Logo 6,5kg UNGKAR1.JPG (27408 bytes)
STARTSIDE
GUTTA
REKORDAR
BARNDOM
1980-talet
1990-talet
2000
2001
2002
2003
2004
2005
2006
2007
2008
2009
2010-talet
 

FISKEDAGBOK

Du vil kanskje meine at det er fangstdagbok som er det rette ordet, men eg har etter kvart kome til at det viktigaste ikkje er det å få den største eller flest mulig fiskar. Det har etter kvart vorte slik at det viktigaste er å kome seg ut i frisk luft, noko ein fort lærer å sette pris på når ein sit inne på kontoret heile året.

Nr1 2000.JPG (42408 bytes)

Ja, men her er då masse bilder av fisk vil du kanskje sei, ja det er her, grunnen til det er at eg ikkje er spesielt flink til å leite fram kameratet utan at det er ei anledning. Eg har det ofte med, men det vert alt for sjeldan tatt fram, eg satsar på å verte meir aktiv no når digitalt kamera er innkjøpt.

Som du vil forstå etter kvart som du blar i denne boka så vil du oppdage at eg har ført dagbok i veldig mange år. Ej veit ikkje kor gammel ej var når ej starta å skrive ned litt om fangstane mine, men ej veit at ej hadde laga meg eit kart over Jenselva i Gjerdsvika, som hang på veggen på rommet mitt, der ej merka av alle større fiskar og tagga dei med nummer, som svarte til ei liste med meir detaljar. Dessverre trur ej denne tegninga og lista har blitt kasta, men det viser at ej allereie i ung alder hadde sansen for å dokumentere mine fangster.

Men i 1988 starta ej føringa av logg, først med fangstdagbok der dei gode turane med god fangst vart nedtegna, og snart utvikla dette seg vidare til alle turar, etterkvart etterfylgt av vitenskaplige rapportar som tok alt for lang tid. Etter kvart vart bilder ein del av det å dokumentere turen, lenge var dette to seperate loggar, som sakte gikk meir og meir over i den forma som internett-versjonen for 2003-04 viser.

Åra 1998 til 2001 var ej litt slaskete med skrivinga, og derfor er ikkje analene fullstendige desse åra, men eg har fått gjenskapt ein del ifrå lister, bilder, minner og nokre rapporter.

. Håpar du finn historiene interessante, og kanskje kan du lære eit og anna knep også. Eg har også stilt ein del spørsmål og satt fram ein del påstandar opp igjennom åra, eg vil ikkje garantere at dette er mitt standpunkt i dag, men det er nyttig å samle på som ein dokumentasjon på ein fiskars utvikling. Men om du finn det verdt å ville diskutere nokre av desse spørsmåla eller påstandane, så send meg ein e-mail.

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

27.03.2016