|
|
1991
29.05 |
Ej og Petter starta fiskesesongen med ein
kveldstur opp på Gurskefjella, nærmare bestemt til Slokevatnet og
Tødenesvatnet. Veret var klart og kjølig, med nordaust bris og
skoddehausar i toppane. Starta først i Slokevatnet der fisken vod
flittig, men her fikk vi berre småfisk, kun ein holdt til steikjefisk.
På vei heim prøvde vi i Tødenesvatnet, her slo fisket skikkeleg til, og
vi enda opp med 7 fine fiskar på rundt 200-250g. Fisken beit på raude
fluger med litt svart og kvitt. Vi for heim klokka 02.00 |
06.06 |
Ørstaelva Ose 18-24 |
Laksesesongen starta ej sammen med Tore på Ose i Ørsta.
Været var kaldt med regnbyger og snø i fjella. Vi fiska med sluk og
makk, men ikkje såg vi fisk og ikkje kjente vi noko heller. Det var tatt
to fiskar om morgenen. |
11.06 |
Ej og Andrè var ein kveldstur i Sædalsvatnet,
været var klart, med lett austlig bris og 20°C. Når vi kom opp var det
heilt stile, då vod det fisk over alt. Vi fiska oss innover til
Kalvegjerdevatnet, Andrè med sluk, eg med fluge. Ej var borti fisk 2
gongar ved Jacobsen-naustet, Andrè var også bort i eit par fiskar, men
ingen av oss fikk noko. |
19.06 |
Strandaelva Ous
02-09 |
For første gong skulle eg fiske heilt nede i Strandaelva,
tidligare hadde eg kun fiska på sone 4 lenger framme i elva. Ej starta
nede og fiska oppover til eg møtte eit skilt, det som seinare visste seg
var at dette skiltet gjaldt berre på holmen som det stod på, som ikkje
var ein holme med så lita elv. Været var varmt med enkelte regnbyger. Eg
såg ein fisk hoppe, men kjente ikkje hugg. |
20.06 |
Strandaelva Ous
02-09 |
I det ej gikk av vakt i går så starta regnet, og det
hølja ned i 18 timer, men det letta opp i kveldinga og vart etter kvart
mykje lettare, temperaturen hadde gått mykje ned. Elva var blitt enorm,
slik at det vart berre prøvd makk, elva var også heilt brun. Ej prøvde
først heilt nede, men det var umulig å vite kvar fisken gjekk, slik at
ej flytta oppover. Det var umulig å fiske før nedanfor første holmen,
her var flott, men etter straumane lenger nede kom ej til at fisken
ikkje gikk her, men ej måtte prøve berre fordi her var så flott.
Plutsleg nappa det og eg slo til, men snøret enda i skogen. Då vakna eg
til liv, for når ej var bak å løyste vegna så hang der ein fisk på ca.
1,5kg, då gjekk han her likevel. Etter ei stund til, når ej skulle
løfte snøret fram igjen så hang han der. Ej vart så forfjamsa at ej
ikkje slo til, men ej drog åt for ikkje å gi slakke. Då følgde fisken
fint med heilt opp i steinene før han vakna og rusa ut att. Slik stod
han ei stund før han fikk ein ny dett od ej drog han imot land. Då
tenkte ej no eller aldri, og drog på for å dra han på land, men det vart
aldri for han datt ta heilt inne i steinene. Ej trur det var ein aure på
ca 1 kg, for han virka ganske rund i det sekundet ej såg han.
Etter dette forstod ej korleis det hang sammen med soner og holmen,
og då ville ej prøve laksehølen. Her stod ej lenge å fiska før ein fisk
hoppa like ved snøret mitt. Ei stund seinare følgde ikkje snøret
rundvirvelen slik den skulle og ej slo til, fast fisk! Fisken rota
rundt, hit og dit i virvelen, og virka heilt vill. Han gjorde eit hopp
så ej fikk sett han, ca. 1,5kg. No hadde han hengt på så lenge at ej
byrja sjå meg om etter ein landingsplass, og dermed var han vekk??
Så gjekk ej meg framover, men ej fann ikkje nokon høl fordi elva var
så stor at ho rann stri over alt. Så ej snudde og gjekk ned i laksehølen
igjen. Etter å ha fiska her ei stund var det ein som fekk ein på hi
sida. Etter å ha sett på han, prøvde ej igjen, og med ein gong var det
fast fisk. Denne stod rolig i straumen ei stund før den begynte å sige
framover. Stor fisk tenkte ej og belaga meg på kamp, men då bråsnudde
fisken og sette full fart unna og vekk var han. Etter dette prøvde ej
både opp og ned, men merka ikkje meir. Når klokka var 09.00 var elva
minka ca. 20cm og klarna mykje, men det mangla nok ein 1/2m før ho var
som dagen før. Dessverre vart det ingen fangst, men dette frista til
gjentaking. |
05.08 |
Ej var ein kveldstur i Sædalen, forholda
var flotte med overskya vær, frisk bris ifrå søraust og behagelige 18°C.
Fiska ifrå holmen til ura med oter. Ej fikk ei på inste fluga (grøn) +
ei lita. Prøvde så ifrå klubben og inn i osen, uten resultat. På
heimveien prøvde ej berre frå ura til vika før holmen nokre gomgar, men
fikk berre eit par mindre kreder. Fisken var ganske lang, 34cm, men
berre 240g, fisken var heilt kvit i fisken. Vatnet har klarna ein del,
eit par meter sikt no. |
13.08 |
Ørstaelva Årflot 18-24 |
Det hadde komt ein del regn, så ej og Petter bestemte
oss for å prøve laksen i Ørsta. Elva var stor og fin, og det var stort
sett opplett. Vi hadde aldri fiska denne sona før, så vi satsa på å
starte nede, her var eit par hølar ved fossen, men vi fikk ikkje fisk.
200m lenger framme fant vi neste høl, her såg vi ein større og mange små
aurar hoppe, men det vart med eit napp til meg. Etter å ha kjempa oss
igjennom 500m med tett skog kom vi til neste høl, Petter prøvde denne,
men uten resultat. Samme var det i andre fossen på sona, og her gikk
Petter tom for makk, så han snudde ned igjen mens ej fortsatte framover.
Her var fleire fine høler, og ej var bort i ein aure. Nesten framme ved
brua beit det på ein pjakk, fisken oppførte seg fint og vart kjørt
lenge. Og etter kvart tagna den slik at landing stod for tur, og ej
tenkte at neste gang fisken slakna av så skulle ej benytte sjansen å dra
den frampå sanden. Men fisken mobiliserte siste kreftene og kom seg
akkurat bort i hovedstraumen, der den la seg på sida og seila unna elva.
Men fisken var heilt gåen og vart difor berre hengende i enden av snøre
og svinga over heile hølen nedanpå som var ganske stri. Når den kom inn
på grunna vakna den igjen og begynte på sprelle. Det gikk som det måtte,
og straks låg fisken fri inne på grunna. Ej kasta stanga å sprang for å
berge fisken, men når ej nærma meg så slo den med sporden og hoppa ein
meter ut i elva, og vekk var den. Etter litt løysing av vase og ein
pust i bakken for å roe nervene, så prøvde ej samme hølen igjen. Og
jaggu beit det igjen, men tilslaget vart kjapt og kraftig, så dermed
enda snøret i tretoppane. Fiska meg litt fram om brua, men kjende ikkje
noko meir. Snakka med ein kar ved brua som hadde sett ein del fisk i
området, men han hadde ikkje fått noko. |
14.08 |
Ørstaelva Ose 06-12 |
Det hadde regna heile natta, men det letta opp på
morgenen, men elva fortsatte å vekse utover morgenen. Det vart tatt 2
fine aurar på 2-3kg før vi kom skikkelig i gang. Ej starta med vanlig
vegn, men dette førte til at det gikk mykje makk og vart lite fisk. La
derfor på tynnare vegn og liten krok, og dermed fikk ej 4 sjøkreder. 2
på Heggjekrå ei på brekket og ei bak på langhølen. desse var 190g, 250g,
280g og 330g. Petter kjende ikkje fisk og gikk lei, så vi gav oss tidlig |
14.08 |
Ørstaelva Høgebrua
12-18 |
På dagen var det lettare vær og opphold, så dermed datt
elva raskt. Vi starta nede, og ej var bort i ein fisk med ein gong, men
ej kjende ikkje noko meir her. Ej hadde lite makk igjen, og når vi kom
opp til storhølen så var ej tom. Ej prøvde Rapala'en før vi delte resten
av makken, uten at nokon av delene hjalp. På kvelden var vi bort til
Arne Koppen, her grov vi meir makk og gjorde oss klare til ei ny økt. |
15.08 |
Ørstaelva Melsgjerde
00-06 |
Vi kjørte fram tidlig og gjorde oss klare i mørke, men
vi fant ikkje stien ned til elva, så vi satte oss i bilen og døsa ei
stund til. Men kvar gong vi leita var det like mørkt og vi tok ikkje
sjansen på å rote oss vekk. Men kl.5 fant vi stien, men med så lite tid
så vart det mest stress. Ingen av oss kjente noko. |
15.08 |
Ørstaelva Barstad
06-12 |
Nok ei ny sone for oss, så vi gikk nedover til vi såg
Høgebrua, for så å starte der å fiske framover. 100m lenger framme fikk
Petter ein liten pjakk på 49cm og 890g. Resten av kortet var det heilt
dødt, men vi møtte ein kar rett før slutt, som tydelig var lommekjent,
og han hadde fått 4 pjakker. Han brukte den høge baren til utkikkspunkt
og hadde slik plukka minst 2 av fiskene på stilla i svingen foran
skjulet. Etter dette reiste vi heim. |
16.08 |
Ørstaelva Melsgjerde
18-24 |
Det hadde pøsa ned heile dagen, så vi fant ut at vi
måtte inn i Ørsta å prøve siste døgna også. Det var litt lettare, men
fortsatt mykje regn. Elva var dermed stigande og varmen gjorde at
forholda var flotte, men 2 kilosaurar var alt som vart landa. Ej var
kanskje bort i ein, men generelt var det dødt. |
17.08 |
Ørstaelva Sporstøl
06-12 |
Siste kortet i sesongen vart været lettere med sol dei
siste par timene. Ej var bort i ein pjakk tidlig i fremste delen, så
mista ej 2 sjøkreder i hølen over brua, og ei i andre dammen nedanfor
brua. Petter hadde på ein laks ganske langt framme, han såg ryggen i det
den skaut ut ifrå land, og vekk var den. |
21.08 |
Så skulle ej og Petter prøve
Larsnesfjella, vi tok laust på kvelden og var framme ved Langevetevatnet
når klokka var 21. Når vi hadde fått satt opp teltet så prøvde vi oteren
på nordsida, vi såg ein hoppe og fikk ein aure i austenden. Ingenting
beit på veien tilbake, men på sørsida fikk vi 4 fram til det mørkna.
Fiskane var 3x30cm, 31cm og 32cm, vekta var 235g, 250g og 3x270g. |
22.08 |
På morgenen prøvde vi makken i Langevetevatnet, men det var dødt her.
Mens ej vart igjen, så gikk Petter opp på Lisjevetevatnet. Her beit ei
fin krede med ein gong og berginga gikk greitt.
Vekta viste 750g
og lengda var 41cm. Etter dette var det heilt dødt. Etter at han kom
ned igjen så gikk vi inn til Middagsvatna. Ej fiska i nederste vatnet
med sluk, mens Petter brukte oter i midtre, begge deler uten resultat.
Så gikk vi fram på fremste vatnet og fiska det nordlige bassenget med
sluk uten resultat. Så prøvde vi oteren på det sørlige bassenget. Vi
satte ut oteren i vestligaste bukta, gikk ut på neset og gikk tilbake
igjen. Inne på bukta beit ein aure på, den hoppa eit par gongar og vi
såg det var ein fin fisk. Så tagna den litt og vi starta å ta inn.
Plutselig kom ein stein i veien, og sjølvsagt rende fisken seg rett opp
på steinen og vart liggande nesten tørr. Forsiktig drog vi i lina og
sakte fikk vi lirka den ned av steinen utan å skremme den til å sprelle.
No kom den inn på grunna, men då fikk den panikk og raste ut så vi måtte
slakke etter, men etter eit par utras så kunne vi håve den. Så sette oss
for å nyte fangsten, ein nydelig fisk på 43cm og 900g.
Vi prøvde ein gong til på samme måten, og når vi kom ut på neset så
hoppa ei på andre sida, men vi kjende ikkje noko meir. |
|