|
1988 Saknet etter ein plass å dokumentere gode fangster melde seg vinteren 1988-89 og førte til loggen. Hadde eit par flotte fangstar i 1988 som vart lagt inn som starten på loggen, desse er lagt inn i sin originale form, dette for å dokumentere starten slik den var i 1988.
Trur ikkje mine evolusjonsideer vil ha stor gjennomslagskraft i forskningsmiljø, men så vil eg ikkje sei at eg står for dei i dag heller då. Laksane det her er snakk om er sjølvsagt oppdrettslaksar, den tidlegare laksestamma i desse vassdraga er for lengst utdødd. Sjøauren har det brukbart i Jenselva, mens det i Storelva er litt vanskeligare forhold for fisken. Den første fangsten i loggboka vart også festa på film, og seinare lagt inn i boka for bilder.
|
||||||
Til Toppen |
|