STARTSIDE
OPP
NOR
FISKE FORBODE
BALTZAR
FOSSEN
MOEN
KVIEN
HJELLE
NORNES
BJØRLO
HILDENES
ALSAKER
SOLBAKKEN
LANGELAND
ØVRE ROTI
STOKKENES
ROTI
ROTIHAUG
SKIPENES
KARLSEN
STATEN
ØVRE OS
NEDRE OS
SLAKTERIET

 

SONER

Sonene er lista ovanifrå etter nedre grense på sona, (B) betyr begge sider, (S) betyr sørsida, (N) betyr nordsida, klikk på nummera på bildet for linker til detaljerte sider. Inne på dei sidene eg har fiska mykje, finn du enno meir detaljert kart som beskriver sona høl for høl. Desse beskriv også litt nærmare type reiskap hølane er best fiska med, kva type fisk du kan rekne med i dei forskjellige hølane, pluss litt diverse nyttig info.

1) Nor (B)

Sona er kjent for sitt gode fiske etter brunaure, men denne stamma har minka vekk i dei siste åra. Elles er det laks >3kg og sjøaure som vert tatt, det vert nesten kvart år tatt store sjøaurar her, men dette er ikkje den typiske sona om du skal fiske etter anadrome fiskar.

2) Fiske forbode (B) 

Dette er forbodsona i forbindelse med fossen, den omfatter halve dammen og hølen under.

3) Baltzar (N) 

Dette er ei 50m lang sone, som i hovedtrekk består av eit stryk. Ingen klare fiskeplasser, utruleg at det kan selges kort på noko slikt. Sluksone, kanskje også makk, storlaks og sjøaure.

4) Fossen (S)

Kun øvste hølen i elva, dorging bakpå hølen er populært, flott fluebrekk, her får du i hovedsak storlaks og sjøaure.

5) Moen (N)

Ryddig sone, det er ikkje rydda reint som andre soner, men det står igjen tre der dei ikkje er i vegen, men likevel skjermer elva godt. Her får du laks >3kg og sjøaure.

6) Kvien (S)

Flott fluesone, men også mykje fiska med makk og sluk, deler vart rydda i 2005-sesongen. Her får du laks >3kg og sjøaure.

7) Hjelle (N)

Sona som dekker flest storlakshøler, blant dei betre rydda, sona er lang og dermed variert, alle kan finne sin høl her, privat, laks og sjøaure.

8) Nornes (S)

Verkar vanskeleg, bratt ned til elva i store deler av sona, men fine hølar i begge endene av sona  (Hammarhølen (kun bakre del) og Bjørkehølen), flue er vanskeleg, privat og leies ut med hytte på sona, laks og sjøaure.

 

9) Bjørlo (B)

Lengste sona, veldig variert garantert minst ein høl som passar alle, sett på som ei storlakssone, ganske dårleg rydda, men deler av sona er rydda før 2006-sesongen, sona med mest villmarkspreg,  laks og sjøaure.

10) Hildenes (N)

Smålakssona på lita elv, men også nokre bra laksehølar, det er først og fremst ei makkesone, men eit par-tre fine flugehølar også, kunne vore betre rydda, laks og sjøaure.

11) Alsaker (N)

Fremste sona med store mengder grus, fin for alle typar vegn, ein del feil rydding av skog, laks og sjøaure.

12) Solbakken (S)

Flott fluesone, er bra rydda, privat, leigast ut på ukebasis sammen med hus, laks og sjøaure.

13) Langeland (N)

Her på sona er den kjente Vereidehølen, akkurat over første harde stryket fisken må gå i elva, ofte beitande dyr på sona så pass på utstyret ditt, kunne vert rydda betre rydda. Her kan du få både laks og sjøaure.

14) Øvre Roti (S)

Sona har mange fine plasser, lur plass i lysninga, bra flugesone, men også makk og sluk. Deler av sona kunne vore betre rydda, sona er privat og du kan få både laks og sjøaure her.

15) Stokkenes (N)

Her kan du kombinere golf og laksefiske, sona er rydda før 2006-sesongen, ein del grusbankar, bra sjøauresone, men også ein del laks, stort sett under 10kg, bra med alle typar vegn der du kjem til, laks og sjøaure.

16) Roti (S)

Flott fluesone, her vert tatt ein del stor aure. Ein del feil rydding, sona er privat, og her kan du få både laks og sjøaure.

17) Rotihaug (S)

Kort sone på kun 40m, ein høl, sona er privat, og her kan du få både laks og sjøaure.

18) Skipenes (S)

Slått sammen med tidlegare Åbrekk. Nedre halvdel påverka av floa, utmerket fluesone, spesielt bra på stor elv, kanskje litt for snauhogd, men det er planta ein del tre der dei ikkje vil vere i veien så det vert betre, privat, laks og sjøaure

19) Karlsen (N)

Privat sone, berre 15m lang, men dekker utløpet av Myrahølen, lur plass, fisket på nedre del av sona vert ikkje utleigd, laks og sjøaure.

20) Staten (N)

Heile sona påverka av floa, klart best på stor elv, krever ein del vading for effektivt fiske, brukbar fluesone viss du vader, sona er rydda foran 2006-sesongen, laks og sjøaure.

21) Øvre Os (S)

Påverka av floa nesten halve døgnet, god auresone, privat, laks og sjøaure.

22) Nedre Os (S)

Påverka av floa nesten heile døgnet, god auresone, privat, laks og sjøaure.

23) Slakteriet (S)

Påverka av floa nesten heile døgnet, god auresone, privat, laks og sjøaure.

 


Har du meir info som eg kan legge ut, eller er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail. Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar og vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.


Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert:

15.05.2011