STARTSIDE
FISKEDAGBOK
 

1992

01.01

Det nye året starta med frisk vind under rakettoppskytinga, og før natta var omme hadde vi hatt den kraftigaste orkanen som nokon gang er registrert i Norge, middelvind på godt over 200km/t, og med langt kraftigere kast. Vindmålaren på Svinøy fyr gikk til 99 knop, eller 185 km/t, og denne stod i botn i 4 timer. Dette medførte sjølvsagt enorme øydeleggingar både på land og blant oppdrettsanlegga langs kysten. Det vart sagt at 1,2mill fisk rømte, men ingen veit vel heilt om dette var alt.

Etter mange timer med springing og snikring stakk Pappa og Dag til Moltu for å sjekke tilstanden ombord i "Gjerdsvik". Her oppdaga dei store stimer med oppdrettslaks som gikk langs land som om det var mort. Dei tok med seg kvar sin langhuk fram i fjøra og venta til fisken passerte og prøvde å kleppe dei. Pappa kleppa ein på ca.5kg, mens Dag miste alle sine.

04.01

Ej og Thor-Kåre var til Moltu å prøvde sluken ved sildoljefabrikken etter oppdrettslaksene, men vi fikk ingen ting, så vi bestemte oss for å prøve å sette garn, så vi reiste heim og henta 2 trollegarn. Desse sette vi rundt "Gjerdsvik" i Langeneset.
05.01 Vi for nord igjen neste formiddagen for å dra garna. I det første fikk vi 4 fine fiskar og ein gytefisk. Så kom Børre og hjalp å dra det andre, og i dette var det heile 13 fiskar, men 7 av desse var gytefisk. Dei fine fiskane var mellom 2,5 og 5kg, mens gytarane var ifrå 1 til 5kg. Vi satte garna ut igjen.

På kvelden hadde vi med oss Frantz også for å dra garna, men det vart berre ein gytar. Vi satte garna ut igjen, og Thor-Kåre drog dei dagen etter med 1 gytar til som resultat. Han sette ikkje ut garna igjen.

17.05

Ej, Thor-Kåre og Tore brukte kvelden av nasjonaldagen på fjellet. Vi starta i Mørkevatnet der Thor-kåre fikk ei lita røye. Så gikk vi over til innosen i Sædalsvatnet og fiska oss utover imot Klubben, så gikk vi ura og fiska vidare til holmen. Fisk fikk vi heile veien, Thor-Kåre fikk 9stk på Spesial 46, mens ej brukte Spesial 43 og fikk 3stk, Tore fiska ikkje. Vekta låg mellom 90g og 240g, lengda 22 til 30cm.
29.05 I nydelig vær hadde vi grillfest på Holmen, vi prøvde litt med sluk før og etter festen. Ej hadde ny stang, men det hjalp lite, for ej fikk berre ei lita krede. Thor-Kåre fikk 2 små, mens Vidar ikkje fikk noko.
01.06 Ørstaelva Ose       00-06 For første gang skulle ej prøve ei lakseåpning, været var klart og varmt. Ej såg 2 fiskar hoppe ved midnatt, prøvde på dei, men kjende ikkje noko. Prøvde på Heggjekrane, men her var berre kreder. Gikk så nedover og fiska langehølen, og heilt bakpå beit det innunder land på det mørkaste. Fisken gikk heilt bananas og greidde til slutt å slå seg av. Meir kjende ej ikkje for heile kortet. Det vart tatt kun ein sjøaure på Ose. det vart satt ny rekord i elva på Melsgjerde, 17,5kg.
02.06 Ej og Vidar var i Sædalen og fiska ifrå utløpet til Spikerhytta, Vidar hadde fått ein fisk på ca.30cm før ej kom, og det vart også turens einaste som ville ha slukane våre.
07.06 Ej og Thor-Kåre var på Sædalsvatnet og rodde denne fine junikvelden. Vi rodde sørover imot Sønken, så kryssa vi vatnet over til Klubben, før vi følgde land inn i enden. Her inne fikk ej to kreder på sluk, desse var 26,5cm og 30cm, 150g og 230g. Så fortsatte vi ut langs land på sørsida heilt til utløpet. Siste stykket prøvde vi også oteren, med ei lita krede på 22,5cm som resultat.
15.06 Ørstaelva Ose       06-12 Det varme været med regnbyger lokka meg innover for å prøve blankfisken. Eg reiste inn kvelden før, vakna litt seint så klokka vart 07 før ej starta. Tok til heilt framme og fiska meg ned igjen, men kjende eller såg ikkje liv. Gikk nedover til butikken med lisjetroda og dupp, og her tok han villig ei kort stund akkurat i det floa kom fram. Ej fikk to sjøaurar på 26,5cm 180g og 41cm 750g. Såg ein del pjakk framme i andre svingen på floa, men kjente ikkje noko meir.
16.06 Ørstaelva Ose       00-06 Etter ein dag med regn så hadde det gått over i byger no og blitt kaldare. Elva hadde stige og var for første gang i år brun og fin. Prøvde framme til det vart skikkelig mørkt då ej trekte inn i bilen. Når det lysna fiska ej ifrå andre svingen og ned til bilen, mens med samme resultat som før mørket, intet. Tok så lisjetrodå og gikk nedover, ved butikken var det dødt så ej trekte ned til brua. Her beit fisken akkurat når floa gikk ned under brua. Fikk to sjøaurar på 33cm 280g og 44cm 880g.
18.06 Ej og Tore hadde oss ein ettermiddagstur i Sædalen for å prøve kreda med sluk. Vi fiska ifrå hytta hans Ottar og til Blåsvede. Tore var bort i ein ved Sønken, ellers var vi bort i nokre mindre ved Blåsvede.
21.06 Ørstaelva Melsgjerde 15-18 Hadde fått med meg Tore og Bjørn innover, det hadde regna godt siste dagene, no var det regnbyger og varmt og godt, så elva var stor. Det var bygd vei heilt ned i vinter så no er sona meir tilgjengelig. Ej hadde eit napp med det samme, men greidde ikkje få fisken fast. Dei andre fiska seg raskt nedover, mens kjende ikkje fisk. Når ej var komen ned til leskuret og stod her å prøvde, så kom Bjørn opp igjen. Medan vi stod her å prata så hogg det i ein fisk med meg. Fisken hoppa og rende, men var for liten til å dra snøre av snella. Men etter ei stund var den klar for landing, men Bjørn var litt treg å kome med håven, så fisken gikk ut igjen. Og i eit hopp greidde den å slå seg av. Ingen kjende noko meir.
21.06 Ørstaelva Ose       18-23 Det hadde letta opp, men forholda var enno flotte. Vi starta framme, men det var dødt, så ej og Tore gikk nedover for å prøve sjøauren. Vi såg lite stor fisk, men fikk ein del små aurar. Men ej fikk kun ein var stor nok til å ta, 31,5cm og 360g.
25.06 Ej og Thor-Kåre hadde oss ein kveldstur i Sædalen, vi fiska i området mellom Sønken og Blåsvede. Det var regnbyger og gode forhold for sluken. Vi fikk totalt 5 fiskar, ej fikk 2 på ca.25cm, mens Thor-Kåre sine 3 var 20-25cm. Var bort i ein del fisk, men det var mykje smått.
30.06 Ørstaelva Ose       00-05 Prøvde nattfiske etter sjøauren med dupp. Starta like etter flo og følgde denne nedover, og fikk ein liten aure på 30,5cm og 200g frampå brekket før det vart skikkelig mørkt. Etter ei pause på mørkaste, så fiska ej meg nedover, men fikk berre småfisk. Såg ein del større fisk som gikk i stim her nede.
02.07 Måtte slå i hjel ein ettermiddag, og køyrde derfor fram i Rognestøyldalen og prøvde sluken i dei to vatna der, men det kalde været gjorde nok ikkje fisken bitevillig. Fikk i alle fall fisk, sjølv om den knapt var større enn sluken.
07.07 Ej og Vidar prøvde sluken ein halvtime like etter midnatt ved hytta hass Ottar. Vi hadde kvart sitt napp.
25.07 Bondalselva Rekkedal 15-17.30 Ej og pappa var fram og prøvde denne private sona. Det var varmt og skya, og hadde regna før på dag så elva var fin. Vi såg 2 fiskar, og ej hadde 2 napp, men ej greidde ikkje å få faste nokon av fiskane. Det var ei ok sone dette.
19.08 Så var min tur til å tjene kongen komen, og første treninga skjedde på Jørstadmoen ved Lillehammer. Leiren hadde fiskerett i Lågen, noko ej sjølvsagt nytta meg av. Så når ej var heime ein tur så tok ej med ei lita teleskoptrode og ei spann med makk. Men været var varmt og fint, så det enda ikkje betre enn at makken strauk med, så det vart fiske med sluk. Ej fiska ifrå fremste brua på Fåberg til innløpet av Gausa, men ej hadde nok gjort litt dårlig research for elva var ikkje akkurat egna for mi vegn, men meir for laksevegn. Og fisken skal visst også vere på den størrelsen, men dei såg ikkje ej noko av. Og det enda ikkje betre enn at ej knekte heile troda etter eit par timar.
23.08 Ej, Tore og Bjørn var i Sædalen, det var vind og regn, men godt å varmt. Ej brukte oter, mens Tore brukte sluk og dupp, Bjørn var berre med. Vi fiska heile veien, men ej fikk kun ei på 29cm og 220g framme i osen.
29.09  Ej hadde meg ein tur fram i Sædalen i nydelig vær. Fiska litt med sluk her og der, men mest med oter. prøvde også duppen i osen, men verken den eller sluken gav fisk. På oteren derimot fikk ej ei krede utanfor osen på 26cm og 250g. Vatnet var nesten fullt, mangla ein halv meter.

 

 

OPPSUMMERING 1992

Dette vart eit aktivt fiskeår som starta med eit forrykande uvær. Hadde ein fin tur på nasjonaldagen der ej såg mi første røye. Fikk for første gang med meg ei lakseåpning uten at det gav nokon storfangst. Prøvde også mange turer etter sjøauren i flomålet i Ørstaelva, fikk nokre mindre fiskar, men ingen over kiloet. Det vart dessverre ingen pjakker i år, men hadde på eit par. Ej hadde også mange flotte turer i Sædalen etter kreda. Av nye opplevingar så var det ikkje for mange, men ein tur i Lågen og ei ny sone i Bondalen krydra året. Siste del av året gikk vekk i militæret.

 

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

06.07.2010