700g som vart satt tilbake. Etter dette var det heilt dødt.
05.07 Fyrdselva Nedre    04-08 Vi fortsatte til Austefjorden, der vi starta ved berget. Her var det stort sett berre småfisk, men til slutt tok ein bra ein med meg. Ej kjende den riste på hovudet, og antok derfor at den sat laust. Så derfor var ikkje overraskinga stor når den datt av.

Vi gikk etter dette fram til butikken å prøvde der. Det vart mange under målet, men ingen over. I sjutida begynte det å hoppe pjakk heilt bakpå. Dei tok ikkje på makk, men fluga slo dei etter. Ej hadde fleire tilslag, og til slutt hang den. Men ikkje lenge dessverre. Inge hadde også eit hugg.

05.07 Fyrdselva Nedre   19-23 På kvelden var vi tilbake, og etter berre 3 minutt beit det på ein fisk på telemarkskongen min. Fisken var uvanlig sprek, men etter 7-8 minutt låg den i håven. Fisken, ein fin pjakk på 47cm og 1000g. Etter dette var vi begge bort i fisk, men det var berre eit hogg med meg som kunne blitt hengende
06.07 Kilselva Heile     00-05 Kun Inge hadde trua, så berre han fiska. Først gikk vi med oter, men det var for stille, og kun eit par småkreder tok etter uten å verte faste.

I veihølen hoppa eit par fine aurar, men det var kun smått det som tok. Derfor gikk vi ned i osen, og etter 2 kast beit det på fluga. Inge var litt i tvil ei lita stund då fisken stilte seg på botnen, men etter eit par minutt fikk han løyst den. Etter det oppdaga han fort at det var ein oppdrettar på dei korte og late utrasa. Men sia den var ganske stor så tok det ca.10 minutt før den var ferdig og kunne landes. Fisken ein regnbue på heile 3380g fordelt på 61 feite cm.

09.07 Fyrdselva Nedre    06-10 Prøvde Austefjorden aleine i skya, men fint sommarvær. Starta ved kirka og fiska meg nedover, men det var heilt dødt. Ved berget gikk det ein del pjakk og aure, men dei var veldig finspiste, og dei som beit hang på berre ei lita stund.
09.07 Fyrdselva Nedre    20-23 Ej fiska kun ved berget, men dei fiskane som stod der tidligare på dagen hadde trekt lenger ned. Dei kom opp til berget av og til, men dei tok ikkje. Så det vart ein tur uten eit einaste hogg, men i nordaustlig vær, med klar himmel så kunne ein vel ikkje vente anna.
10.07 Kilselva  Osen     00-01 Ej stoppa ein time på Kile for å prøve. Det hoppa nokre mindre aurar i osen, eit par av dei slo etter fluga, men ellers var det dødt. Elva hadde no vorte ganske så lita, og det flotte nordaustværet hjelper ikkje på å få den opp igjen.
10.07 Eidselva Stokkenes 12-12 Ej skulle ha årets første døgn i Eidselva. Nordausten hadde auka på til kuling, og været var like flott som siste dagane. Ej såg 3 småaurar som hoppa, og ein fisk som stod ved første steinen på strekket, men ingen av dei tok. Elva var fortsatt ganske stor, men likevel var det veldig dødt.
11.07 Fyrdselva Nedre  17-21 Inge var komen når vi skulle prøve Austefjorden. Vi starta ved butikken og fiska oss nedover. Vi var bort i eit par fiskar framme i hølen, men dei ville ikkje henge på. Når Inge kom heilt bak på hølen, kom plutselig ein stor plog etter fluga, men fisken snudde. Dette skjedde eit par ganger til før den endelig tok. Det vart fort klart kva det var han hadde fått på, så berginga gikk ganske greitt. Vekta visste at det var ein regnbue på 3,00kg. Etter dette var det heilt dødt, så vi reiste ut igjen og laga beachparty.
18.07 Eidselva Stokkenes 21-24 Så var turen komen for ein ny Eidatur. Det var ej, Inge, Bjørn og Atle Storvik. Været var nydelig, klart, stille og 20 grader. Første kvelden starta vi seint sia været var så fint, og det var nok det som også gjorde at det var ganske dødt.
19.07 Eidselva Stokkenes 00-24 På natta var det også ganske dødt for oss, men sammen med oss var dei to Flomkarane frå Grodås, dei var borti fisk og fekk fisk heile kvelden og natta. Det var heilt tydleg at dei var lokalkjente, for dei visste kvar dei skulle fiske. Eg trur at dei hadde 7 fiskar når dei for heim. 3 av dei var småørreter og resten fisk mellom 1-1,5kg. Eg var borti eit par fiskar, men det var umuleg å få dei til å henge. Vi gav oss når vi synes at sola var komt for høgt på himmelen.

Vi sløva heile dagen, og reiste ikkje i elva før klokka var ca.22.00. Vi hadde campingvogna hans Petter til å styre oss i, han sjølv skulle kome heim på laurdags ettermiddagen. Og når klokka var kvart på 24 så kom han ned i Skipneshølen der vi holdt på alle unntatt Atle Storvik. Flomkarane var der også denne natta, men det var kun eg som fiska når Petter kom gående. Eg holdt på å gå over hølen med fluge, og fem minutt etter at Petter kom, så var ein pjakk oppe og tok fluga mens eg holdt på å sveive inn. Det var altså ingen problem med snørebukter og heller ingen andre problem med berginga. Pjakken vog 1,3kg.

20.07 Eidselva Stokkenes 00-12 Bettet var dårlegare denne natta enn første natta, så bortsett frå Flomkarane som fekk fire fiskar, så var det dødt for oss andre.

 Flomkarane var nabeitte når det gjaldt å få fisk, men så hadde dei fiska på sona i 24 år.

Inge og Petter vart igjen og fiska natt til mandag også, men då var det heilt svart.

23.07 Fyrdselva Nedre    21-23 Det var enkelte skyer på himmelen, og sørlig kuling, etter godevær så lenge vi kunne huske, derfor tenkte vi at det var verdt ein kveldstur inn i Austefjorden. Det var ej, Inge, Petter, Bjørn og Ståle som for innover. Her visste det seg at det var ennå meir skyer, men det var også torden, så vi håpte på eit realt skybrudd, men nei det lot vente på seg. Og det gjorde fisken også, det var nokre få regnbueaurar ved berget, men dei var heilt umulege å få til å ta. Vi var forsiktige og ikkje utfordra skjebnen alt for mykje, når toreveret var nær. Bjørn gav seg tidlig, men også ej gav meg, og reiste for å nå siste ferga heim.
25.07 Ørstaelva Ose       21-00 Inge og Ståle hadde reist inn tidlegare slik at dei hadde fiska eit par timar når eg kom inn i det nydelige sommerværet. Inge hadde då allereie fått kvota på ein fisk. Dette var ein liten og veldig stygg sjøørret, han hadde prøvd å sette den ut igjen, men den var så pjuskete at den ikkje livna til igjen. Lengda var fine 37cm, men vekta var kun 390g. Ståle stod enno å fiska, men det var ingen ting å kjenne, så eg og Inge var ikkje sikre på om vi skulle ta oss kort. I staden tok vi litt opplæring på Ståle, som straks tok til å merke fisk. Plutsleg var det ein stor fisk som tok, den raste ut med snøre og pip så rauk snøret. No fekk eg og Inge blod på tann og stakk for å få kort.

Når vi kom oss i elva var alt tilbake til det gamle, heilt dødt. Når klokka var 23.45 gav Inge seg og gikk ned i bilen. No var floda snart heilt oppe og alt såg dødt ut, men i vanvare tok Inge slukstanga og gikk ned til pumpehuset, og kasta ut. Det gikk ikkje lenge før ei fin fisk beit på. Eg som også hadde gitt meg no, tok med meg håven og gikk bort til Inge. Han sa det var ein sværing, for den var veldig tung. Siden floa var så høg var det lite hjelp å få av strømmen, så fisken kom ganske kjapt oppunder land. Og hvilket syn, fisken var bra den, men det som hadde gjort den så tung, var at den var fast i eine spjøyra. Dette gjord at vi måtte vere veldig forsiktig, men fisken var snill og etter eit minutts tid til så låg den i håven. Og hvilken fisk det var, ein flott brun ørret, truleg ein bekkeørret som har levd i skjul av trea og levd av yngel og mort i osen. Lengda var 54cm og vekta akkurat under 2kg, 1970g.

4 gongar i Ørsta, og til sammen 3 fisker, ein av dei ein sjuk ein, ein vart sett ut igjen og siste var ein brunørret. Dette seier alt om årets sesong i Ørstaelva. Det vart tatt veldig lite fisk, og dette er krise.

26.07 Fyrdselva Nedre    02-06 Vi fortsatte innover til Austefjorden. Det var veldig dødt, det lisje som var av fisk var berre småkreder og småørret. Ingen fekk eller var borti noko. Det er tydeleg at varmen har hindra ny fisk å sige inn. For heim igjen for å pakke til Skotlandsturen.
29.07 30.07 31.07 01.08 02.08 River Spey Grantown Etter ein kveld med nokre pils og blodfersk makrell kokt i 4 timer, gikk vi til køys for å sove 3-4t før vi skulle starte sørover imot Bergen. Ej var oppe i god tid og stakk over til Petter for å purre han, noko som gikk bra, men han hadde ikkje pakka, så det vart stress for å komme oss avgårde tidsnok for å rekke båten. Når vi kom til Matre så gikk det opp eit lys for Petter, han hadde lagt igjen passet heime. Det vart mykje telefonering for å ordne pass, men han rakk ikkje å få på plass nytt før båten gikk. Så mens vi feira stort på båten, så satt Petter igjen i Bergen.

Men neste morgen kom Petter seg over dammen med fly, og når ej kjørte av båten så stod Petter på kaia og venta, og vi kunne starte turen nordover ifrå Newcastle til Grantown on Spey.

Når vi kom fram og fikk sjå elva, såg vi for oss gode muligheter for fangst, for forholda var etter norske forhold heilt flotte, men vi fekk etterkvart vite at dette ikkje var dei ideelle forholda her. Vatnet var farga som whisky, med ein halv meter sikt. Slik var det alltid, og eit drawback for ein ukjent nordmann. Elva verka å være lita, men folk sa at elva måtte ned minst ein halv meter til før forholda var på topp. Kva som då var at av elva veit ikkje eg, men det kunne ikkje vere mykje. Elva var no på størrelse med Strandaelva i vannføring, men mykje rolegare og breidare.

Det vart fiska 4-5 timar for dag på varierande tidspunkt. Første dagane var det lite aktivitet i elva, vi såg nesten ikkje fisk, men det var rapportert at fisk var på veg. Det hadde nemleg vore flaum i elva i juni då vatnet var 3 meter høgare enn det var no, derfor hadde det ikkje gått fisk på elva før i Juli. Denne fisken var no komen ca. 10 mil opp i elva og nærma seg oss. Det var ingen av oss som hadde kjent hogg, og det var heller ingen andre på sona som fekk fisk.

Siste to dagane kom det eindel meir fisk sigande og det vart litt meir interessant å fiske, men det hjalp lite på fiskelykka, fisken ville ikkje ta, same kva vi baud på. Det vart ikkje tatt fisk på sona for heile veka, det einaste var ein ungdom som sleit vekk på ein fisk ein morgen det var alt vi hørte om. Litt trist å ikkje få sjå ein einaste fisk på land, men eg såg no mange levande i elva.

Dessverre vart det ingen fangst på oss i River Spey, men vi fekk mange fine opplevelser frå Speykastingens mekka. Det var ei lita trøst at dei lokale heller ikkje fekk fisk, tross i deira lokalkunnskap. Vi levde som lakselordar og nytta kveldane til røling om store lakser og fantastiske fangster i forne dager, mens vi kosa oss med det dei lokale vannhulla kunne framby av herligheter.

Elva var fin å fiske i, spesielt for flugefiskarar, men også for makk og sluk. Det var ein del forvirring rundt det at sikta var så pass dårleg, men etter kvart lærte vi oss kvar det var grunt. Det var absolutt verdt turen å reise bort å få den skotske stemninga inn, ein lærer ein heil del på ein slik tur. Ikkje minst den avslappa stemninga som råder ved elva. Det var også flott tillaga for fisking, med buder og benker ved dei beste hølane. I nedre del av sona var det oppmurt moloar og stier, mens det i fremste delen, som vi holdt oss i var heilt naturleg. Fiskane vi såg låg mellom 2-5kilo, og fisken var usedvanlig villig til å hoppe.

På veien heim stoppa vi på Whiskey destillery for å sjekke ut korleis godråpene vert produsert, og det vart imponerande.

Ellers stoppa vi ved ei diger demning der det var ei kjempediger laksetrapp, laks såg vi også.

Etter ei overnatting i utkanten av Edinburg var turen komen til å forlate dette hyggelige landet av laksefiskere.

06.08 Ej, Inge, Petter og Bjørn prøvde etter auren i Hornindalsvatnet heile kvelden, 19-24. Det var heilt stilt og nydelig vær, berre eit og anna reket, som var over like fort som det kom. Fisket var også heilt stilt, vi hadde ikkje hogg for heile kvelden. Dette var forferdelig kjedelig.
07.08 Eidselva Nor        22-08 På kvelden før det mørkna fiska vi ein del framme på flata, fram mot vatnet, utan at det gav noko resultat. Når det mørkna, konsentrerte vi oss meir om områda frå brua og godt fram på brekket. Etter at det hadde mørkna gikk Petter og Bjørn inn i bilane og la seg, mens eg og Inge holdt på på brekket. Plutselig var det ein fisk bort i med meg, eg slo til og der hang den. Eg stramma opp, men måtte sveive for fullt for å halde stramm lina, for fisken var på full fart framover i hølen. Idet den passerte meg var det fisken sin tur til å ta snøre. No var eg ganske sikker på at dette var ein fin fisk, for den raste ut tjuefem meter med sene på eit øyeblikk, og var komen fram i djuphola på andre sida av elva. Her stoppa den opp og det var min tur å vinne snøre att. Dette gikk veldig greit, og plutselig var fisken like foran meg, no kjem snart eit skikkelig utras tenkte eg, men fisken følgde lydig etter og idet den kom siglande frametter grusen såg eg at den var mykje mindre enn det eg hadde trudd i starten. Men ein nydeleg sjøørret på ca 1135g er ikkje å forakte. Etter dette vart det fisking heile natta, men det var ikkje napp før det vart lyst att. Då greidde Inge å slite seg ein fisk under brua på makk. Ein ørret på ca. 400g, den var lang, skrinn og mørk. Etter det kom sola og vi gav oss.

Det var spennende å fiske her for vi såg mange store fiskar framme på brekket på kvelden før det vart mørkt, så du viste aldri kva du kunne få. Ellers ein fin plass å fiske på om natta, om du ikkje er for mange.

09.08 Eidselva Stokkenes 12-24

Det var værmelding som endelig meldte om værforandring, sørvest kuling og regn. Det har ikkje vore laksevær på 2 månader, så vi såg positivt på det på forhand. Men regnet lot vente på seg, det skya over, men det var og vart opphold, og når det endeleg tok til å regne var det berre lett yr, men i det minste var det overskya. Petter hadde kort frå midnatt fredag til middag søndag, mens eg hadde frå lørdag middag. Første halve døgnet var det dødt med Petter, men det var ein viss bevegelse på brua, så vi såg lyst på kvelden og natta. Vi fekk vere åleine første timane, før det kom ein gjeng som vi hadde prata med på fredagskvelden, det var tre karer og ei flott jente. Vi såg fleire fisker i elva, men  ingen kjente fisk før det var begynt å skymes. Då var Petter nedanfor på Skipnes, mens eg stod i Svingen. Omtrent samtidig fekk vi på fisk, min tok like bak Tutu. Dette var ein stor fisk, den gikk raskt midt fram i hølen, der den snudde og rende unna elva for full maskin heilt bortunder land, og sjølvsagt på bortsida av Tutu. Fisken drog sena rundt steinen til den var komen ned bak Frisørane, då slitna sena. Det vart litt banning før eg fortsatte vidare. Like etter kom Petter gåande med ein flott sjøørret på 2100g tatt i Skipneshølen. Sjølv om det såg veldig lyst ut for natta, reiste dei andre heim når det mørkna, mens eg og Petter holdt ut.

10.08 Eidselva Stokkenes 00-12 Vi prøvde litt med fluge i Svingen på det mørkaste, men holdt oss ganske rolege heile natta. Når det lysna igjen gikk Petter nedover for å prøve seg i Skipneshølen igjen. No var været opplett med skodde i fjella, som sakte letta. Eg vart igjen ovanfor og fiska. Eg gikk fram på Auregrunnen for å prøve, men dei fiskane som stod her trekte fram i Mastehølen, så eg trekte etter. Eg var borti fisk eit par gongar, men fekk dei ikkje til å henge. No kom ein gjeng på andre sida, og like etter fekk dei ein av dei fiskane som eg stod å fiske på. Denne skremde dei andre som trekte framover i Arnfinnhølen, her stod ein av dei andre og tok seg ein til. Eg tenkte at eg også måtte kome meg foran fisken, så eg traska meg fram i Hegresvingen, for å fiske på sandbota foran Arnfinnhølen. Her tok det etter fisk heile tida, og til slutt fekk eg hekta på ein av dei. Dette var ein fisk på rundt ein kilo, den var med nesten fram til meg, før den raste ut til midten av elva, så kom den fint sigande etter fram igjen, før den gapte og spytta ut marken. Eg fiska ei stund til her for fisken fortsatte å slå etter, men den vart ikkje sittande fast. Så eg gikk nedover til Åbrekkhølen for å sjå til Petter. Eg pusta letta ut når eg såg at Petter heller ikkje hadde fått fisk. Men oppdaga når eg kom ned til bordet at Petter stod å holdt på fisk. Sidan han stod midt i elva enno, kledde eg sakte av meg vest, stenger og genser, før eg tok håven og kleppen og tusla meg nedover. Og gjett kven som vart letta over å få hjelp, han sa at han hadde stått og holdt på fisken i ca. 3 min, og at det var ein stor ørret på rundt 5kg. Han ville prøve å få med seg fisken opp i Skipnes, og fisken følgde motvillig etter, og med lisjetroda og 0.20 sena i heilspenn fekk Petter meter etter meter. Etter ca 20 meter glapp plutseleg taket, og kroken kom susende. Synd for dette var ein fin fisk. Vi satte oss ned og roa oss litt, før vi tok til igjen. Vi hadde akkurat starta igjen idet Petter roper at han har ein storing til på, denne var nok hakket mindre, men den er nok rundt 4kg. Denne heng på berre ca eit minutt, før den også løsner. No var Petter mildt fortvilt. Han prøvde eit par ganger til på langstrekket, før han tusla seg fram. Eg vart igjen ei stund, fordi eg hadde vore bort i ein fisk bak andre steinen. Petter hadde akkurat gått i det den tok, den hang på i 15 sekunder, før den slapp, den var berre ca.0,5kg. Etter dette vart det solskinn og varme igjen og fiskebettet var over for denne gongen. Vi prøvde i nesten alle hølene, men det var ingen hjelp i, så vi gav oss for denne gangen.

Det var eventyrleg mykje fin fisk på elva denne helga. Dette er ei fin tid å fiske på denne sona på, fordi no er elva behageleg lita, samtidig som fisken går kvar natt, nesten uansett vær og forhold. Berre uflaks gjorde at vi ikkje gjorde det heilt store.

16.08 Kilselva Heile    00-07 Ej og Inge ville prøve laksen igjen. Vi fiska i nedre del av elv til dess at det var så vidt begynt å lysne. Her nede var det ingen ting å få, så vi satsa på oteren i nederste vatnet. Det såg veldig bra ut då Inge hadde etter fisk heilt med det samme, men det vart ikkje så bra som vi hadde håpt på, for etter dette, så hadde vi berre nokre få hogg. Det var nok litt for stille.
22.08 Eidselva Nor        21-08

Ej, Petter og Inge skulle prøve å gjenta suksessen ifrå sist på Nor. No var elva lita og varm, og det såg ut til at fisken hadde trekt vidare fram i vatnet. For det var veldig lite fisk igjen her på sona, men vi fikk to mindre aurar. Det var eit par større fiskar som dreiv å rota rundt i demninga, men det var ikkje muleg å lure dei.

23.08 Stryn Nedrefloen 21-23

Vi var inn å besøkte Geir Kåre, ej, Inge og Petter, og måtte då prøve vatnet. Det var ganske spesielle regler i dette vatnet, men det var ganske greit å følge dei. Dette var første gang vi fiska her, men vi hadde fått god veiledning, og vi hadde kjentmann ombord også. Vi holdt ikkje på lenge før vi kjente fisk, men det var berre småplukking, men eg greidde å hekte på ei lita ei etter ei stund. Etter dette var det dødt ei stund, før eg fekk på ei til. Denne kjentes litt større ut enn den forrige på knappe 30 cm, og det var den. Det var ein liten aure på ca. 700 g. Dette var alt vi fekk denne dagen.

Det var eit fint vatn å fiske i, akkurat passe stort, og det var lov å bruke motor slik at det ikkje vart lange armer.
24.08 Stryn Nedrefloen 11-13

Eg sette ut oteren når vi kom ut om moloen, og hadde fått den ut rett før vi var komne på andre sida av vatnet. Då slo det seg på ein stor fisk som gikk rett til himmels, og viste seg som ein flott fisk på ca. 3 kg. Etter 3-4 minutt hadde eg fått den inntil båten, men den holdt seg på trygg avstand i frå klepp og håv. Men endeleg la den seg over på sida og kom glidende inn mot båten. I det den var berre centimeter ifrå å verte håva, vakna den til live igjen, og rende ut 3-4 m. Her la den seg over på sida igjen og kom glidende. Så vrei den litt på seg, gapte og spytta flua. Det vart stille i båten, men det var lite å gjere, anna enn å prøve vidare. Det skulle vise seg at det var veldig gode forhold denne dagen, og før vi gav oss, hadde vi i båten til Atle Slettevoll 2 fiskar på vel kiloet, mens båten til Petter og Inge hadde fått ombord 3 stk. Den største av dei på heile 2,3kg.

Ein på 2,3kg, ein på 1,4kg og ein på 1,1kg, pluss to småørreter.
29.08 Stryn Nedrefloen 22-24

Samme gjengen som sist helg tok laust innover. Forholda var ikkje like bra denne helga som forrige helg, men vi hadde trua likevel. Ej og Inge stoppa på Roti og ropte over elva til Tore og Bjørn, som hadde på ein eller annen måte lurt oss for korta på Stokkenes. Elva var så lita at vi kunne ha hoppa ifrå muren på Roti og over til Ledet. Men karane hadde sett mykje fisk og også fått eit par.

Utpå kvelden vart det regnbyger i lufta og heilt stille, så fisken var veldig forsiktig og til tross for eit par lette hogg, vart det ikkje fisk på oss denne dagen.

30.08 Stryn Nedrefloen 17-21

På ettermiddagen kom Tore og Bjørn innover ifrå Eid med ein imponerande fangst på 5 aurar og to utsatte pjakkar. Dei hadde også vore bort i mange fiskar til.

På Stryn hadde i løpet av natta, vatnet steget med 50 cm, og forholda var veldig dårlige for fiske i dette vatnet. Men det var tross alt fiskekonkurranse, så fulle av optimisme la vi ut, for å vinne. Det var ganske mange som stilte opp, men det vart lite fisk. Vi slutta av før tida, fordi det var så dårleg, men Petter som hadde fått ein fisk, han holdt ut i håpet om å få ein til, slik at han kunne vinne. Men 1,3kg var ikkje nok, den største fisken vart tatt langt nedanfor grensa like før slutt, og var eit kilo tyngre enn Petter sin fisk.

Det var artig med fiskekonkurranse, men vi får håpe på betre vær neste gang. Eg og Inge reiste ut til Nordfjordeid for å fiske der siste 12-12 kortet.
31.08 Eidselva Stokkenes 22-11

Elva var som resten av sommaren veldig lita, og no det minste ho hadde vore for heile sesongen. Men Refsnesbrødrene hadde fått fem fiskar og satt ut att to fiskar dagen før, så trua var på topp. Men forholda var mindre ideele i dag, og då hadde fisken kneppa igjen kjeften, men eg klarte til slutt, når det vel hadde blitt morgen å slite meg ein lørret på flotte 54cm og 1,7kg. Ein skikkeleg flott fisk, som det var eit heilt styr med. Vi hadde vore over på andre sida av elva og kika og Skipneshølen stod full av fisk, så vi satsa litt ekstra her. Vi var plaga av at fisken var så finspist at den ikkje ville henge, dette gjald spesielt i skuggen framme i kilen. Men til slutt klarte eg å sjå at den tok og då hang den. Fisken var skikkeleg hard og stri på lisjetroda, men til slutt fekk eg den inn imot land. Her trudde eg at eg skulle klare å håven den sjølv, men eg klarte ikkje å kome på hold. Så derfor skulle Inge håve den, men fisken den ville det annerledes og tok ei takling på Inge, som vart finta heilt ut i pølsebua, og nesten klarte å slite løs fisken. Så derfor var det med skepsis at han fekk eit nytt forsøk, fisken vart fleire gongar ført inn rett foran Inge, men han hadde slik motsol at han ikkje såg nokon fisk, derfor vart mannen beordret opp av vatnet og fisken dradd etter. Inge og Petter fikk ikkje noko.

Om natta i 4.30 nyhetene kom meldinga om at Diana hadde krasja.

28.09 Avslutta som vanlig med eit par turar fram i elva i Sædalen. Første turen var det ej, Inge og Ståle som var fram. Det var sørvest kuling og regn, og 10 kalde grader. Det var lite fisk som hadde gått fram, men det stod litt fisk i Langsvingen og her fikk vi nokre fiskar. Vi fikk også nokre i utosen på sivtjønna. Totalt fikk vi  ca.15 aurar.
12.10 Mens på den andre turen i Sædalen var det ej, Vidar Gjerde, Andre Leikanger og Knut Nystøyl som prøvde lykken i elva. Vi fiska lite før vi kom fram i storehølen. Her satte vi ut garn, men det stod lite fisk her, men totalt gav turen ca.12 aurar.
 

 

OPPSUMMERING 1997

Sjøauresesongen var elendig, mest på grunn av været trur ej, som var nordlig heile våren. Laksesesongen starta bra i Austefjorden, men dårligare andre plasser. Etter kvart vart det meir oppdrettara og berre ein og annen skikkelig fisk.

Så hadde vi ein flott tur til speykastingens mekka, River Spey i Skottland, men dessverre vart det ikkje fisk. Men slutten av sesongen vart betre, og spesielt var turane til Stryn flotte med skikkelig flotte fangster. Og siste helga tok det seg opp i Eidselva også.

Som vanlig avslutta vi i Sædalen, men heller ikkje her vart det full klaff.

 

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

06.07.2010