|
|
1995
04.02 |
Flott vær lokka oss til ein rekordtidleg sjøauretur, Inge
Arthur og ej. Målet var Ørsta, men i det vi kom inn dit slo været om, med nordvest full
storm, rokk & fokk, sludd og snø. Fant litt le i Selbervika, så vi holdt ut ei
stund. Ein fisk følgde etter sluken til Inge, ellers dødt. |
10.03 |
Ny sjøauretur, denne gongen til Aspevika og Haddalvika, men
igjen var vinden frisk, ellers fine forhold, men fisket var heilt dødt. |
25.03 |
No var turen komen til fjellauren og årets første tur til
Sædalsvatnet. Pent og kaldt vær, ein fisk følgde etter sluken til Inge, ellers heilt
dødt. Ingen vaking på eit blankt vatn. |
09.04 |
Påska skulle feirast på Sæbø, og då
var sjølvsagt sjøaurefiske ein del av det. Ej hadde invitert med Refsnesklanen, det vil
seie Inge Arthur, Tore og Bjørn på campingtur. Etter kvart skulle Petter også kome
heim, og skulle då kome etter. Første kvelden var det blankt og stille med -2°C, ikkje
ideelle forhold altså. Men mens vi stod å monterte utstyret, hoppa ein mindre fisk like
ved land. Bjørn var først frampå og kasta ut, og på første kastet kom ein heil stim
etter sluken hans. Ein fisk kasta seg over sluken heilt inne ved land, og fisken vart
berga greitt etter ein kort kamp. Inge Arthur kasta i same retning og fikk også stimen
etter sluken, men han var ikkje like heldig som broren, ingen fisk tok. Etter dette såg
vi nokre få fiskar hoppe, ellers heilt dødt. Etter ein time var klokka 21.30 og mørkret
kom, så vi pakka sammen og kjørte tilbake til campingvogna. Fisken til Bjørn var 750g
og 44 cm lang, tatt på svart jensen pirk |
10.04 |
Morgenen etter var vi tidleg oppe for å prøve morgenmondet,
og allereie kokka 0600 var vi komne i fiskinga. Været var som dagen før rolig, og det
var fisken også, såg ein fisk hoppe, ellers berre mort og pale. Ringane på flugestanga
frøs igjen, men ikkje verre enn at ej greidde å få fleire palar på fluga. Vi holdt ut
2 timar. |
10.04 |
Kveldsmondet gikk på samme viset 1,5 timar utan anna enn
mort. Såg nokre vak. Tempen over på pluss. |
11.04 |
Denne morgenen var vi ein halv time seinare ute, men til
gjengjeld holdt vi ut ein time til. Heilt dødt. |
13.04 |
Bjørn og Tore hadde no reist heim, mens Petter hadde dukka
opp. Etter alle dei dårlige turane siste dagane hadde vi bestemt oss for å prøve litt
nye plassar. Vi kjørte rundt, og enda til slutt opp på Nordfjordeid, der vi tok
kveldsmondet ifrå 1900 til 2130. Været var rolig, med blankt hav, lett regn og 5-6°C.
Vi fiske i Osvika. Inge fikk ein fisk på ca 300g nesten med ein gong, og ei lita stund
etter fikk han ei enno mindre, denne vart satt tilbake. Ellers var nokre få fiskar etter
sluken, men enten så berre slo dei etter sluken, eller så bomma eller snudde dei. |
14.04 |
Igjen var vi tidleg oppe og i fiskinga
klokka 0600. Været var som i går, men noko meir regn. Vi fikk mykje mort første timen,
før det brått beit ein av rette sorten på med meg. Kjøring og berging gikk greitt, og
fisken vog inn på 840g, fordelt på ei lengde på 45,5cm. Etter dette slutta morten å
bite, å det var rolig i 50 minutt. Då beit det på ein aure med Inge Arthur, fisken vart
kjørt på typisk Inge-vis, hardt og brutalt, fisken vart dradd igjennom tareklyser og
over stein og til slutt lempa inn på land, og alt dette med 020-sene, "I
believe". Fisken var 910g, men heile 49,5cm lang. Etter dette var det dødt fram til
vi gav oss klokko halv 10. Begge fiskane vart tatt på grønn stingsild, ei lys og ei
mørk. Det vart etter kvart vått. |
14.04 |
Med betre tru enn på lenge returnerte vi klokka 1230 for litt
middagsfiske, været var uendra, altså vått. Det var heilt dødt, såg to vak på 2,5t.
Ej prøvde ny vegn, dupp og makrell. |
14.04 |
Etter dette pakka vi sammen og sette nasa heimover, men
sjølvsagt måtte vi prøve på veien, det var no midt i kveldsmondet. Stoppa i Ørsta og
fiska i Selbervika, det var fortsatt vått og stille, +8°C. Vi hadde etter nokre fiskar
og såg nokre vak, men ellers forholdsvis dødt. Men med unntak av ei 5 minutts periode i
skyminga, då det vaka hissig midt ute på vika. Vi såg kun ein fisk hoppe på dei 2
timane vi holdt ut. |
16.04 |
Petter stussar i campingvogn, og vi var inn til Stryn for å
sjå på ei. Kom seint innover, men vi rakk kveldsmondet på badestranda sør for sentrum.
Været var nordlig, med sol og snøbyger, 0°C. Eg hadde etter noko nesten med det same,
men det vart berre ein stor grøvl. Fikk ein smolt litt seinare, i skyminga kom ein heil
stim med smolt og eller småaure, ellers dødt. Prøvde så vidt oteren på Strynevatnet
når vi kom fram igjen på vogna, men berre nokre tilslag utan fast fisk. |
17.04 |
På vei ut igjen stoppa vi på Nordfjordeid og fiska i Osvika
igjen. No var det sol og stille, mildt og fint var det i sola, men snøbygene låg ute i
fjorden å trykte. Vi hadde etter nokre fiskar, men ingen tok. Bra med aktivitet. |
23.04 |
Så var det flugefiskekonkurranse i Djupvikvatnet, det var
mildt og fint før på dag, men når vi starta klokka 1700 så var det komen ein frisk
nordlig bris med kald luft og litt skyer. Ej hadde etter eit par fiskar tidleg, men dei
ville ikkje henge. Ingolf vann konkurransen med dei to einaste fiskane, den største på
360g. |
02.05 |
Ej og Inge prøvde lykken i Skogevatnet i sørlig sterk
kuling, disig vær med +14°C. Vi fiska med oter på sørsida. Etter å ha gått halve
strekninga virka det som om snøret mitt sat fast i botnen, men så kom to seige drag,
før det løsna igjen. Eg tenkte at dette ikkje kunne vere fisk, for då måtte den vere
stor. 100m seinare tok ein fisk til, denne hoppa to gongar før den gikk rett ned, fleire
meter. Slik stod den heilt på botnen heilt til den var komen på land. Etter kvart vart
fisken meir hissig, men bomma ofte, men nokre fiskar vart det. Ej sleit fleire gongar,
mens Inge jevn og trutt drog fisk etter kvart som den tok betre og betre. Dei fleste fikk
vi i vestligaste enden, dei to største fikk ej på 425g, 35cm og 440g, 35,5cm, ellers
låg fisken på mellom 230g og 330g, feit og flott fisk allereie så tidleg. Til sammen
vart det 11 fiskar, ej 4 stk, mens Inge fikk 7 stk. |
12.05 |
Vi samlast ein gjeng ifrå HSJFF i Tuftevatnet for å prøve
fluga, været var klart, stille og kaldt. Atle Storvik hadde eit tilslag på nymfe, ej
hadde 6 tilslag på tørrfluge, men berre den siste hang ei kort stund. Ellers var det
dødt. |
19.05 |
Denne dagen var vi samla i Djupvikvatnet for å prøve der,
vinden var sørlig med vekslende ifrå sol til sludd og haglbyger, +2°C. Før vi andre
var komne igang hadde Inge fast fisk på sluken, og hvilken fisk, fisken hadde eit par
skikkelege utras, men kjøringa gikk bra og berginga gikk raskt og greitt. Vekta visste
800g og lengda var 40cm. Ej fikk ei lita på fluge, før Inge slutta av med ei til på
sluk. |
23.05 |
I nydelig vær var ej igjen på Skogevatnet med oter. Til å
begynne med var det rolig, men etter kvart som sola lavna på himmelen, så tok det seg
opp. Tore dukka opp etter kvart for å sjå om ej fikk noko, og no beit det jevnt og
trutt, men etter kvart stilna det og då slutta fisken å ta etter. Så det enda med 5
fiskar, ein liten på 175g, og 4 større på mellom 300g og 430g. |
28.05 |
No begynde laksefeberen og rive i kroppen, så den måtte
stillast med ein kort fjelltur. Ej, Tore, Bjørn og Inge Arthur fiska oss ifrå Holmen i
Sædalsvatnet og heilt inn i osen, men berre ei hang på med meg. I Kalvegjerdevatnet var
det også dødt, så vi trakka oss utover igjen. Ej fikk ei til ute ved Klubben. Inge fikk
ei på sluk, mens Bjørn som gikk føre etter å ha vorte sjuk, fikk to mindre fiskar.
Mine var heller ikkje store fiskar, ein på 150g 26cm, og ein på 160g 27cm. Været var
flott, for fint for fiske midt på dag. 20°C |
30.05 |
No var feberen nærmast akutt, så det vart ein kveldstur på
søre moloen etter sjøauren. Været var fint med lettskya, stille og 15°C. Såg mange
fiskar som svima rundt, men dei var lite interesserte i sluken min. Nokre mindre fiskar
følgde etter, og ein av dei beit til slutt, denne var 275g og 32cm og var utruleg full av
lus. Ej såg fisken heile tida stå bortpå, blant anna ein på rundt kiloet, men den var
heilt uinteressert. |
03.06 |
12-24 Ose Ørsta |
Så var turen komen til lakseåpninga for oss, og det var ej og Inge
Arthur som var avsted først, og Ose i Ørstaelva var målet. Været var bra, med delvis
skya, stille og 12°C. Vi fiska ifrå 14-22 utan hverken å sjå eller kjenne anna fisk
enn ein vi såg stå rett framfor brua heilt bortunder muren ved skulen. |
09.06 |
18-06 Ose Ørsta |
Igjen var Ose målet, no hadde Inge Arthur og broren Ståle reist føre,
slik at dei starta 1800, mens ej kom der klokka 2000. Det låg skodde i fjella, og det var
nokre lette regnbyger i lufta, 10°C.
Det var mykje fisk som spratt ifrå
parkeringa og framover, men det var ikkje mulig å få den til å ta. Inge fikk ein med
ein gong vi gikk nedover til Prix, denne var 900g. Etter dette var det dødt. Vi såg
samme fisken stå ved brua som forrige helg, men vi gridde ikkje å nå bort med makk, men
på mørkaste gikk ej ned med ein svart sluk og kasta over, denne hadde den sansen for og
på andre kastet tok den. Fisken var 1060g og var berre 43cm lang, noko som gir ein
K-faktor på 1,33. Når ej spretta den visste det seg at dette var ein kannibalaure, og at
den hadde 9 smoltar i magen som den hadde tatt mens dei var på vei ut. |
16.06 |
18-24 Ose Ørsta |
Denne helga var det Tore og Bjørn som var med på tur, og igjen var det
Ørstaelva og Ose som var målet. Været var nordlig, skya, men det var opphald og 14°C.
Det var meget dødt, men vi såg nokre hopp. Eg og Bjørn fikk ein sjøaure kvar ganske
tidleg, begge var mindre, min var 570g. Min tok på sluk på samme plass som forrige helg.
Rett før kl.24 fekk eg ein kloning mellom sjøaure og pjakk ved Prix. Denne var 40cm og
vog 720g. |
17.06 |
02-10 Nedre Austefjord |
Etter midnatt fortsatte vi til Austefjorden. Vi starta ved butikken.
Bjørn miste ein kilosfisk med ein gong, og fleire fiskar hoppa her. Når floa gjekk litt
ned følgde vi etter, ej miste eit par fine fiskar i nedkant av øya. Flytta vidare ned
til berget, rett før kortet var slutt tok ein sværing med meg. Den snudde og sette unna,
men etter 50 meter stoppa den og stod bom stille. Det var heilt dødt i andre enden, så
ej begynte å frykte for problem og stramma litt ekstra for å prøve om det var fast. Men
då kom den sakte sigande framover igjen. Etter 20 meter og eit par utrasforsøk, gapte
den opp og spytta ut kroken. Dermed vart det ingen fangst på oss. |
30.06 |
20-10 Nedre Austefjord |
På vei innover, sammen med Inge Arthur og Petter, kjørte vi i hagl og
sluddbyger, men heldigvis klarna det etter kvart og vart over 10°C varmare. Men det såg
ikkje ut til å hjelpe spesielt på fisket. Ej fiska nede heile tida, Inge fiska
nede første 4 timane, så 6 timar framme og så 4 nede igjen, mens Petter var framme
heile tida. Det hoppa ein del fisk nedanfor, men dei ville ikkje ta. Ej nogg meg ein liten
sjøaure på 560g ein halv time før slutt, det var alt. |
04.07 |
18-24 Nossen Ørsta |
Det var regn og regnbyger i lufta, så ej og Inge bestemte oss for å ta ein
kveldstur til Ørsta. Til tross for at det var tirsdag, så var pågangen på korta stor,
men vi fekk oss kort på Nossen. Rett før vi starta åpna alle himmelens sluser seg, og
det hølja ned heile kvelden, ellers 12°C og vestlig stiv kuling. Vi starta heilt oppe,
men her var det dødt. Når vi var komne ned til grushola igjen, stod Inge og såg på
makken sin som kom opp og stripa heilt bak på eit brekk. Plutselig kom ein fisk opp og
tok makken, Inge kjipte seg og tok eit kjent Inge-tilslag. Sidan pjakken var liten og
heilt oppe i overflata så letta den ifrå elva når Inge slo til, og når den først var
i lufta, så la Inge seg på stanga og lempa fisken over hovudet og inn over land. Men
akkurat då løysna kroken og fisken forsvant inn mellom seljer og bjørkeleggar. Ein
større leiteaksjon vart satt igang og etter ein stund dukka fisken opp. Like etter beit
det på med meg også i neste høl, men denne vart ikkje fast, så det vart med den eine,
ein pjakk, 900g. |
07.07 |
18-06 Ose Ørsta |
Denne helga hadde ej, Bjørn og
Inge fått med oss Atle og Raymond Storvik på tur til Ose i Ørstaelva, i pøsregn, sørvest liten
storm, men med opphald innimellom, 12°C. Vi starta framme med makk og fluge, men ingen
kjende noko. Når fjøra begynte å falle følgde vi etter nedover imot butikken og brua.
Når klokka var ca 22 begynte det å bite nedanfor, og på ein time fekk eg 3 fiskar,
Bjørn fikk 1 fisk og Inge fikk 3 fiskar,
og noko seinare fikk ej 2 fiskar
til. Alle var flotte sjøaurar av ypperste kvalitet. Den største var for eksempel 1980g
og 52 cm, noko som gir ein k-faktor på heile 1,41. Fiskane var heilt sølvblanke, noko
som tyder på at den hadde gått pelagisk, og truleg sammen med ein sildestim etter
kroppsforma å bedømme.
Vi gjekk etter kvart fram igjen, og stoppa då og la fiskane i
bilen, sonen til Atle vakna når vi smekka igjen bagasjelokket og kom ut og lurte på om
vi fikk noko. Nei, vi hadde no fått litt då, sa vi, men ikkje all verden. Men det var
tydlegvis ikkje han heilt enig i, og ropande for han framover for å finne faren, for no
skulle han gjere oss opp igjen. Vi gjorde oss ferdige og på vei vidare fram møtte vi
Atle som hadde fiska her framme heile tida utan eit einaste napp. Sjølvsagt nekta han å
tru oss, men når vi åpna bagasjelokket og leitte fram to peise fulle plastvesker med
fisk, så fikk pipa ein annan lyd. Det vart fiska iherdig vidare, men det var gjort for
den dagen og ingen av oss fikk noko meir.
Fiskane mine var i tillegg til den største,
1,21kg, 1kg, 0,6kg, 0,5kg, Bjørn sin var 0,73kg, mens Inge sine fiskar var 1,38kg, 0,72kg og 0,4kg. Alle var knall raude i
kjøttet og vart tatt på makk. Når morgonen kom pakka vi sammen og reiste over til
Sæbø for å få oss nokre timar søvn, Atle og sonen for ut igjen. Her vart det filming
av dei lykkelige fiskarane. Inge fikk dei tre lengst ifrå vogna, Bjørn den neste, mens
ej dei fem nærmast vogna. Dei minste fiskane vart ikkje frosne, men vart frokosten vår
når vi vakna igjen nokre timar seinare. Og dermed var vi klare for nye eventyr. |
08.07 |
18-24 Ose Ørsta |
Gutta var hevnlystne når vi igjen hadde fått kort på Ose. Vinden hadde
spakna, og regnbygene var betydleg lettare enn dagen før, og det låg litt skodde i
fjella. Det var dødt i starten, men det var mykje fin fisk oppi. Bjørn åpna ballet
denne dagen, før ej også fikk ein. I 22-tida fikk ej ein liten til og Inge fikk to små.
5 minutt før slutt stod ej og Bjørn å prata, mens snøret hang borte i elva. Plutselig
var noko bortpå, og ej slo til. Etter 5 minutt med mange utras med hjelp av straumen, kom
den endeleg på land, og dagens største var berga. Og dermed vart det knock out også i
dag, fiskane mine vog 1,56kg, 1,44kg og 0,73kg, Bjørn sin vog 0,7kg, mens Inge sine
fiskar vog 0,4kg og 0,45kg. 8-5-2 i min fordel, og med dei tre største i helga var eg
strålande fornøgd. |
14.07 |
18-24 Ose Ørsta |
Etter suksessen forrige helg, så måtte vi tilbake til Ose for å sjå
om der fortsatt var mykje fisk. Inge var veldig hevnlysten etter forrige helg, då ej på
det nærmaste knuste dei. Bjørn hadde også mykje å hevne så han vart også med denne
helga. Været var flott, med vindstille, overskya og 18-20°C.
Bjørn var den
som åpna showet denne helga, før Inge casha inn to stykker og til slutt kom også ej på
bana, før Inge fikk sin tredje for dagen. Så vart det dødt ei periode før Inge kjende
noko var bortpå og plukka med han. Han slo til og kjende straks at fisken hang fast, Inge
holdt stanga høgt for å sikre kontakt med fisken, men plutselig vart det slakt og fisken
tok sjølaust. Inge hadde ikkje fått noko inntrykk av storleiken, men no såg han at det
var ein svær fisk og skjelven kom. Kontakt vart gjenoppretta med fisken som gjorde
sjølaust to gongar til, før den roa seg litt. Etter kvart kom fisken oppunder land, men
raste straks ut igjen, men den hadde begynt å slakne no, og var straks oppunder land
igjen. Fisken var no trøtt, men var fast bak i munnviken, slik at den hadde god styring
og dermed god hjelp av straumen. Men etter mykje møje kom den til slutt siste biten, og
Bjørn kunne håve den. Inge var kjempefornøgd og takka stort for hjelpa med å halde roa
når skjelven tok litt overhand og fisken begynte å hoppe. Etter å ha beundra fisken
ei stund begynte ej og Bjørn å fiske igjen, mens Inge trengte nokre minutt til å hente
seg inn på.. Men då Bjørn fikk ein fisk til, så måtte Inge i gang igjen, og ikkje
lenge etter vart det ein fisk til på han. Han hadde no fylt kvota på kortet, og stakk
avsted for å få seg eit nytt kort, men det vart ikkje meir på nokon denne kvelden.
Vekta på storfisken til Inge visste seg å vere 3910g og lengda var 67cm, eller var vekta
på hans fiskar 1425g, 1250g, 650g og 450g. Bjørn sine fiskar var 975g og 650g, mens min
vesle pinne var 620g, så ein må sei at Inge fikk hevn til gagns |
15.07 |
04-08 Nedre Austefjord |
Petter dukka opp når vi var nesten ferdig på Ose, og sammen for vi
innover til Austefjorden. Her la Petter og Bjørn seg nedpå og sov, mens ej og Inge tok
oss ei ykt. Eg var bortpå ein kilos fisk, men den hang berre eit par sekund før den
slapp. Eller fikk vi ein del grensefisk som vart satt tilbake. |
16.07 |
Utpå morgonen fortsatte vi til Nordfjordeid og inn på vogna
til Petter, som han tidlegare på våren kjøpte av Arild Kirkenes. Først stod den i
eplehagen til Henrik på Stokkenes, men no hadde han flytta den fram på Nesjartun
Camping. Etter nokre timar søvn var gutta igjen klare, og turen gikk bort på vatnet for
å prøve Honndalsauren. Vi stilte med to oterer og to stenger med sluk. Vi starta med ei
runde ned imot utløpet, før vi runda inn langs land på nordsida. Eit par hugg og nokre
mindre fiskar var resultatet i det vi runda neset rett overfor campingen og fortsatte
innover stranda. Langs land var det her ganske stille, men vi gikk likevel nær land.
Etter nokre hundre meter, satte Petter, som hadde oteren opp imot land, i eit
"Oii", noko stramma i sena og ein grov grøvl dukka opp omtrent midt på lina.
Dette var stor fisk, for Petter måtte gi slakke når fisken raste ut, så slakna det av
og Petter begynte å ta inn det tapte, men dette likte ikkje fisken og snudde. Petter var
usikker på størrelsen og holdt igjen, dette var veldig upopulært i andre enden, og
fisken rulla rundt i overflata med plasking. Så kom sporden opp i lufta, som for å vinke
til oss før den slo til og var fri ifrå Petter, men ikkje ifrå fluga hans, som den tok
med seg i djupet. Kor stor den var er vanskelig å seie, men den var større enn det nokon
av oss har fått av blankfisk, etter sporden å dømme må den ha vore minst 5kg. Etter
dette fortsatte vi ei stund til langs land før vi kryssa over tilbake til campingen. |
17.07 |
Trua var på topp då vi neste ettermiddag
igjen var på vatnet, Bjørn hadde reist heim, så vi var no berre tre. Ifrå kl.17 når
vi starta og i fire timar var det nesten heilt dødt mens vi seig inn langs land på
nordsida, kun nokre mindre fiskar som alle vart satt tilbake beit. I det vi var komne inn
imot neset rett overfor tunnelene hadde regnet tatt seg litt opp, men vi var fortsatt
rimelig tørre, men det var ganske kaldt å sitte rolig. I det vi skulle krysse vatnet kom
ei skikkeleg byge med vind og vasshagl, men det skulle vise seg å verte den siste, og
når det roa seg, så kom kom ein rolig bris, før det stilna heilt av og ein varm
fønvind strauk forsiktig over vatnet. Det virka som at haglet og det varmare været hadde
vekt opp fisken, for no beit det jevnt og trutt mens vi nærma oss campingen. Siste
stykket sula vi opp og spida på for å rekke heim tidsnok for å levere ifrå oss båten
før kiosken stengte. Vi hadde med 4 fiskar heim når rundturen var omme etter 6 timar på
vatnet, ingen storfangst, men artig at det tok seg godt opp etter den labre starten. Vekta
viste 255g og 310g på dei to aurene som beit på hos Inge, mens ej fikk ein aure og ei
røye, auren var 350g, mens røya var 210g. På bildet ser vi Petter holde mine to fiskar
etter at vi var tilbake i vogna. |
18.07 |
Enno ein ettermiddag på vatnet. Vi konsentrerte oss
først om området der vi miste stofisken, men her var dødt så vi seig ned imot enden,
men også her var det dødt. I det vi passerte ei stort tre i vannkanten skremde
oterfjøla ein større fisk så vannspruten stod. Fisken stod heilt innunder land under
treet. Vi fekk eit par mindre fiskar etter dette, men dei var så små at dei fikk
friheten tilbake. |
19.07 |
18-06 Ose Ørsta |
På vei ut igjen stoppa ej og Inge i Ørsta for å prøve. Været var som
dagen før rolig med skya, opphold og 12°C. Vi starta ved pumpestasjonen og fiska oss
framover. Når floa kom framover så var ej komen fram på brekket. Ej såg herifrå ein
fisk hoppe i svingen foran. Elva var lita og klar, så ej hadde lisjestanga og 0,18-sene.
Ej starta litt framme i straumen og fiska meg ned imot der den hadde vore oppe. I det ej
kom ned dit var det fisk bortpå, men så forsiktig at ej holdt tilslaget tilbake. På
neste kastet var den meir uforsiktig, og no slo ej til og fisken vart fast.. Fisken var
seig og lite villig å kome innunder land, og ikkje kunne eg vere for hard med den vegna
ej fiska med heller, men til slutt tagna den. Prøvde å lure den ned i håven, men det
ville den ikkje vere med på, så den vart dradd fram på grusen utan at det var nokon
dramatikk i det. Vi følgde etter kvart floa medover igjen, men elva var så lita at det
nedanfor ikkje var fiskbart når ikkje fjøra gikk ned om brua. Det stod mykje fisk her
nede, men når ikkje det var fiskbart så var den umulig å få.
I det det mørkna
seig vi fram igjen, og Inge satte seg i bilen og gikk i dvale, mens ej tok flugestanga og
gikk framover. Etter ei stund var det ein ungdom som fikk ein liten pjakkpå ca.900g på
fluge i strekket ned ifrå brekket. I halv 4 tida var det begynt å lysne, og vi fiska oss
ned strekket igjen, han først og ej etter. Når han var komen i enden og holdt på å
sveive inn, stramma plutslig snøret mitt seg opp av at fluga vart holdt igjen der borte i
straumen. Ej letta stanga og fisken hang på. Og etter ein kort kamp vart også denne
dratt fram på grusen, for denne var også svært lite villig til å ende i håven. Fisken
vart hengt opp etter alle kunstens regler, men noko seinare når ej passerte så var den
vekk. Dette var litt inne i skogen så ej gikk inn for å plukke den opp ifrå marka, men
fisken var vekk. Leitte rundt i området, men ingen fisk, neinei tenkte ej, då er det vel
nokon som får seg middag då i dag. Men i det eg var på vei ut av skogen fikk ej sjå
ein katt inne mellom oreleggane og temkte at her kanskje var han som var ute etter middag.
Og ganske riktig der låg fisken, katten hadde gnagd litt på snuten av fisken, men ellers
var den like heil. Dermed var det ned for å vekke Inge og fortelle om min første
flugefanga pjakk, tatt på favoritten "Glødhäcken". Første pjakken var 1275g
og 53cm, mens min første flugefanga pjakk var ein typisk Ørstapjakk på 48cm og 1025g. |
21.07 |
12-24 Stokkenes Eid |
Så var turen komen til årets tur til Nordfjordeid, og det var ej og
Bjørn som var på tur. Været var skiftande, med regnbyger og sol om kvarandre. Det var
kaldt om natta, men behagelig om dagen med rundt 20°C. Vi var på plass tidleg, og starta
fisket på slaget 12, men etter 4 timer med fiske utan at vi hverken hadde sett eller
kjent noko, så tok vi oss ei pause for å ete middag. På kvelden var det heller ikkje
mykje å berette om, ikkje kjente vi noko, og ikkje såg vi fisk ifrå trea heller. |
22.07 |
00-24 Stokkenes Eid |
Laurdagsmorgonen var det komne nokre fiskar i Skipeneshølen, blant anna
ein stor ein i fremste delen. Men dei tok ikkje uansett kva vi baud dei. Den store var
oppe ein gong i halvtimen og rulla seg, og lenger bakpå stod ein på 5-6kg. Ved middag
kom ein danske på motorsykkel for å fiske. Vi holdt på til landskampen imot Frankrike
begynte, og etter dette kom regnet, så det vart ikkje kveldsfiske på oss. |
23.07 |
00-12 Stokkenes Eid |
Vi starta på igjen i 4-tida når regnet gav seg og lyset kom. Dansken
hadde fiska heile natta og hadde i 2-tida fått seg ein laks på 4,5-5kg. Storingen var
vekk i dag, og det stod fisk på heile sona. Blant anna stod det ein fin ein i Svingen,
men både den og alle andre fiskane nekta å ta. Sluttkommentarene til denne helga i
rapporten min var litt artig, så denne vert her referert ordrett:
"Vi var ned på brua fleire gongar, men på fremste brua var det berre 10-20
fiskar. Nede på nederste gikk ein stim på ca. 60-70 fisk, men det var berre ein
skikkeleg laks, 5-6kg. Eit heilsvart år på Nordfjordeid. Elva har vore alt for stor og
kald. Det var fortsatt mykje snø i fjella."
I dag kalles dette for drømmeforhold!! |
24.07 |
18-06 Ose Ørsta |
Etter å ha skifta tur var det igjen fiske, no aleine. Stoppa i Ørsta
på vei innover til Sæbø på vogna. Kvelden var skya, mens det klarna opp på morgonen.
Elva var lita og det var dødt, Sindre og Ståle var her også. Utpå kvelden kom Ståle
og fortalte at Sindre hadde fått ein pjakk på rundt 2kg framme på Heggjekrane. Mens ej
greidde å nike meg ein middagsfisk nedanfor på natta. Vekta på pjakken visste seg å
vere berre 850g og 47cm, mens sjøauren min var 560g. Så augemålet til Ståle var litt
feiljustert. |
27.07 |
18-24 Rise Sæbø |
Ej og pappa var bort i elva i nydelig vær, sol, stille og 25°C. Ej
fiska mest med fluge, men prøvde makk heilt til slutt. Pappa snudde på ein klokka 21.30,
ellers var det dødt på oss, det vart tatt 3 fiskar på andre sida. |
29.07 |
24-06 Ose Ørsta |
Tore og Inge hadde fiska her om kvelden utan å få noko, mens ej og
Bjørn satsa på nattfiske. Været var fortsatt nydelig med nattetemperaturer på 20°C.
Såg ein del fisk som hoppa, men forholda var vanskelig og det vart ingen fangst på oss
heller. |
30.07 |
Så var turen komen til årets fjelltur til Ålen, og søndag klokka 16 var
vi komne opp til vatnet. Etter at vi hadde slått leir og fått i oss mat, så starta vi
fiskinga. Været var litt småvått med vind, men fisken var ikkje bitevillig, uansett kva
vi baud den av sluker. I det det begynte å mørkne prøvde ej ein blå spesial på siste
neset med tre på, og der var noko bortpå og pirka. Eit par kast seinare tok det
skikkeleg, og eg forstod raskt av det var ein fin fisk. Fisken baud på ein flott fight
med nokre fine utras og litt rulling, men utan stor dramatikk. Håvinga gikk greitt, og
vekta visste heile 1465g og 48,5cm var lengda. Før vi la oss, la eg ut ein dupp med mark
i innløpsosen. |
31.07 |
Når ej røkta duppen på morgonen så hadde ein fin fisk på
ca 300g bite på. Det vart ei lita ykt med fiske på morgonen, men ingen fangst. Så gikk
vi ned for å handle no når butikkane hadde åpna. Hadde også med fisken min ned, og
fikk fryst denne på S-laget i Ålen. I det vi var på vei fram igjen, så tjukna det til
og heile kvelden var det øsende regn, så det vart ikkje fiske på oss. |
01.08 |
Tirsdag morgen kl.6 letta det og noko seinare var det på tide
å prøve igjen. Bjørn tok oteren og gikk ein tu, mens eg prøvde i nærheten av osen med
sluk. Etter ei stund la eg merke til at Bjørn hadde stoppa opp og stod å jobba og tenkte
at no hadde han nok fisk, og det stemte det. Bjørn sula inn fisken som kom villig med,
men plutselig tok den laust og Bjørn sette hardt imot hardt. Bjørn er stor og sterk, og
det var også auren, men dessverre var ikkje 0,20-sena det, så auren fikk friheten
tilbake. På ettermiddagen prøvde vi igjen, no begge på vestsida, med samme utrustning
som tidlegare, men ingen av oss kjente noko. Til tross for at veret igjen var litt ruskete
med regn og vind. |
02.08 |
Som tidlegare letta det opp og vart fint på morgonen, og i
dag tok begge oteren. Bjørn gikk først, men det var heilt dødt i starten, men i ytre
enden såg eg at fleire fiskar var etter hos Bjørn, men dei var ikkje bort i flugene
hans. På tilbakeveien var rekkefølga snudd og no var det Bjørn som såg at fisk var
bortpå med meg, og eg kjende også fleire av dei. Utover formiddagen friska det på slik
at vi ikkje greidda å sjå om fisken var etter lenger, men plutselig var det ein
skikkeleg sprut ved ei av flugene mine, og lina stramma seg opp. Eg måtte raskt ta inn
line mens ej gikk imot eit nes, og fisken følgde villig etter. Hadde fått inn ca 5m då
fisken rasa ut, ej slapp sula og lot sena rase mellom fingrane mens eg bremsa lett. Når
det var ein halv meter sene igjen så stoppa fisken, og ej kunne begynne å ta inn igjen
det tapte. Ej lot sula ligge igjen og la sena rett på bakken slik at Bjørn kunne ta den
når han kom for å hjelpe meg. Fisken rasa fleire gongar ut og eg måtte stadig vekk gi
sene. Fisken rasa rundt slik at oterfjøla stadig snudde og dette var greitt for då kunne
eg stå i ro, noko som berga meg fordi Bjørn var enno ikkje klar til å hjelpe meg. Etter
kvart slakna fisken og dermed så greidde den ikkje å snu fjøla lenger, så no var det
berre å følge etter. I det første fluga kom inn, så etterlyste ej igjen Bjørn, men
han var ikkje klar enno.
Fisken rasa no ut igjen fleire meter, og heldigvis så hekta ikkje flugene
som låg i steinane. Sakte kom fluge etter fluge inn og til slutt hadde eg håven klar. I
det eg såg fisken, rasa den igjen ut , men no slakka eg berre lengda mellom kjenslene og
holdt godt igjen. Fisken var gåen og når eg stramma grepet så kom den opp i været med
nasen, så kolva den over på sida og glei ned i håven. Og no kom Bjørn springande for
å hjelpe til. Vi prøvde oss ei stund til utover formiddagen, men det friskna mykje
på, så vi gav oss etter eit par runder til. Fisken vog 1025g, og var 45,5cm. Etter dette
pakka vi sammen og reiste til Trondheim etter å ha plukka opp fisken på S-laget. Fiskene
fikk vi fryse på hotellet, og dermed så berga vi fiskane i år. |
19.08 |
20-23 Kile |
Eg og Inge tok oss ei kveldsykt på Kile i nydeleg vær og 15°C. Det var
dødt i starten, men like foran brua tok ein pjakk makken til Inge, men fisken gikk full
fart framover, så Inge fikk ikkje tilslag på den og fisken datt raskt av. Ej fikk nokre
mindre sjøaurar nede i osen, men alle var så små at dei vart satt tilbake. Det gikk ein
del fisk i skyminga, sjølv om elva var veldig lita. Vi overnatta på Sæbø og kjørte
dagen etter runda om Nordangsdalen, Grodås og til Nordfjordeid, der vi stoppa på brua og
såg mykje fisk, både sjøaure og pjakk. I Skipeneshølen såg vi mange fiskar, blant
anna ein som vi anslo til 15kg og ein på ca 12kg, men vi fiska ikkje. |
25.08 |
Ej og Inge pakka teltet, lånte båten til Børre og rodde oss
fram i enden av Sædalsvatnet, fikk ein fisk på oter på vei framover. Etter etablering
av leiren prøvde vi i elva, men her var det ikkje gått opp fisk. Satte ut garn som vi
fikk nokre fisk på i løpet av natta, og i tillegg fikk vi eit par fiskar på oter
formiddagen etter. Så til sammen vart det 13 fiskar mellom 105g og 285g, den største var
akkurat 30cm. |
29.08 |
Ej og Inge hadde oss ei lita ykt i Aspevika. I elva stod det
berre småaure, i alle fall som vi fikk. I sjøen såg vi nokre vak, men ingen fiskar tok
etter. Vi fiska med makk og dupp. Elva var lita og minkande. |
21.09 |
I mildt og fint vær, med frisk sørvest kuling var ej og Inge
på Skogevatnet ein tur. Prøvde oteren både på sør og nordsida, men fisken var lite
villig. Men vi fikk 4 fiskar, to små og to på knappe 300g. |
26.09 |
Etter litt regn hadde ej og Inge oss ei runde for å prøve.
Vi prøvde først i elva ned ifrå Skogevatnet, men her var elva for lita, og vinden var
for frisk, så vi pakka sammen og reiste til Ulsteinvik og Sauneselva. Fiska oss framover,
men med 5m teleskopstang var det litt for mykje skog langs elva. Vi fikk 4 sjøaurar og
eit par fine brunaurar, alle vart satt tilbake i elva. |
28.09 |
Var igjen i Sauneselva. Fikk tidleg ein feit liten regnbue på
ca 15cm, ellers så fikk ej mange flotte brunaurar og ei og anna blank ei, men størrelsen
var små og alt vart satt tilbake, med unntak av oppdrettaren. |
08.10 |
I skikkeleg dritvær gikk ej opp i elva mellom Rausandsvatnet
og Sædalen, sammen med Inge og Ståle, for å drive litt bestandsregulering. Fiska med
makk og dupp, samt at vi drog over garn i eit par av dei største kulpane. Det var
spesielt i svingen nedanfor siv-tjønna, og i strekket ifrå fossen ovanpå siv-vatnet at
fisken stod. Til sammen tok vi opp 81 fiskar, på mellom 60g og 320g, berre 5 fiskar var
over 250g |
20.10 |
Ej og Inge var bort i Jenselva for å lyse etter fisk, såg
eit par stykker og klarte å hove ein av dei. Denne var ca 38cm og såg godt ut. Den vart
sjølvsagt satt tilbake. |
24.10 |
Inge var i Jenselva og lyste igjen, han såg eit par fiskar,
og håva ein på ca 46cm. Fisken vart satt tilbake. |
|