STARTSIDE
FISKEDAGBOK
 

1993

19.05

Ej og Petter var i Sædalen for å prøve i eit nydelig forsommervær med kjølig natt og 25 varme på dagen. Vi for opp rundt midnatt, men vi venta til det lysna klokka 03.00 før vi starta å ro ifrå hytta i Sønken, og fram imot Blåsveden fikk vi 4 fiska. Rodde vidare rundt vatnet, men det var dødt, så vi rodde tilbake til hytta i 06-tida, men rett før vi var i land beit det på ei krede til. Vi steike fisken og åt frokost. Etter dette gikk ej bort å fiska over Spikervatnet, men uten resultat. Etter dette rodde vi samme ruta som sist, vi fikk ein fisk til før Blåsveden, men ellers var det berre eit par hogg på ruta. Vi var komne ned igjen kl.14. Tre av fiskane var 15-18cm, mens dei tre andre var litt større, 22-25cm.

19.05 20.05

Vi måtte sjølvsagt sove litt etter ei heil fiskenatt, men når vi vakna hadde gjengen tromma sammen til grillparty på Holmen i Sædalen, så vi tok med stanga og reiste opp ein tur når klokka var 22. Tore, Atle Oddvar og Inge hadde fiska kvelden og fått nokre fiskar, og i tillegg hadde dei fått nokre av Frantz som var å rodde. Ej og Petter prøvde berre nokre få kast, og kjende ikkje liv. Vi gav oss klokka 03.30.

20.05 21.05

Vi hadde høyrt at det gikk an å fiske sjøauren også i sjøen, og vi hadde diskutert mykje kvar vi kunne finne sjøauren, og enda opp med ein første leiteturne rundt bygda. Ej, Petter, Tore og Bjørn starta klokka 22 med å fiske stranda nedanfor Holehuset, men når ingen hadde sett eller kjent rette sorten klokka 01.00, så flytta vi til søre molo der vi fiska både inn og utsida der vi hadde sett sjøaure hoppe før, og også no såg vi fisk, ej såg 2 hoppe, mens Petter såg ein fisk hoppe, men ingen av dei eller eventuelle andre tok med oss. Etter dette flytta vi ut til Hide der vi fiska i området rundt elveosen, men det var no fjøre, litt sjøgang og dermed litt vanskelig, og sia klokka no var 06 så gav vi oss. Petter såg ein stor laks hoppe langt ute.

Ingen sjøaure på første turen, men masse lyr og torsk. Dette var eit spennande fiske som må prøvast meir.

21.05 Allereie klokka 11.00 var eg i fiskinga igjen, og prøvde både ved nordre molo, ved utløpet av kanalen og på søre molo, men været var trulig for flott med sol og 25 grader. Men ej såg 7 smolter på innsida av søre molo. Prøvde blå spesial uten å kjenne noko, gav meg klokka 13.30.
21.05 Ej og Petter tok oss ein kveldstur til Moltu for å prøve sjøauren. Vi starta 21.30 med å fiske i Ryssevika, men vi fikk berre småtorsk. Vi flytta over haugen og prøvde litt innover Sandvikstranda, men fortsatt var det berre småtorsk å få. I skymringa gikk vi tilbake til Ryssevika, her fikk vi nokre litt større torsker på nordsida, men vi såg ingen sjøaurer. Vi gikk rundt vika og fiska på sørsida. Her såg ej to vak som ej kasta på, fisken tok tvert og kjempa friskt, men etter litt kom enno ein torsk på land, men denne var 1,5kg. Etter kvart vod det torsk over alt, vi fikk fleire, men dessverre ingen sjøaurar.
31.05 Tilbake i militære i Heggelia i indre Troms, og det med fiskestang. Sammen med eit par av karane fiska vi i Barduelva ifrå kasserna og litt ned om leiren. Vi starta klokka 01.00 og holdt på 1,5t. Vi prøvde sluk og spinnar, og vi hadde tru for vi såg mange vak langt ifrå land, mens innunder land var det heilt dødt. Ingen av oss kjende noko
22.06 Enno ein tur med sluken i Barduelva no på kvelden og eg fiska samme området som sist. Elva gikk no større, kraftverket like nedanfor gikk for fullt og det var bra med straum i elva. No var det mange vak, også store fiskar, nær land, men det var veldig stille så sluken virka skremme fisken. Var bort i eit par fiskar, men ikkje skikkelig.
28.06 Nok ein kveldstur i Barduelva, no i litt yr i lufta, men ellers fint. Som før var det mange vak, men heller ikkje denne gongen var det noko som hogg med meg. Men ein annan kar som fiska med tørrfluge litt nedanfor oss fikk ein flott aure på 1,2-1,3kg.
02.07 Ørsta   Ose      18-12 Så var ej ferdig i militæret å ej og Tore skulle prøve laksefisket for første gang i år. Det var regn og regnbyger, og elva var brukbar, men det hadde ikkje regna nok til å farge henne. Vi såg ein del pjakk og sjøaure, og det vart også observert større fisk, men til tross for at vi prøvde alt, til å med tørrfluge, så fikk vi ikkje noko. Det vart tatt ein pjakk på sluk.
08.07 Ørsta Melsgjerde 00-06 Så hadde eg meg ein natt-tur aleine, veret var lettskya. Det var dødt til det begynte å lysne, då det vart tatt ein aure på 2,5kg litt nedanfor skuret. Litt seinare fikk samme mann ein ny pjakk på ca 1,6kg like bak meg. Eg fortsatte nedover og fikk ein liten aure på 34cm og 340g der han fikk den store auren. Var bort i ein fisk til, men denne sat ikkje. Det vart tatt ein pjakk til, på fluge ved skuret. Ellers kruka den gamle Mitchell snella til pappa.
08.07 Eg, Tore og Bjørn var å grov makk i fjøra. Då vi skulle krysse Jenselva såg eg ein fisk stå i hølen nedanfor. Vi jaga fisken opp og nedover i 10 min før vi fikk tak i den.Fisken hadde litt garnskader og litt lus, men ikkje alvorleg. Prøvde sete den ut igjen, men den strauk med. Fisken var 50cm og 1370g.
11.07 Stranda Ous      02-09 Ej, Tore og Bjørn hadde tatt turen innover, men elva var lita og klar, og det var heilt dødt. Det har vore ein dårlig sesong, men dagen før hadde dei tatt ein laks på 7kg. Vi hadde ikkje trua, så vi bestemte oss for å reise vidare.
12.07 Ørsta   Ose      00-06 No var vi komne til Ørsta. Vi hadde sett ein del fisk ved brua, så vi starta der, og eg fikk ein liten aure nesten med det samme på 33cm og 245g. Ej prøvde deretter lenger framme med makkatroda, men merka ingen ting. Når det begynte å lysne så prøvde ej duppen oppe på brekket. Heilt bakpå beit det først ein liten aure på 30,5cm og 270g, så fikk eg ein på 43,5cm og 850g på samme plassen. Så hadde eg på ei mindre som falt av, før ein ny aure beit, denne gikk det bra å berge, til tross for at den var berre så vidt fast i snuten.Denne var også 850g, men var ein cm kortere, 42,5cm. I nest nederste hølen fikk ej ein liten aure til på 30,5cm og 320g. Tore mista ein aure på Heggjekrene.
12.07 13.07 Ørsta   Ose      18-06 Neste kveld og natt hadde regnet og skodda komt. Etter gårsdagens suksess så starta ej med duppen, og fikk raskt ei moldkrede på 27-28cm framme i svingen som fikk gå. Men først når det mørkna begynte litt av all fisken foran brua og bite. Først mista Tore ein fin aure, så fikk han ein liten aure på 26,5cm og 200g. Så fikk ej ein liten aure på 31,5cm og 310g.

På det mørkaste sat vi i bilen og tørka opp litt, men starta på igjen like før det lysna. Starta på brekket, og etter ei stund, når klokka var 04.30, beit ein pjakk heilt bakpå. Den herja litt, men måtte etter kvart gi tapt. Pjakken vog kun 730g og var 44,5cm. Prøvde også resten av kortet, men det var ikkje meir å kjenne.

17.07 Bondalen Riise     12-18 Så hadde eg nokre dager på vogna på Sæbø, og her fiska eg sammen med onkel Johan. Vi starta i mørkeskodde, men kl.13.30 letta den opp og det vart strålande sol. Mens ej rigga meg til fikk ein tysker på andre sida ein laks på ca.3kg. I det eg starta heilt framme fikk ein gut på ein fisk, og ej vart ståande å sjå på i 20min. mens han holdt på med pjakken som var 2,7kg. Eg var også bort i noko, truleg ein aure, men den vart ikkje fast. Etter at sola kom vart det dødt, men Per såg 2 fiskar som onkel prøvde på, men når han satte fast så skremte han den eine, mens den andre nekta plent å bite. Ej gikk lenger nedover, og då beit sjølsagt fisken med onkel. Han måtte følge den litt nedover, men berga fisken uten problem. Pjakken var ca. 1,5kg. Klokka var no 17.40, så vi berre pakka sammen og gav oss.
19.07 Ørsta   Ose      00-06 Denne natta var eg aleine, fiska først før det vart skikkelig mørkt, men det var heilt dødt. Sat i bilen på det mørkaste, og starta igjen 03.30. Det var ganske dødt, men ej sleit på ein kilosaure ca.kl.04. Ellers fikk ej to mindre aurar i nest nederste hølen, begge var 33,5cm, den eine 300g, men den andre var 400g.
20.07 Ørsta   Melsgjerde 18-00 Ej var igjen aleine i Ørsta, været var flott, men det var ikkje fiskeriet. Vi var 4 mann, men ingen merka noko som helst. Elva var no blitt lita.
27.07 Eidselva Stokkenes 12-24 For første gang skulle eg inn å prøve den store Eidselva, sammen med Petter. Vi hadde ikkje fått 2 kort siste døgnet, så då fiska kun Petter. Vi starta når klokka var 18 og fiska fram til det mørkna, men det var heilt dødt, så vi gikk å la oss.
28.07 Eidselva Stokkenes 00-24 Klokka 06 var vi i gang igjen, men det var også rolig no. Men klokka 08 beit det på ein pjakk med meg i Svingen, denne ville unna og kom seg etter kvart ned i Frisørane. Her var det ingen plass å dra den frampå, så Petter sprang etter håv, men før han rakk tilbake hadde pjakken slept makken. Vi fiska fram til kl.09 før vi gav oss. Vi starta heller ikkje denne dagen på igjen før kl.18, men det var like stille denne kvelden, så vi gav oss når mørket kom.
29.07 Eidselva Stokkenes 00-12 Vi starta på igjen i lysninga, og ej ville prøve auren på Auregrunna. Mens ej sat på muren å fiska med den lisje raude fjelltroda mi og 0.20-sene, så kom 2 diger lakser opp som to kvaler 2 meter utanfor muren, og då forstod ej at det kanskje var litt lett utstyr ej holdt på med. Når Petter høyrde dette så gikk han fram i Mastehølen for å sjå om han kunne få dei til å bite. Og i 05.30 tida satte Petter i noko i Mastehølen, men etter 45min med stadig auka press uten at det hadde livna til i hølen så rekte han kroken, trur nok det var den harde straumen som lurte han til å tru det var fisk i andre enden. Kl.07 fekk ej på noko igjen, sikkert ein liten aure, men ej fikk ikkje skikkelig tilslag, så etter eit minutt takka den for kampen og reiste. Etter dette var det dødt, og kl.12 måtte ej slutte av.

Petter gikk på igjen når klokka var blitt 19,men som før så var det dødt på kvelden, men når klokka var 23.30 så fikk han ein sjøaure på fluge, svart med kopparkropp. Vi var i elva heile natta, men når Petter ikkje hadde kjent noko fram til klokka var 09, så gikk ej opp i teltet og la meg. Men litt seinare fikk Petter ein aure til på samme plassen, men denne tok makk. Aurane til Petter var 49cm og 1150g, mens den andre var 51cm og 1480g.

02.08 03.08 Ørsta   Ose      18-06 Så skulle ej prøve ein kveld og ei natt aleine i Ørsta. Det var fjøre kl.18 så ej starta nede. Det stod 3 mann rett foran brua, så ej stod lenger framme. Ej fikk nokre små, men ingen større før 19.30 då ej fikk ei moldkrede på 30cm og 230g. Litt etter fikk ej ein liten sjøaure på 29cm og 200g, men så vart det dødt og floa kom, så ej gikk framover. Såg ein del mindre fisk hoppe, men den beit ikkje. På mørkaste roa eg ned i bilen, før ej starta på igjen 03.45. Ej fikk ein liten aure i andre hølen, men denne vart satt ut igjen. Var bort i ein fisk bakpå den lange hølen, men den vart ikkje fast. No var floa på god retur så ej gikk ned dit ej fikk fisk på kvelden, fikk ein kl.05.45 på 37cm og 670g, og ein på siste kastet klokka 06.00 på 32,5cm og 280g.
04.08 Bondalen Riise     12-18 Ej og Onkel Johan prøvde igjen, men til tross for regn natta og morgenen og flott elv så var det heilt dødt. Det letta opp når vi starta, og vi hadde sol, men det skya over og vart regn igjen rett før slutt. Ingen andre heller fikk noko.
05.08 Ørsta   Ose      18-24 Kjørte meg over fjellet for å prøve Ørsta igjen. Såg mykje fisk nedanfor, men fikk kun flyndre og mindre aurar. 22.30 fikk ej ein liten aure i andre hølen, denne var 32,5cm og 300g. Hadde på ein fisk til eit halvt minutt, men denne slapp. Like før slutt hoppa 3 pjakker på Heggjekrane, men dei beit ikkje.
12.08 Ej og Tore var i Sædalen og prøvde med sluk og oter. Vi fiska oss heile veien ifrå utløpet og fram i osen. Vi fikk kvar si på sluk, Tore si var lita, mens mi var 30cm og 230g. På oter var det berre småfisk som tok.
15.08 Ørsta   Ose      00-06 Ej og Tore skulle prøve natta, men vi fikk lov å starte når vi var klar og holde på litt utover fordi elva var lita og lite folk som fiska. Vi starta 22.30, men det var dødt til det mørkna. Vi fiska natta og det gikk fisk for vi hørte fisk hoppe. Ej fiska svingen ved pumpestasjonen når noko var bortpå i mørknet, ej slo til og fisken hang. Kjørte fisken, men det virka rart av og til. Klarte ikkje å få fisken fram, så ej sendte Tore ned med håven og like etter kunne han håve den. plutselig kom eit latterbrøl og ej forstod at noko var galt. Det var ein stor ål eg hadde fått, og no bukta den seg som gal i håven mens slimet rant av den. Og samme kva eg gjorde med håven seinare, så lukta det for alltid ål av den. Etter at det lysna så gikk vi nedover, her var mykje fisk å sjå, men kun småfisk og mort tok.
16.08 Bondalen Aklestad 19-22 Ej og Pappa var ein tur eit par timar, men det var heilt dødt til tross for vekslande vær med sol og regn. Lite skikkelige hølar, men sona skal kanskje gravast opp i vinter.
17.08 Bondalen Sone 2  06-10 Ej og pappa var igjen i elva, han fiska framme i hølane etter laks, mens ej fiska bakpå etter aure. Langt framme hadde ej på ein liten aure heilt bakpå hølen, men den slepte. Vi fiska oss nedover, men det var dødt til vi kom ned til midthølen på Riise, her var eg borti noko heilt bakpå fleire gonger, men mens ej fiska på dette så beit det ein kilos aure rett foran meg. Den hang på eit halvt minutt før den slapp. Etter dette var det dødt.
17.08 Ørsta   Melsgjerde 12-18 Ej og pappa var i elva eit par timar, 13-15.30, det hadde blitt tatt eit par fiskar og mista ein laks på kortet før, men når vi var der så var det heilt dødt, men masse folk.
23.08 Ej, Tore og Vidar var på Moltu for å sjå etter fisk i Storelva. Vi brukte håv i Mollahølen, men her greidde vi ikkje å få noko. Men mens vi holdt på så kom ein fisk opp ei sideelv så spruten stod rundt den. Fisken som var ca. 4kg hadde det så travelt at den gikk rett i håven bakifrå, og då datt den sjølvsagt utav igjen og forsvant. Elva er ganske stor, men for gjengrodd til å fiske i.
24.08 Eg og Tore var i Jenselva tidlig på morgenen for å prøve, vi starta i osen og fiska fram til andre brua, så gikk vi heilt fram og fiska nedover, men elva var litt for lita. Vi kjende ikkje skikkelig fisk.
02.09 Ej var i Sædalen og fiska i elva heile dagen, starta ved tjønna og fiska nedover, her fikk ej to fiskar. Gikk så fram til Sivvatnet og fiska meg ned til tjønna, og her fikk ej ei til. Gikk så fram å prøvde i elva ifrå Meldalen, men her var kun småfisk. Prøvde så hovedelva vidare fram, fikk ein til litt nedanfor fossen. Lenger framme var berre småfisk. Kredene var 22,5cm 110g, 26cm 180g, 23cm 140g og 29,5cm 260g.
13.09 Ej og Andre var i Sædalen og satte garn. Samtidig rodde vi rundt vatnet, vi fikk 3 fiskar ved Blåsvede, Andre to og ej ei. Andre sine var 22,5cm 120g og 23,5cm 150g, mens min var 23,5cm og 140g.
14.09 Vi drog garna ifrå i går, og fikk 20 fiskar ifrå 17,5cm til 28cm, og ifrå 65g til 215g.
18.09 Ej, Tore og Inge fiska i Sædalsvatnet og i elva fram til Rausandvatnet. Ej fikk ei krede på oter før ura, Tore fikk to ifrå Klubben og fram, mens Inge fikk ei i elva. Så satte vi garn i Storehølen fram imot Rausandvatnet og jaga stimane med fisk som stod her, dette gikk bra, og vi fikk 22 kreder ifrå 65g til 280g, men kun ei var over 25cm og 200g.
19.09 20.09

Ej hadde lenge hørt om Holmevatnet og dei store fiskane der, og no skulle ej og Petter opp å prøve. Vi gikk opp på  kvelden, og var framme halv ni. Vi satte opp teltet i full fart og prøvde så vidt med sluk og fluge på vestsida av vatnet, men det mørkna fort og vi måtte henge i for å få satt ut eit garn.

Morgenen etter starta vi med å dra garnet, vi fikk 12 fisker ifrå 22cm til 42,5cm, men berre to av fiskane var over 300g, ein på 34,5cm og 430g pluss den store på 925g. Denne store hadde ein k-faktor på heile 1,2 noko som er veldig bra på så stor fisk.

Ifrå 08.30 gikk vi med oter, men det var kun småpirking borti. Klokka 10.55 slo det på ei stor ei, Petter kjørte fisken rolig, og bortsett ifrå eit hopp så gikk det greitt. Vi hadde ikkje håv eller liknande, og baren var ganske høg, men Petter la seg ned på baren og tok i sena og lempa fisken langt inn på land. No først såg ej kor stor den var, ein nydelig fisk på 49cm og 1220g gir ein k-faktor på flotte 1,04, noko som er bra for ein så stor fisk.

Det er sjølvsagt ikkje lurt å fiske i så små vatn, uten skikkelige gyteforhold, med garn. Derfor vil ej oppfordre alle til ikkje å gjere det vi gjorde, det er mykje artigare å få fisken på oter, fluge eller sluk enn i garn.

30.09 Ej, Andre og Petter hadde oss ein heil dag på fjellet, vi starta med å gå oter i lisje Televatnet og Klovevatnet utan at vi kjende eller såg noko sikkert, kanskje eit vak i Klovevatnet, men ikkje sikker. Så gikk vi fram og ned til elva mellom Rausandvatnet og Sædalsvatnet. Her satte vi garn og jaga, men garnet var litt feil plassert, så ein del slapp unna, men vi fikk 6 fisker ifrå 19,5cm til 28,5cm, og ifrå 75g til 240g.
06.10 Ej og Petter var i Jenselva og lyste, vi såg ein under nederste brua på ca.500g, men denne stakk fram og forsvant.

15 meter foran andre brua kom ein fisk bakfrå og passerte oss, denne stoppa under ei grein litt lenger framme og her kunne Petter håve den. Fisken var 42cm og vog ca.700g.

Vi såg ein fisk til lenger framme, men denne forsvant for oss. Dette var ein artig tur i ikkje for stor elv.

 

Høst Vi var fleire turer å kikka og også lyste, og ein av gangane ej gikk ei runde, i månadskiftet oktober-november, så kom ej over denne døde sjøauren. Den var 38cm lang. Den hadde eit djupt sår bak gjellane på eine sida, men om dette er dødsårsaka, eller om det har blitt påført etter at den døde veit ej ikkje, ej fant i alle fall ikkje andre skavanker som kunne gjort at den døde.
 

 

OPPSUMMERING 1993

Starta med nokre harde dager på ein perm, der vi blant anna prøvde etter sjøauren i sjøen for første gang. Det vart ingen sjøaurar, men eit par fine og spennande turar. Så var ej 3 turar i Barduelva før ej dimma, uten at det gav fangst. Hadde nokre svake turer i elva i starten, men etter ein flott opptur i Jenselva så tok det seg opp også i lakseelva. Prøvde også Eidselva for første gang, hadde på to fiskar, men begge slapp. Men ei flott sone og flott elv som vi nok kjem tilbake til. Hadde mange fine turer fram i Sædalen på hausten, og ein flott tur på Holmevatnet. Hausten vart avslutta med fleire turer med lommelykta.

 

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

06.07.2010