|
|
1996
03.04 |
Vi var på påsketur
på Sæbø, ej, Tore, Atle Oddvar og Inge. I -4°C fiska vi ein time i
Hustadvika med sluk, men vi verken såg eller kjende noko av påskeaurene. |
06.04 |
Ej og Inge var å
prøvde på ettermiddagen både i Hustadvika og på nordsida, men det var
heilt daudt. Men i det flotte været med solskinn og 5-6°C så var det ein
fin tur. Vi fann eit ulovlig garn på fløyt som vi drog. |
08.04 |
Vi stoppa ein time
på vei heim på Sætre i Ørsta, været var strålande med ein fin sluktrekk.
Men det hjalp lite, for vi kjende ikkje fisk, men vi såg ein fisk hoppe.
Vi såg fleire store fisker når vi stoppa på brua. |
18.04 |
Ej, Inge og Petter
prøvde Djupvikvatnet ein time på kvelden. Vi fiska på sørsida i stille
og skya vær. Allereie på andre kastet hogg det på fisk med meg, dette
var ein flott fisk på rundt 1 kilo. Kjøringa gikk greitt, men etter eit
halvt minutt så berre spytta den ut sluken. Etter dette var det heilt
dødt med alle. Vi prøvde også i straumane ved den lave brua på Herøybrua
etter sjøauren, men vi verken såg eller kjende noko. |
21.04 |
Ej og Petter prøvde
nokre få kast i Djupvikvatnet, men det var heilt dødt. Inge og Petter
prøvde også seinare i både Djupvikvatnet og Aspevikvatnet, men uten
resultat. |
26.04 |
Ej og Inge fiska
nordsida av Djupvikvatnet med sluk. Vi starta bak forsamlingshuset og
fiska oss austover, etter ei lita stund var eg bort i ein fisk, på neste
kastet berre følgde den etter, men på tredje kastet så beit den på. Det
var grunt, så fisken var rabiat, men berginga gikk greitt. Fisken som
var 35,5cm og vog 480g, hadde ein diger mage full av stingsild og
bendelorm. Auren var kvit i fisken. Vi fikk ikkje meir. |
01.05 |
Igjen prøvde vi
Djupvikvatnet, denne gangen parkerte vi i austenden og fiska oss
vestover på nordsida. Det var eit par fiskar som følgde etter med Inge,
men ingen fikk noko på sluken. Dette var ein fin plass. |
04.05 |
Ej og Inge
gjennomførte prøvefiske i Djupvikvatnet på vegne av Herøy og Sande JFF.
Vi fikk 71 fisker med ei snittvekt på 169g og 25,1cm. Fiskane varierte
ifrå 17 til 38cm, og ifrå 50 til 540g. For fisk under 25cm så var
halvparten infisert med bendelorm, mens for fisk over 25 så var der kun
2 av 21 som ikkje var infisert. 9 av desse 21 var det mykje bendelorm i. |
09.05 |
Ej og Inge prøvde
oteren langs sørsida av Djupvikvatnet ein time. Men ein sterk nordøst
kuling er dårlige fiskeforhold, men vi hadde i det minste eit napp. Vi
for vidare til Kalveneset der vi prøvde i Aspevika. Den friske vinden
gjorde at fisken stod heilt inne på bukta og vi var bort i mange
sjøaurar, men kun ein fisk hang på heilt inn med Inge. Dette var ein
fisk på 32cm og 320g |
10.05 |
Ej og Inge hadde
oss ein kveldstur til Aspevika. I dag var det heilt stilt, så vi satsa
på makk og dupp. Med det samme beit ein fisk på med meg, men den datt
raskt av igjen. Etter ei stund kom ei grele og ej sette på ein sluk
samtidig som ein fisk var oppe å vaka. Ej kasta over vaket og når sluken
kom til vaket så hogg fisken, den gikk inn i nokre tangkvastar, men ej
fikk den laus igjen og kunne berge ein fin sjøaure på 44cm og 800g.
Etter dette vart det stilt igjen og alt vart dødt. Vi flytta derfor
opp i Tuftevatnet å prøvde makken der, ej fikk først ei lita som gikk ut
igjen, så ei fin og feit krede på 32cm og 350g, etter dette fikk ej enno
nokre mindre, men desse gikk ut igjen. Inge fikk ikkje fisk som var
verdt å ta med. |
12.05 |
Vi fiska heile
natta i Aspevika og i Tuftevatnet, været var bra med lett nordaust bris.
Vi prøvde med både makk og sluk, men det var heilt dødt over alt. |
20.05 |
Ej, Petter og Inge
prøvde sjøauren i Aspevika denne kvelden, det var havblikk og enkelte
regnbyger. Vi fiska med sluk, og vi såg mykje fisk. Men kun Inge greidde
å få på nokon av dei, og han fikk til å med 2 fine fiskar på 560g og
620g. |
26.05 |
Eidselva Stokkenes 00-24 |
For første gang skulle ej prøve
tidlig fiske i Eidselva, sammen med Petter og Inge. Det hadde vore mykje
nordaust denne våren, men no hadde vinden dreia sørvest med 10
varmegrader, regn og regnbyger. Elva målte vi til kun 5°C, ikkje ideelt
med så kaldt vatn, og heller ikkje rapportane ifrå fisket før var for
oppløftande. Vi hadde hørt om kun 3 laksar på 10 dager med fiske i elva.
Ej fikk Petter til å referere denne turen og her er hans historie:
"Vi slo oss ned i svingen. Det var i mørkaste laget til noke
fisking, så vi fyrte opp grillen i staden. I halv to tida gjekk
Torstein og Inge Arthur ned til Skipenes, mens eg la meg til å sove.
Sov i vel ein time, men då begynte eg å fryse. Tok flugestanga og
fiska Svingen og ned til Holmen. Tok deretter makkestanga og fiska
nokre kast i Svingen, før eg gikk fram i Mastehølen. Kasta nokre få
kast fø eg fekk vase på snella og måtte klippe vekk 50m med sene.
Krøkte på ein ny makk, kasta ut i kulpen og fikk eit kraftig hogg. Eg
slo til skikkelig og fisken kom opp å rulla rundt i overflata før den
gikk fram og ned i djupaste kulpen. Eg stramma bremsa og begynte å
presse. Fisken stakk då i stor fart fram i Arnfinnhølen, eg stramma
bremsa litt, til fisken stoppa. Sveiva ein liten grann og fisken kom
sigande sakte tilbake i Mastehølen. Eg leita no fram kleppen, men når
eg såg kor stor den var, så fikk eg skjelven og la ifrå meg kleppen og
jaga fisken ut igjen. Eg stod ei stund å holdt på fisken og
ikkje heilt visste kva eg skulle gjere,
men
etter kvart klarna det igjen og eg la meir press på fisken.
Han gjekk på nytt fram i Arnfinnhølen, men ikkje like kraftig som
første gangen. Begynte å sveive sakte inn og kjente at han kom sigande
tilbake. Etter kvart la han breisida på straumen, eg passa på å
holde sena skikkelig stram og greidde å dra fisken på innsida av
straumen der det danna seg ei bakevje. Her var det lett å få
fisken opp i overflata, og eg holdt hovudet ut av vatnet i eit halvt
minutt. Fisken var no nesten dau og eg fikk kleppa den.
Det stod ein stor laks i Svingen når eg kom ned igjen, men eg
var fornøgd, tok meg heller eit par pils og nokre gode støytar med
whisky."
Det som ellers bør nevnast er at når Petter fikk slept laksen opp på
den bratte bakken etter kleppen, så tok han fisken opp i fangenet,
sprang 50m inn på marka og kasta seg opp på fisken for å holde den rolig
så den ikkje sprella seg ut i elva igjen. Vekta på fisken var heile
11,3kg, mens lengda var 103cm, den største fisken i elva så langt dette
året.
Når vi
andre kom fram igjen hadde vi lite nytt å fortelle, ej var bort i ein
fisk i Myrahølen, men den ville ikkje henge. I tillegg hadde vi sett at
det stod storfisk framme i Skipeneshølen, men til tross for at det altså
var fisk på heile sona så kjente vi ikkje noko meir. Når vi kom opp
igjen til Henrik så vart det sjølvsagt stort oppstyr med veging, måling
og fotografering, og Petter måtte fortelle alle detaljer i fiskeskrøna.
Vi såg lite fisk på brua, kun mindre aurar. |
01.06 |
Fyrdselva Fremste 02-06 |
Vi stoppa på Sætre i Ørsta i 40
minutt og prøvde sjøauren. Vi såg mykje fisk som hoppa, og ej fikk ei
krede på 15cm. Utpå natta friska vinden på til sørlig full storm, men
det var opplett til vi var ferdig. Petter starta med fluga framunder
fossen mens ej og Inge gjode oss klare. Han løfta på ein fisk, men den
sat ikkje. Etter dette var det heilt dødt, bortsett ifrå småkreder som
det var masse av.
Det var ei dårlig åpning både i Ørsta og på Sæbø, og i Austefjorden
vart det tatt ein laks på 4kg. Vi kjørte til Nordfjordeid og sov når vi
gav oss. |
02.06 |
Ørstaelva Ose 00-06 |
Ej og Inge stoppa for å prøve
Ørsta, vinden hadde gitt seg og som natta før så var det opplett for så
å gå over i regn på morgenen. Det var flo når vi starta, så vi satsa på
Heggjekrane og fiska oss nedover etter kvart som sjøen trakk unna. I
andre hølen hadde Inge etter fisk fleire ganger, men den ville ikkje ta
skikkelig. Så satte han fast og sleit, og eg reiste meg og sa at eg
skulle ta den. Og på første kastet sat fisken, kjøring og landing gikk
heilt greitt. Fisken vog 1120g og var 44,5cm lang, eg spretta den med
ein gong og den hadde 8 småkreder i magen. |
13.06 |
Ørstaelva Ose 18-24 |
Så var ej, Inge og Bjørn på tur
igjen, i nordvestlig bris og regn. Det var flo på kortet, men det var
kun eit par aurar som viste seg. Men på slutten av kortet gjekk ej fram
i svingen for å sjå om der stod igjen fisk, og det gjorde det. Fisken
tok og eg greidde å få den fast. Fisken kjempa ein flott og knallhard
kamp, men etter 3-4 minutt måtte den gi tapt, ein nydelig aure på 1170g
og 44,5cm. |
14.06 |
Ørstaelva Ose 00-06 |
Vi fiska nedanfor heile natta,
men det var dødt til klokka var halv 4 då ej fikk på ein stor aure på
2-3kg. Det var ein del straum her så det gikk lenge å sprenge den, og
etter ei stund så slitna sena. Like før klokka bikka 6 fikk ej ein fisk
ved butikken, denne var mindre og berginga gikk uten probelm. Vekta på
denne auren var 800g og 41cm. |
15.06 |
Ørstaelva Ose 00-06 |
Dagen etter var ej og Inge på
plass igjen, været var det samme, men fisket var dårligare. Men Inge
greidde til slutt å nygge seg ein fisk på ca.500g nedanpå plenen. |
19.06 |
Ørstaelva Ose 18-24 |
Ej og Inge tok oss ein
midtukestur innover og fiska 19-23. Været var vestlig, med regn og
skodde og dei vanlige 10 gradene på desse kanter. Det var omtrent som
forrige tur, veldig dødt, men Inge greidde nygge seg 3 fisker på
ca.500g, 500g og 700g. Ein på plenen, ein ved butikken og ein i andre
hølen. |
21.06 |
Ørstaelva Ose 18-24 |
Sjølv om ej og Inge var innafor
i midtuka så måtte vi stoppe og sjekke om det hadde livna til, men vi
fiska knappe 4 timer før vi var leie, det var skodde, men klarna opp.
Ellers var det heilt dødt. |
22.06 |
Fyrdselva Fremste 00-04 |
Vi fortsatte inn i Austefjorden
og var der ein halv time etter midnatt. Skodda hadde lagt seg igjen, men
den var ikkje verre enn at vi såg, i det vi steig ut av bilen, ein laks
hoppe bak på brekket ved fossen. Såg at den var på hugget, for den
blenkte og herja der nede. Ej hivde meg rundt og rigga til enhåndstanga
og sprang ned, og på veien ned blenkte den igjen. Med skjelvande fingre
sette ej på "Glødhekken" enkelkrok nr.8, og kasta bak på brekket. Pang
sa det, fisken slo etter med eit plask, men når ej slo til så spente ej
berre stanga og så kom fluga. Ej fortsatte å fiske, men dei neste 5
minutta var det heilt dødt. Kasta så litt kortere og meir tvers, og her
tok ein virvel tak i snøret og drog fluga djupt ned i hølen. Når ej drog
inn snøret igjen så stramma snøret seg, og ej slo til og kunne
konstatere at fisken hang fast. Fisken raste først ei runde rundt i
hølen og rista hissig på hovudet, før den gikk ned på botnen og stilte
seg opp. Her stod den rolig i eit minutt, og eg lurte på om fisken hadde
kjørt fast snøret i noko, og økte derfor presset for å sjekke om der var
liv, men like dødt. Var litt redde den satt løst når den rista slik i
starten, men eg tok sjansen og økte presset enno litt til, og no kom eit
lite nykk tilbake. Ej gikk lenger inn på breidda og kom då litt bak
fisken. Denne svarte med å sige framover imot fossen, men eg holdt god
stramming og fisken stoppa og kom sakte sigande bakover igjen. Plutselig
snudde den rundt og raste ei runde rundt i hølen, før den la seg på
straumen og prøvde kome seg nedover. La meg på stanga og fikk snudd
fisken heilt bakpå brekket, og fisken seig framover igjen og stilte seg
opp nede i hølen igjen. Ej forstod at dette var ein laks som hadde bite,
og begynte å sjekke landingsplass for stor fisk, men såg det kunne verte
vanskelig uten hjelp når ej ikkje hadde tatt med klepp eller håv. Såg
etter Inge, men kunne ikkje sjå han, så ej plystra for å prøve å
kontakte han. Han hørte meg og kom springende og ej fikk signalisert at
han måtte ta med klepp. Etter at Inge var komen fortsatte kjøringa i 4-5
minutt mens den tok fleire runder rundt i hølen. Den slakna no etter
kvart, men fortsatt måtte den over hovedstraumen som gikk stri langs
land. Eg bestemte meg for å prøve å få den over og stramma til litt.
Fisken kom sigande, men hadde ikkje tenkt å gi seg, så den blenkte nedi
hovedstraumen og seig bort igjen. Men den var skikkelig sprengt no og
kom berre halvveis bort i stilla før den slakna og kom sigande imot meg
igjen. Den rulla seg i overflata og blenkte før den samla alle krefter
til eit siste utras. Ej følte at no hadde ej overtaket og holdt igjen
litt ekstra mens den seig over imot berget på andre sida. Plutselig
gapte fisken og spjong så kom fluga fykande og enda oppe i eit tre. Var
ganske sikker på at den hang godt etter kvart, men var nok fast berre i
ein flik inne i kjeften som rivna litt etter kvart, og akkurat nok til
at den berga seg. Etter dette var det dødt både på fluga og makken, Inge
fikk eit par småkrede på fluge som gikk ut igjen. Rådet etter denne
opplevinga er å ha med seg augene og være rask når du ser fisk. |
28.06 |
Fyrdselva Fremste 20-02 |
Var på tur aleine denne helga,
det var disig, sol og nordaust bris, 17°C gjorde det til ein behagelig
tur. Men fisket var dårlig, var kanskje bort i noko litt større
framunder fossen på makken, men bortsett ifrå det var kun nokre mindre
krede å få. |
02.07 |
Ørstaelva Ose 18-24 |
Ej og Inge tok oss ein
tirsdagstur på grunn av kraftige regnbyger, men elva var fortsatt lita.
Vi prøvde frå butikken og framover først, men elva var for lita og det
var heilt dødt. Lenger nede var det mykje stor fisk oppi, fleire var nok
over 5kg. Det var lite straum og vanskelig, men det plukka litt bort i,
og i tillegg stod det 2 karer nedanfor plenen å fiska med dupp, og desse
fikk 5 fiskar, derfor vart vi ståande. Etter ei stund ved plenen så
prøvde ej å kaste litt motstraums, og på første kastet tok ein fin fisk,
og like etter fikk ej ein til på samme måten. Inge la om til dupp og
fikk raskt ein fin fisk før floa kom og stoppa bittet. Fiskane mine var
39cm 670g og 44,5cm og 1230g, mens Inge sin var størst med 1350g. |
05.07 |
Ørstaelva Ose 18-24 |
Så var det helg igjen å ej og
Inge var på tur igjen, denne gongen hadde vi fått med Arild Kirkenes. Vi
fiska nedanfor, og der var ein del fisk å sjå, men den nekta å ta, kun
ein fisk vart tatt ved butikken. Arild gikk framover for å prøve i
10-tida og var her med på å berge ein oppdrettar på 8-9kg, noko det vart
laga mange historier om, når den stressa mannen nesten uten fingre
skulle taile laksen uten spord. Ej og Inge gikk nedover i staden for å
prøve ved brua. Her fikk ej ein på dupp litt før kl.23, og ein halv time
seinare fikk også Inge ein. Min fisk var 45cm 960g, mens Inge sin var
46cm 1150g. |
06.07 |
Fyrdselva Nedre 08-12 |
Ej og Inge fortsatte, mens
Arild reiste heim. Etter litt ryting starta vi ved butikken og fiska oss
nedover, men det var dødt til vi kom ned til berget. Her stod det ein
del fisk, den var hissig etter, men den var småspist på makken. Men vi
greidde å kroke 3 fiskar, men miste masse, blant anna 4 fiskar på 4 kast
med sluken. Inge fikk årets første pjakk, 52,5cm 1250g, og ein aure på
38,5cm 560g, mens ej fikk ein aure på 39cm 650g. |
06.07 |
Kilselva 13-21 |
Vi kjørte vidare til Kile der
vi starta i osen, vi såg mykje fisk, Inge greidde til slutt å få ein
over minstemålet 37cm og ca 500g, men ellers var det umulig. Vi prøvde
oss framover, og i Veihølen fikk Inge ein aure til på 45,5cm 1050g.
Etter dette var det heilt dødt fram til vi gav opp. |
07.07 |
Ørstaelva Ose 06-12 |
Vi stoppa på vei heim og fiska
ifrå parkeringa og framover, men til tross for at vi såg nokre vak så
kjende vi ikkje noko. Men på vei ned igjen så fikk ej ein liten ein i
andre hølen, 34,5cm 450g. Det gikk nokre fiskar, og ein vart tatt framme
i svingen. Vi kjende ikkje noko meir. |
12.07 |
Ørstaelva Melsgjerde 18-24 |
Vi hadde lagt opp til tur for
Herøy og Sande JFF, og vi traff ein nydelig fin dag med solskinn, stille
og 20°C. Ej, Inge, Bjørn, Atle og Raymond Storvik, Ingolf og Leif-Ove
Djupvik hadde tatt turen. Vi prøvde det meste, men elva var lita og alt
var heilt dødt. |
13.07 |
Ørstaelva Ose 00-06 |
Men med godt mot
fortsatte vi utover natta, men det var forholdsvis dødt til det tok til
å lysne. Då vart det tatt ein pjakk på andre sida, og like etter så fikk
ej ein grensefisk som ej satte ut igjen. Deretter var det Inge som fikk
på ein flott aure i Langehølen, kjøring og berging av fisken som var
51,5cm og 1270g gikk greitt. Deretter var det min tur igjen, eg fikk
på ein fin pjakk også dette i Langehølen, fisken var seig, men kjøringa
gikk bra, men i det eg skulle dra den fram på grusen så falt den av.
Etter dette var det dødt bortsett ifrå at det vart tatt ein flott
aure på 2,5kg på sluk ved brua. Bildet er tatt på hytta som vi bodde på
dei neste dagane mens vi fiska på Eid. |
15.07 |
Eidselva Stokkenes 12-24 |
Eg, Inge og Bjørn fortsatte
turen vidare, og no skifta etterkvart været til meir vind og regnbyger,
men temperaturen var fortsatt bra. Vi hadde berre 2 kort fordi ei
engelsk familie var der sammen med oss, så vi delte dei mellom oss slik
at alle fikk fiske like mykje. Bjørn og Inge starta fisket og etter ein
og ein halv time så fikk Bjørn på ein sjøaure i Skipeneshølen.Den var
ikkje så stor, så han hadde små problem med å berge fisken som var
46,5cm og 750g. Når klokka var 18 så bestemte vi oss for å fare fram å
lage middag, og då møtte vi engelskmennene på vei ned. Etter eit par
timar middag var vi igjen i elva, no var det eg og Bjørn som fiska, og
sia engelskmennene stod i Svingen så då gikk vi nedover for å prøve. Det
var dødt her første timen, men så var det ein stor fisk som hoppa bakpå
brekket av Skipeneshølen. Vi prøvde den med alt vi hadde å by den, men
den ville ikkje. Etter dette sat vi å venta og var berre ut å fiska over
med jevne mellomrom, men det var dødt. Men ein gong ej og Bjørn gikk med
sluken, så såg Bjørn ein fisk som hoppa på strekket nedanfor, og derfor
fiska vi oss nedover. Men Bjørn måtte avbryte med for lave støvler ved
rota, mens ej fortsatte rundt denne. I det eg var komen akkurat lenger
enn der Bjørn hadde snudd, så verka gangen på sluken litt rar, akkurat
som om ei småkrede hang på, men på ein 32g sluk på 15cm så synes eg det
var rart. Inne på grunna stoppa sluken i noko mykt, men det hadde skjedd
fleire ganger og då hadde det vore mose som beit. Derfor drog ej til
skikkelig for å løyse sluken med ein gong, men sluken sat. Ej sveiva inn
slakka og drog til med eit skikkelig rykk til, og no løysna det og kom
sigande tungt, men då svarte det i andre enden, og ein fisk rulla i
overflata på 1m djup. Sia det var så grunt så var konklusjonen liten
sjøaure, sjølv om den verka større når den rulla. Eg sveiva inn og
fisken kom lydig etter, dette måtte være noko lite, men når den var
komen så nær at ej såg den,
så såg ej at det
var ein laks. Ej slakka derfor bremsen for å være klar når den oppdaga
meg og tok eit panikkutras. Ej vassa inn på grunna for å kunne lettare
følge fisken, men for å unngå slakke så fortsatte ej å sveive. Til slutt
var den rett nedfor føtene mine, og ej måtte begynne å rotere og dra
fisken med for å holde stram line. Ej prøvde å skremme fisken, men nei,
ok tenkte ej det er berre å kleppe den då. Men ej fikk ikkje laus
kleppen, så Inge sprang etter sin. Men fisken låg berre å rota, så ej
bøyde meg ned og tok den rundt sporden og bar den inn på land. Først når
fisken traff marka vakna den, og holdt eit fole liv når eg skulle kakke
den. Klokka var no 23.15. Vekta på fisken var 5300g og 82cm lang.
No tok ej igjen ei fiskepause mens Inge og Bjørn stod på med nytt
mot, og etter ei lita stund hang den på sluken til Bjørn. Fisken raste
berre ei runde i overflata før sluken løysna igjen. |
16.07 |
Eidselva Stokkenes 00-12 |
Etter dette såg
vi fleire fiskar, men ingen tok med oss, og når det mørkna så kom regnet
så vi trekte opp i Svingen der vi hadde basa vår. Inge skulle på
sjukehus neste dag, så for fram igjen å la seg, mens ej og Bjørn vart
igjen og prøvde fluga på natta mellom regnbygene. Når det lysna så gjekk
ej framover, her stod ein kar på andre sida, og han sa det stod ein stor
laks i Mastehølen. I tillegg såg ej fleire aurar på Auregrunna. Ej fiska
på laksen, men ej verken såg eller kjende noko til den. Aurane tok
heller ikkje, så eg gikk lenger framover for å prøve. Han på andre sida
fiska Arnfinnhølen og etter 5 minutt så fikk han ein fin aure på 1,5kg.
Sikkert ein av dei eg hadde sett på Auregrunna for her stod det no igjen
berre ein fisk. Vi gav oss utpå formiddagen og reiste fram for å sjekke
at Inge kom seg opp, og det hadde han greidd, for vi møtte han på vei
fram igjen. |
16.07 |
Eidselva Stokkenes 12-24 |
Ej og Bjørn sov mens Inge var
på sjukehus, men var oppe igjen når han kom. Vi hadde hørt ein smell
etter at vi var komne fram igjen, og når vi no kom ut så hadde bakruta
til Bjørn eksplodert, så vi holdt på å støvsuge opp glasbrot når Inge
kom igjen. Vi laga middag før vi gjorde oss klare og reiste i elva. Men
alt var dødt når vi kom ned dit. |
17.07 |
Eidselva Stokkenes 00-12 |
Vi fiska natta i håp om å få
oss ein aure eller 2, men det var heilt daudt, både om natta og på
morgenen. Ej snakka så vidt med engelskmennene som hadde kome tidligare
sia dei ikkje hadde fått noko før. Vi gav oss utpå morgenen for å pakke
sammen og vaske hytta før ej og Inge reiste til Sæbø. |
18.07 |
Ørstaelva Ose 06-12 |
Ej og Inge stod tidlig opp for å prøve
lykken i Ørsta, det var skodde og kjølig, men sola tørka denne og været
vart nydelig. Vi var bort i eit par aurar før sola slo skikkelig i
gjennom, og ein pjakk vart tatt i svingen. Når floa gikk ned flytta vi
nedover, ej fikk ei krede nedanfor plenen på 37cm 510g. Ej fikk også ein
aure på 1,2-1,3 som glei uti igjen før ej fikk kakka den. Det vart etter
kvart ulidelig varmt i solsteiken. |
19.07 |
Fyrdselva Nedre 18-22 |
Ej og Inge parkert ved kirka,
og når ej kom bort til elva så såg ej ein fisk på 1kg som stod 1m ifrå
land på 15cm vatn. Den hadde nok fjøra oppe, men når den såg meg så
stakk den. Det var dødt heile veien til Inge kom ned på berget. Her fikk
han 2 fiskar før ej kom ned. Etter dette fikk vi kvar sin før Atle
Storvik kom, han lånte stanga mi og fikk seg ein regnbueaure. Fisken ej
fikk vart definert til å være eit hybrid på 48,5cm og 1200g, Inge fikk
to sjøaurar på 40cm 650g og 50cm 1270g, samt ein regnbue på 38cm 520g.
Atle sin regnbue var 40cm og 650g. |
20.07 |
Kilselva Heile 00-12 |
I det flotte været fortsatte vi
sammen med Atle og Raymond. Vi starta nede og såg fisk i Veihølen, men
det var heilt dødt. Når det mørkna prøvde vi oss i mellomelva, men uten
resultat. I det det begynte å lysne gjekk ej og Inge fram og skulle
prøve oteren på fremste vatnet. På vei fram såg ej noko som låg og rak i
overgangen mellom brekket og vatnet, det likna på ein fisk, men då måtte
den være ca.10kg. Mens ej stod og kika kom Inge, han synes også det
likna ein fisk, men sidan det låg og duppa i overflata kunne det ikkje
være fisk. Det var enno godt skymt og derfor kom vi til at det var ein
stokk, men så synes vi den seig framover. Ej sparka ein stein ut i
vatnet for å sjå etter reaksjon, men ej tok ein stein og kasta litt
nærmare, men ingen reaksjon. Så tok Inge å kasta ein stein, denne traff
nesten, og då ingenting skjedd måtte det være ein stokk.
På oteren var
det heilt dødt, men då vi kom ned igjen kom Raymond storaugd. Han hadde
også sett stokken og kasta ein dupp med makk og skulle treffe den, men
mens han sveiva inn, bråsnudde stokken og kom etter. Guten fikk heilt
sjokk og sveiva fort inn for ikkje å få på kjempefisken. Men når han
fikk summa seg etter sjokket, så kom han på at det var nettopp derfor
han var her, å få fisk. Så han hivde ut igjen og fisken kom etter, og no
tok den duppen, men her vart den sjølvsagt ikkje fast. Etter kvart hadde
den sige over imot andre sida og sekt seg, så når vi kom hit no så var
den vekk. Utover morgenen var det heilt dødt.
Når vi kom til
Sæbø med ny familierekord i lasta, så måtte pappa avsted å prøve mens vi
gikk å la oss, og etter berre eit par timar så kom han tilbake med ein
laks som etter veging og måling viste at han hadde tatt tilbake
familierekorden, 86cm og 5800g. |
21.07 |
Bondalselva Sone 2 14-18 |
I strålande vær var ej og Inge
med Pappa bort i elva for å prøve på å gjenta han og gårsdagens suksess,
vi var optimister, men det var heilt dødt og ikkje noko å sjå heller. |
22.07 |
Fyrdselva Nedre 07-11 |
Igjen var ej og Inge tidlig
oppe, været hadde snudd litt, og det var regnbyger, men det hjalp ikkje,
for det var heilt dødt, kun pøt og masse berggylt. |
23.07 |
Fyrdselva Nedre 07-11 |
Nok ein dag var ej og Inge
tidlig oppe, været hadde snudd nordlig med skodde og overskya, men det
hjalp heller ikkje, for det var heilt dødt. |
24.07 |
Strandaelva Sone 4 16-23 |
Ej, Inge og Bjørn hadde sikta
oss inn på Stranda etter rapporter om mykje fisk i osen, men vi starta
framme i elva, men her var så gjengrodd at det var vanskelig å fiske. Vi
verken kjende eller såg fisk for heile kvelden. |
25.07 |
Strandaelva Ous 02-09 |
På natta flytta
vi ned på nederste sona, her hadde vi sett mykje fisk i osen, men ingen
ting i Laksehølen, så vi satsa på osen og auren. Og allereie på første
kastet var det fisk bortpå å plukka på fluga, men den vart ikkje fast.
og slik fortsatte det med masse fisk borti, men ingen som hang på. Bjørn
fikk ein stor torsk på makk, mens Inge ikkje kjende noko i det heile
tatt. Til slutt var det ein som tok nok i fluga mi til å verte fast,
og eg kunne berge dagens første, ein aure på 40cm og 740g. Noko seinare
fikk Bjørn ein regnbueaure på makk, denne var 41cm 975g. etter dette
vart det heilt dødt, så ej og Bjørn tok ei pause, og då greidde Inge å
få has på ein aure på makken, 46cm 1060g. Ette dette var det heilt dødt
igjen. |
29.07 |
Så var det årets
fjelltur for Inge, Bjørn og meg til Nersjøen i Holtålen, været denne
turen var veldig vått med vestavær og mykje regn, og dermed mykje mygg.
Vi camperte i ei grop på vestsida der vi hadde ly for vinden, og også
var utanfor der folk ferdast. Første kvelden gikk stort sett med til å
etablere leir og samle fyringsved, men vi fikk så vidt prøvd oss, men
uten resultat. |
30.07 |
I motsetning til
tidligare år var det mykje folk i området, så vi begrensa oterfiske til
morgen og kveld, mens vi fiska ein del med sluk på dagtid. Denne dagen
var då det var best vær, og då gikk vi fram ielva og fiska der. Vi fikk
oss nokre mindre kreder, men nok til at vi fikk oss ein smak. Når vi
gikk med oter så såg vi fleire gongar grøvlar bak flugene, men vi kjende
dei sjeldan. |
31.07 |
Men tredje dagen
var det endelig ein som beit nok med Bjørn til å verte fast. Mens ej
raskt tok inn min oter, så ba ej Bjørn ta det med ro slik at ej etter
kvart kunne komme til å hjelpe han. Men fisken var veldig lydig, så for
å holde kontakt så måtte Bjørn nesten holde mitt tempo. Men til slutt
hadde ej fått min oter på land og kunne bistå Bjørn, og sammen
manøvrerte vi fisken inn i håven. Fisken var nydelig med sine 54cm og ei
vekt på 1425g. Utover kvelden kom ei ny ladning med regn og vind, så
det vart lite fiske etter kvart. |
01.08 |
Denne dagen var den
dårligaste på værfronten og det begrensa fiskinga i stor grad.
Heldigvis så hadde vi forutsett muligheten for ein del døtid og tatt med
mykje lesestoff, men du vert ganske så maroder etter eit døgn på kun eit
tynt liggeundelag. |
02.08 |
Så var det å prøve
oteren ei rask morgenykt uten resultat og så pakke sammen og returnere
til sivilisasjonen, uten dei store fangstane, men vi hadde heller ikkje
i år lunnja. |
04.08 |
Fyrdselva Fremste 13-17 |
Tilbake på heimlige trakter
orka ikkje Bjørn å fiske, mens ej og Inge utfordra fisken. Men det var
Bjørn som var lurast, for to store laksar stod i nederste fossen og
blokkerte oppgangen slik at det ikkje hadde gått fisk på fleire veker.
Vi gav opp etter 3-4 timar. |
04.08 |
Ørstaelva Ose 18-23 |
No var det kun aurefiske og det
kun med fluge også, men Bjørn vart med og fiska. Elva var ganske så
lita, og det var heilt samstemt med fiskeriet. Ej fikk ein grensefisk,
men den fikk friheten tilbake. Dei andre fikk ikkje noko. |
07.08 |
Kilselva Heile 00-12 |
Ej, Tore og Bjørn tok laust i
nydelig vær med sol og 25 varme. Vi starta nede i ei lita elv med lita
tru, og i nederste elva var det dødt. Når det mørkna flytta vi fram i
midtelva, men det var like dødt her, så Bjørn vart lei og ville prøve
oteren. Ej holdt fjøla på neset mens Bjørn gikk ut lina, og like etter
at ej hadde satt ut fjøla så beit det. Fisken var heilt rabiat og holdt
eit voldsomt liv fram til den sleit seg av. Fleire fiskar var etter og
delvis hang dei litt også, og derfor ville ej også prøve oteren. Til
slutt fikk Bjørn på land ein aure ved utkjørselen, denne var mørk og ca
600g. Så var det dødt lenge før Bjørn fikk på ein stor ein. Denne var
roligare, og kjøringa gikk greitt, men å berge fisk i mørket skulle vise
seg vanskelig. Ej hadde håven, men såg aldri nokon fisk, Tore hadde lys,
men fant heller ikkje noko, og når då Bjørn fikk panikk og skulle prøve
å dra fisken opp igjennom ura, så gikk det som det måtte gå. Så kom
lyset og det var sommar igjen, og sammen med stigande temperaturer svant
fiskelysta, så vi pakka sammen og for til Sæbø, men dei manglande
utsiktene til fiskevær gjorde at vi reiste heim for å planlegge
beach-party. |
31.08 |
Ej og Inge var å
prøvde aure på kvelden, vi såg nokre fiskar som var framunder osen, men
dei ville ikkje bite. Vi prøvde også litt i elva, men her var det dødt.
Sigurd Nygård fikk eit par mindre sjøaurar i elva, og det vart mista
fisk på rundt 3kg etter at vi hadde tatt kvelden. |
06.10 |
Ej og Petter var
fram i elva i Sædalen for å prøve auren, ej fiska elva med makk mens
Petter gikk ein tur etter orren, ej fikk noko, det gjorde ikkje Petter.
Så satte vi eit garn og fiska ut litt småfisk. Totalt vart det 20 fiskar
på 22,5 til 30,5cm og 115 til 250g. |
19.10 |
Ej
og Inge hadde oss ein tur natt til 19. for å sjå til bestanden i
Jenselva. Elva var for lita, men vi såg ein fin kilosfisk som stod i
osen, og når vi kom opp i stilla over brua så fanga vi ein fin fisk på
28-29cm med håv. Denne vart sjølvsagt satt tilbake etter filming og
måling. Når det gjeld greina på bildet rett foran Inge, så visste
ingen av oss om denne før etter at bilda var framkalla. |
|