STARTSIDE
SONER
FISKEKORT
FISKEN
VATNET
HISTORIE
CAMPING
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

EIDSELVA

Eidselva starter i den djupaste innsjøen Nord-Europa, Hornindalsvatnet 514 meter djup. Elva har størsteparten av nedslagsfeltet sitt i fremre del av vatnet og på begge sider av Hornindalen. Dette saman med storleiken på Hornindalsvatnet gjer at vatnet i Eidselva vert krystallklart, også på tidleg vårelv. Det einaste som kan setje farge på elva er om dei mindre bekkane, som går rett i elva, veks opp som følgje av regn. Elva hadde tidlegare eit gråskjær når den gikk stor, på grunn av utvasking av leire, men elva er i dag førebygd i så og seie alle svinger, slik at aukande vannstand er det einaste som gir den farge.

Elva har ei lengde på ca. 10 km ifrå Hornindalsvatnet og til Eidsfjorden, ei grein av Nordfjorden. I vannføring er Eidselva blant dei mellomstore lakseelvane våre, og er kjend som ei storlakselv frå gammal tid av. Hornindalsvatnet ligg på 52 meter over havet og elva har stort sett jamt fall utan rolige partier. Elva har veldig få skikkelege hølar som er typiske i dei store elvane som Gaula og Orkla, til det er fallet for stort, slik at hastigheta vert for stor og hølane for korte. Det er to namn i elva som inneheld foss, der berre den eine under tvil kan kallast foss.

Elva har ifrå gamalt av vore kjend for å bære stor laks, det vart tidlegare nesten årleg tatt laks oppunder 20kg, men som i dei fleste andre lakselvene våre så har storlaksen minka i storleik og i tal, slik at for heile 90-talet vart berre nokre få fiskar over 15kg tatt, men i 2002 vart det atter tatt fisk på over 20kg.

Elva ber også ei flott sjøaure-stamme, med mykje fisk på mellom 3 og 6 kg, samt ein og annen enda litt større. Men det er tross alt den mindre sjøauren som dominerer. Sjøauren i Eidselva er veldig rund og fin, og nesten alltid av prima kvalitet, ta med eit par like over minstemålet, salt dei godt (fersk feit fisk krever mykje salt) før du hiv dei på grillen heilt ferske... NYDELEG!! Denne var litt stor for grillen, den er 3,5kg tatt av Inge på Moen i 2002.

Elva er delt i 23 soner ned til osen og tilgangen til fiske på dei forskjellige sonene er veldig forskjellig. Kortsalet på mange soner vert handtert av Eid Sportsfiskarlag, dei kjøper opp soner og sel kort. Kort på Nor kan kjøpast på Nesjartun Camping. Elles må du gå på grunneigarane for å få kjøpt kort på dei andre sonene, enkelte har av og til skilt oppe, men generelt er dei ganske vanskelege å finne. Enda verre vert det når grunneigarane ikkje bor lokalt.




Har du meir info som eg kan legge ut, eller er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail. Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar og vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.


Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

  Sida sist oppdatert

15.05.2011