STARTSIDE
SONER
FISKEKORT
FISKEN
VATNET
HISTORIE
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

STRYNELVA

Strynelva starter i dei flotte innsjøene Strynsvatnet og Nedrefloen. Elva har størsteparten av nedslagsfeltet sitt i fremre del av vatna, samt at deler av Jostedalsbreen drenerer ned i vassdraget. Dette gjer at vatnet i Strynelva er brefarget, sjølvsagt avhengig av graden av avrenning ifrå breen.

Elva har ei lengde på ca. 10 km ifrå Nedrefloen og til Nordfjorden. I vannføring er Strynelva blant dei mellomstore lakseelvane våre, med ei sommervannføring på 30-100 kubikk. Strynelva er ei breelv, men det store Strynevatnet gjer at elva ikkje er kald som andre breelver. Strynelva er kjend som ei storlakselv frå gammal tid av. Nedrefloen ligg på 29 meter over havet og elva har to hastigheter, rask oppe og flat med rolige partier nederst. Elva har mange skikkelege hølar, også der fallet er stort, men dei fleste er menneskeskapte.

Elva har ifrå gamalt av vore kjend for å bære stor laks, det vart tidlegare nesten årleg tatt laks over 20kg, men som i dei fleste andre lakselvene våre så har storlaksen minka i storleik og i tal.

Elva ber også ei flott sjøaure-stamme, med mykje fisk på mellom 2 og 6 kg, samt ein og annen enda litt større. Men det er tross alt den mindre sjøauren som dominerer. Sjøauren i Strynelva er veldig rund og fin, og nesten alltid av prima kvalitet, ta med eit par like over minstemålet, salt dei godt før du hiv dei på grillen heilt ferske... NYDELEG!!

Elva er delt i mange soner ifrå Soget til sjøen og tilgangen til fiske på dei forskjellige sonene er veldig forskjellig. Kortsalet foregår på både G-sport og Sport1. Elles må du gå på grunneigarane for å få kjøpt kort på dei andre sonene, enkelte har av og til skilt oppe, men generelt er dei ganske vanskelege å finne. Enda verre vert det når grunneigarane ikkje bor lokalt.



Har du meir info som eg kan legge ut, eller er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail. Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar og vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

  Sida sist oppdatert

06.07.2010