|
|
1990
23.05 |
Ej og Andrè var i Sædalen og prøvde sluken.
Fint tidlig på dag, men skya over og vart yr etter 3 veker med tørke. Vi
tok laust 13.30 og starta med å fiske i Sædalsvatnet uten at nokon fikk
fisk. Gikk så fram i Rausandvatnet å fiska ein time, vi hadde mange
mindre fiskar etter, men vi fikk dei ikkje til å ta. På veien tilbake
gikk vi Blåsveden, vatnet var tappa heilt ned på inntaket for å støype
eit inntakstårn. I forbindelse med dette hadde det danna seg eit lite
vatn, Spikervatnet, like nedanfor Spikerhytta. Her kasta eg sluken uti
og drog raskt 2 fiskar som hadde blitt stengt inne, den eine var 31cm og
300g, mens den andre var 33cm og 330g. Klokka var no 1900 så vi tok
kveld.
Under sees ein del bilder av vatnet, tatt i dette tidsrommet, slik
det var når det var nedtappa.
|
08.08 |
Ej og Vidar var i Sædalen å fiska i elva vi
starta seint så vi fiska kun mellom 21 og 22.30. Vatnet var fortsatt
nedtappa 35m så elva var veldig lang.. Det var mørkt og tungt, men stort
sett opplett. Vi fiska med makk å dupp. Såg ein fisk hoppe nedanfor
Kalvegjerdevatnet, men her var vanskelig å fiske då hølane ikkje hadde
sett seg, det var tross alt første gong elva rant. Foran vatnet var
fisken litt meir bitevillig, og her fikk eg 3 fiskar, 32cm 340g, 33cm
365g og 35cm 400g. |
13-14.08 |
Ej, Vidar og Andrè overnatta framanpå
Sædalsvatnet, vi tok laust i 20-tida, veret var mørkt og tungt med
enkelte regnbyger, ellers varmt og fint 12-17°C. Vi satte garn i
Kalvegjerdevatnet når vi kom fram, etter det fiska Andrè og Vidar med
sluk, medan ej prøvde makken i elva. Vidar fikk ei på 27cm og 200g på
sluk. Garnet drog vi klokka 01.00, då hadde det gått i 5 fiska mellom
26-33cm, 210-340g. Utpå natta holdt ikkje karane ut lenger, då frøs dei
og alt var galt, så då måtte vi pakke sammen å traske oss ned igjen, vi
tok laust 04.30 og var komne til gards igjen 05.15.. |
01.10 |
Som vanleg vart sesongen avslutta med ein
tur i elva foran Sædalsvatnet, eg var aleine og fiska med makk. Fiska
opp ifrå det nedtappa vatnet og til fossen utan å få fisk, prøvde så i
lisjeelva rundt fossen og fikk her 3 fine fisker. Fiska så hovedløpet
ned til fossen og fikk 3 fine til. No måtte eg gå for å kome meg bort på
veien igjen før det vart for mørkt. Gikk heilt ned igjen så det var
heilt mørkt når ej kom ned igjen. Fiskane var mellom 26-35cm og
180-430g, det var litt seint og fisken hadde stått lenge i elva, slik at
fisken var goplete. |
|