STARTSIDE
FISKEDAGBOK
 

1989

01.06

På åpninga var Pappa i Ørsta, men alt han fikk var 2 skrinne og svarte Regnbueaura, på 200g 27cm og 840g 44cm. Då fikk vi finere fisk ej, Petter og Tore som var på Rausandvatnet på kvelden. Petter fikk 2 flotte på ca.30cm i Sædalsvatnet på vei fram, mens Tore fikk 1stk og Petter 6stk i Rausandsvatnet. Størrelsen låg mellom 20 og 27cm. Været var skya og lett.

05.06

Ej og Petter var på Kjerringvatnet, vi gjekk opp på ettermiddagen i tjukk skodde. Vi satte ut garn, men Petter greidde ikkje vente meir enn knappe 4t før vi drog dei, men vi fikk likevel 3 fisker. Neste seta stod over natta, og også no fikk vi 3stk. På morgenen fikk Petter 2stk på oter, det var mykje fisk etter, men dei tok ikkje skikkelig. Fiskane var 15-25cm, skrinne og heilt grå i kjøttet. Mens vi var på fjellet var pappa og Dag i Sædalen, dei fikk kva si krede på sluken, pappa si var 325g og 31cm lang.
09.06 Ørsta     Ose Ej og pappa var i Ørsta, pappa fikk 4 fisker på 210g 28cm, 1100g 48cm, 1000g 50cm og 1510g 57cm. Ej fikk ein fisk på 1150g 51cm.

12.06

Ej og Vidar var i Sædalen med oter, starta seint og fiska utover natta, været var fint og lyst. Vidar fekk ei krede på ca.30cm, mens ej fikk to kreder på 260g 27cm og 360g 32cm.

20.06

Ej, Vidar og Frank var i Sædalen, litt vind, men ellers fint vær. Ej fikk ei krede på 420g og 34cm.
??.06 Ørsta     Ose Ein gong i siste halvdel av juni var ej og Pappa i Ørsta, ikkje har ej datoen og heller ikkje har ej skrive mange ord, men fisk vart det, i alle fall på pappa som fiska Melsgjerde. Han fikk 3 fiskar på 1100g 51cm, 1600g 55cm og 2725g 69cm. Ej som var på Ose lunnja dessverre.
??.06 Ørsta    Ose Enno ein gong i siste halvdel av juni var ej og Pappa i Ørsta Ej fikk ein liten pjakk på 810g og 49cm, mens Pappa fikk 2 flotte pjakka på 1390g 54cm og 1860g 58cm.

??.06

Samme dag som over var ej og Tore på kveldstur på Skogevatnet med oter. Vi gikk framover på sørsida, nesten fram i enden før vi snudde. Like etter snuen beit ei lita ei på, når vi holdt på å ta inn så beit ei stor krede heilt oppunder land. Kreda var heilt mørk, litt slank og virka gammal. Vekta visste 480g, lengda 37cm.
27.06 Ørsta    Ose  Nok ein gong var ej og Pappa i Ørsta. Det var heilt dødt når vi kom inn, vi gikk ei runde for å sjå, men alt vi såg var ein pjakk ved pumpestasjonen. Vi kjøpte likevel kort, men timane gikk og ingen fikk fisk, men på slutten gikk ej ned for å fiske utanfor pumpestasjonen ved parkeringa når fjøra no var nede og det hadde blitt god straum her. Nesten med ein gong beit det, og eg kjørte fisken ei god stund før nokre karer som stod på parkeringen oppdaga det. Desse fikk ordna med ein klepp og hjalp meg lande fisken, ein fin pjakk på 1430g og 55cm. Pappa lunnja.
06.07 07.07 Ørsta Ose  18-06 Igjen var ej og Pappa i Ørsta, pappa var hevngjerrig etter forrige ukes tur då ej slo han og han fikk skikkelig hevn. I løpet av 12t vart det tatt 6 fiska, og pappa fikk 4 av dei. 2 av desse på 5 minutt akkurat ovanpå brekket på det mørkaste. Han fikk ein aure på 1200g 49cm på det mørkaste, ellers var det 3 fine pjakker på 1400g 53cm, 1575g 56cm og 1775g 60cm.
14.07 15.07  18-24 00-12 18-24 Ej, Tore og Bjørn var i Ørsta og fiska. Vi prøvde fleire soner, men fisken var ikkje spesielt bitevillig. Men Bjørn greidde å nygge seg ein pjakk i Storehølen ved Høgebru, mens ej fikk meg ein liten aure på Ose på 450g og 33cm.

02.09

Ej og Tore var i Sædalen for å prøve makken i elva. Men vi måtte nesten fram til Rausandvatnet før vi fant fisk. Her framme fikk vi 7stk. på ca 25-30cm.

Kanalen .

.     29.09

30.09

02.10

04.10

 

 

 

    .    05.10

09.10

.      13.10

 

 

 

 

20.10

Dette er historien om eit laksefiske litt utenom det vanlige, sjølv om vi snakkar oppdrettere.

Eg og Tore såg 3 fiska i kanalen. Herav 1 stor.

Eg og Tore såg 4 fiska i kanalen. Herav 1 stor.

Tore såg 4 fiska, og mens han stod der kom 2 til fram.

Tore var ned å fiska, og fikk ein laks på ca 1kg heilt framme. Han fiska med makk, men fikk den på reke.

Seinare på dag stoppa Georg verket. Thor-Kåre og Roy hadde satt garn heilt nede og stoppa på den måten ein fisk på ca 1kg. Vidar og Roy gjekk inn i kanalen med håv, og greidde håve 2 fiska, ein på 4kg og ein på 2kg. Dei såg også ein diger laks.

Tore og Vidar var inn i tunnelen og håva ein fisk på 2kg.

Arne-Johan og Harald drog eit kredegarn som hadde stått over natta, dei fikk 7 fiskar.

Stian, Dag Arve og Harald sette garn kvelden før. Ej var ned i 8-tida, då stod det 4 fiska i garnet. Ej løyste 3, 2 forsvant framover, den siste låg på botnen og gapte, mens den siste bar eg ned i osen og slepte ut. Denne var 63cm og ca.3kg. Dei andre var 1-2kg.

Seinare på dag starta Georg verket igjen. Det vil seie at der med sikkerhet var 17 fiska, 13 vart fiska, 4 slapp unna.

Georg stoppa kraftverket igjen, og var sjølv inn med ein gong, men han såg ikkje fisk.

Ej og Tore var inn litt seinare, og vi såg ein fisk.

Klokka 19 sette vi ut eit hysegarn som vi drog kl.23. Då hadde det gått i 2 fiska, dei var 55-60cm og ca.2,5kg. Vi bar dei ned i sjøen og satte dei fri. Dei overlevde truleg for neste morgen såg vi ikkje noko av dei der vi slepte dei fri.

 

 

OPPSUMMERING 1989

Dette vart mitt første fiskerike år, og det året ej først oppdaga sjøauren, sjølv om ej ikkje fikk så mange av dei. Ej fikk heile 3 pjakka, og ein sjøaure i Ørsta. Fisket i Ørsta var veldig bra heilt ifrå åpninga 1.juni, og vi fikk veldig bra med fisk. Pappa likte dårlig at ej slo han eine turen, og tok ein grusom hevn på neste tur, 4-0.

Fisket på fjellet var bra, med spesielt fin fisk i Sædalsvatnet.

Kuriositeter var det sjølvsagt også dette året, den store svarte i Skogevatnet, og sjølvsagt oppdrettseventyret i kanalen.

 

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

06.07.2010