STARTSIDE
 

CAMPINGLIV

Inge med oppdretter 10,5kg.JPG (19468 bytes)Første åra vi fiska i Eidselva bodde vi i telt, men etter kvart vart det til at Petter kjøpte seg campingvogn. Denne vart plassert i eplehagen på Stokkenes, og seinare flytta opp på Nesjartun Camping. Her stod vi fleire år nede på kanten ved vegen, før vi flytta oppover til nest øvste platået. Her vart det etter kvart som skogen hos naboen kom opp litt mørkt og fuktig, så når vi til sesongen 2002 kjøpte ny vogn så fikk vi flytte ned eit nivå, rett bak kiosken.

Gamlevogna var frå første del av 70-talet så alt innendørs gikk i orange og brunt. Etter ei natt i elva vaknar du opp, det er 50°C, alt er orange på grunn av strålande sol og orange gardiner, då var det rett før du begynte å kike etter han med horna. Vi hadde i tillegg fortelt, dette var litt nyare, men ikkje nyare enn at det gikk i brunt og grønt med storblomstra orange gardiner. På grunn av lengda og det at forteltet var berre 2 meter breidt, gjorde at det var forholdsvis trangt. Etter at vi flytta opp ifrå vegen bygde vi platting i forteltet samt foran, noko som gjorde det ganske komfortabelt, men det vart ikkje så veldig god plass når vi var fleire enn to på ein gong. Til slutt var vogna oppbrukt og den vart derfor bytta ut, og det viste seg å ikkje vere ein dag for tidleg. For vogna var opprotna, den lakk ganske mykje når det låg snø på taket, og teltet vart etter kvart noko matt og lakk til slutt slik at det ikkje hjalp å impregnere det.

 

NY VOGN

Nyevogna ferdig.JPG (17502 bytes)     Nye forteltet.JPG (17682 bytes)

Den nye vogna, ei Adria ifrå sist på 80-talet, er halvannan meter lenger og ein del breiare, slik at her vert det mykje betre plass. I tillegg vert sjølvsagt også forteltet mykje større på grunn av lengda, men også på grunn av større breidde. Dette forteltet er også mykje tettare enn det gamle noko som gjer at det går ann å sitte her også om det kjem ned imot 0°C på utsida. Til oppvarming bruker vi ein 2kW vifteovn og ei oljekamin. I tillegg har vi fasiliteter som frysar, elektrisk grill, kokeplate og kaffitrakter, dette gjer at her lid vi ingen nød.

 

CAMPING SPLITT

    

Før 2010-sesongen skilte eg lag og kjøpte egen vogn. Det nye flaggskipet, ei Hobby 720 vart plassert oppe på nest øverste platået, men i andre enden ifrå der den første stod. Sia det berre er meg og Ly no så har vi ikkje rigga oss til med noko ute i teltet, men bruker kjøkken og alle fasiliteter inne i vogna. Men sjølvsagt er forteltet laga til med skiferbelegg, stoler bord og varme ifrå to hengende ovner, samt ei 2kw vifte. Forteltet er no 3m breidt, så 25m² med fortelt gir kjempegod plass.



Har du meir info som eg kan legge ut, eller er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail. Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar og vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.


Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

15.05.2011