STARTSIDE
 

FISKEN I EIDSELVA

Eidselva er kjend for sine store laksar, korte, djupe og breie over ryggen. Historisk har det vore landa mange svære laksar i Eidselva, spesielt før når fisket starta tidligare enn i dag, når oftast dei store har stått på elva så lenge at dei ikkje bit når sesongen startar. Har prøvd å liste opp nokre av dei store fiskane i artikkelen nedanfor.

 Petterlaksen.JPG (37677 bytes)

Over: Petter Gjerde sin laks tatt 26.mai 1996, ein nydeleg sidbuka fisk på 11,2kg. Dette er ein av dei aller siste laksane landa i Mai i Eidselva.

Eidselva har også ei imponerande storaurestamme som kvart år produserer storaurar på over 6kg. Auren i Eidselva var kjent for å ha ein nydeleg utsjånad, nesten alltid skikkeleg raud i kjøttet og smaken heilt fortreffeleg. Men siste åra har lakselusa herja stygt med bestanden, og dei som klarer seg får sterkt forkorta opphold i sjøen og kjem tilbake tynne og fulle av lus og sår. Enkelte år har det vore massiv tilbakevandring allereie i mai saman med den store laksen.

Ingeauren.JPG (37486 bytes)

Over: Ein aure ifrå Eidselva slik vi huskar dei frå før lakselusa sine herjingar vart for store. Dette er ein aure på 3,5kg tatt i 2002.

 

Den mest kjendte storlaksen i Eidselva er utan tvil denne som Martin Hjelle fikk 22.mai 1944 i Hammarhølen på Hjelle.
Fisken tok på makk i kaldt vær og slettekave. Han brukte ofte bambus, og nærast drog laksen på land (med 0.90-snøre). Men denne gangen brukte han ei stang han hadde laga sjølv. Ho var åttekanta og samanlimt av splitta tonkinrør, 12 fot lang. Snella var ei multiplikatorsnelle av merket Sumko. Han visste at laksen stod i Hammarhølen, og difor hadde han kjøpt ei ekstra sterk line hos Jo-Knut like før. Fortaumen var pianostreng. Han sa sjølv at han aldri hadde fiska med sterkare vegn enn han hadde denne dagen. Kroken var stor, 2 tommar lang, og med ein tommes avstand mellom spissen og skaftet. Og kleppen hadde han laga av "tyskarstreng", streng som tyskarane hadde lagt frå seg her. Det er ein underleg trang klepp. Men han fungerte tydelegvis godt, og  klepparen Knut A. Hjelle fekk heile 10 kr for kleppinga. For "vanlege" laksar fekk han berre halvparten. Fisken vart seld for 210 kroner, som sikkert var bra med pengar under krigen.

Laksen vog 27,6 kilo, og er den største kjende ho-laksen i verden, i alle fall av Nordatlantisk laks. Fiskeforskar kom frå Oslo og tok prøvar, ”vitale mål” og vekt av laksen. Ho-laksen var i sitt 7-ande år, og var komen på elva for 3. gang for å gyta. Lengde var 129 cm. og den var 80 cm. rundt ”midjen”.

14.mai 1964 tok Eivind Fossheim Jr. ein laks på 20,5kg på Storauren.

Den 2. mai 1985 tok Martin Frislid ein laks på 25 kilo ved brua på Skibenes.

Anfinn Bjørlo fekk den 10. juni 1987 ein laks på 21 kilo i Brushølen på Alsaker.

1. juni 2002 fanga Jofred Eimhjellen ein laks på 22 kilo i Moahølen på Moen med sluk.

Siste åra har det ikkje vore tatt laks over 20kg, til tross for at det kvart år vert observert mange på både 20kg og meir som går fram. Men årets største siste åra har stort sett ikkje vore langt unna 20-kilosgrensa.


Jan Asle Rustøen fra Sandane tok i 6-tida om morgenen den 9.juni 2005 en laks på 17 kilo på Stokkenes i Eidselva. 
Han fikk øye på laksen i Åbrekkhølen og fisket bevisst etter den inntil den beit på, og etter tre kvarters kjøring kunne han lempe den på land med bare hendene. 
Laksen veide temmelig nøyaktig 17 kilo, var 116 cm lang og 64 cm rundt buken. Det er ikke tatt større laks siden 2002, da Jofred Eimhjellen fikk sin storlaks på 22 kilo.

 

 

 

 

 

 

Inge Arthur Refsnes fiska 25.juni 2013 på Alsaker og hadde allereie denne dagen fått 3 laksar på 6kg(C&R), 6,6kg og 6,5kg, men når det begynte å mørkne så pakka han sammen like etter midnatt. Han hadde stengrene opp i bilen, men måtte prøve Fossekanten når han henta ei stang som han hadde ståande der. Første kastet var det fisk og han slo til. Fisken kom oppi med ryggen og Inge anslo den til 6-7kg. Fisken stod litt nede i djupet før den begynte å sige framover imot Fåhølen. Inge kjente at den kanskje var litt større, kanskje 9-10kg. Etter ei stund i Fåhølen seig fisken vidare fram om Fåhølen, der den stod ei stund. Etter kvart seig den ned i Fåhølen igjen. Her gjorde den 3 skikkelige utras som tok litt luven av den, og etterkvart kom den sigande nedover til Fossekanten igjen. Inge ville svinge den inn på bakevja, men den seig bak imot kanten og Inge måtte slippe den over. Han slakka bremsa og stod å venta til fisken var komen med til hølen ved bua før han sakte lunka ned etter. Her nede stod fisken i straumkanten og Inge prøvde svinge den innpå 2 ganger, men han prøvde litt langt framme så fisken kom inn i straumen under brua og fikk styring ut igjen. Så Inge gikk eit par meter nedover og på andre forsøket då fikk han svinga fisken inn på grusen. Her fikk han slått den ihjel og skulle til å bære den opp i bilen, men når han løfta den så fikk han ikkje sporden opp ifrå bakken. Vekta stoppa ikkje før på 18,3kg, og lengda var 120cm.

 




 

 




Har du meir info som eg kan legge ut, eller er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail. Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar og vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.


Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

28.03.2016